I visse situasjonar er slik skodde meir interessant
enn i andre, som når du skal ned offpisten på Slettafjellet.
Snøen er djup og tung, du ser ikkje meir enn tre meter framfor
deg, og skiene dine kjennes som to siamesiske tvillingar
som plutseleg har fått den nødvendige operasjonen og no
fører kvart sitt liv.
Ut av skodda
Men som sagt, du kjem ut att. Frå null sikt får du plutseleg
ein visjon, du ser sola skine nede i dalen, og sjølv om
det regnar stille i fjellet kjem optimismen sigande, det
kan bli sol i dag. Med optimismen kjem farten og med farten
kjem musikken i hovudet.
Bakken med Britney
Kor godt du står på ski er litt øving, meir mot og mest
rytme. Ein sang som verkeleg går deg på nervene på ein middels
dårleg uteplass i Bergen kan fungere delvis når du susar
ned bratte bakkar - hit me - sving til venstre - baby -
sving til høgre - one more time - du går på trynet og bestemmer
deg for ein anna sang neste gong.