Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 20. februar 2002, nr. 5 - 57. årgang

Lærarmobbing

Nei og nei. No har det skjedd igjen, melder BT. Ei heil klasse har blitt kollektivt mobba av læraren sin. Foreldra har teke affære, og stemna læraren inn for retten. I rettsreferatet les vi at han hadde kalla heile klassa for tullingar eller idiotar eller noko i den duren.
Stakkars, stakkars born. Dei kjem nok til å gå gjennom livet som vrak, og fylle opp mentalinstitusjonane våre. Prøv å sjå situasjonen for deg. Du er tysklærar for ein gjeng ufordragelege, kvisete fjortisar med halve ræva hengande ute. Damene på vindusrekka fekk vikaren til å byrje å grine i førre time, og ein Einstein bakerst gliser deg så frekt opp i trynet at du umiddelbart får lyst til å slå han. To månadar i strekk har du prøvd å lære dei forskjellen på dativ og akkusativ, men utan merkbar effekt. Er det rart at fyren vart frustrert? Han var vel like frustrert som min gamle tysklærar var, då han i fortvilelse utbraut: «Saude! E dokke mindre begava folkens?!» Nokon av oss såg ned, nokon gliste, men var det nokon som følte seg mobba? Neppe.
Eg ser det heile klarare no. Utbruddet hans var fullstendig berettiga. Men prøver du å forklare noko slikt til foreldra, er eg redd du kjem til kort. Dei er alt for opptekne med å finne nye måtar å overbevise seg sjølve om at det er alle andre enn deira eiga skuld, at ungane ber preg av omsorgssvikt. Men slik er det ikkje.

Grunde Grimstad
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
20.02.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18