Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 8. mai 2002, nr. 14 - 57. årgang

Feitt, salt og sunt

Speilsalen på Kvarteret lukta kvitlauk og nysteikt pitabrød då Erik Halvorsen, matskribent i BT, kom for å gi studentane gode matlagingsråd.

PITA TIL ALLE. Assistentane til Erik Halvorsen er travelt opptekne med å steike pita til eit stort publikum.

Miljøgruppa ved UiB arrangerte matkveld, der temaet var billig, spanande studentmat, og hadde gitt matskribent Erik Halvorsen litt pengar, frie hender og fritt talerom. Å kunne snappe opp gode og enkle mattips på denne måten er tydeligvis etterlengta hjå studentar, sidan speilsalen var heilt fullsett av nysgjerrige. Dessutan var det berre eit par av publikum som rakk opp handa då det blei spurt om kven som var flink til å lage mat.

Få, men gode reiskap
Ifølge Halvorsen er det smart å ikkje ha for mykje utstyr på kjøkkenet. Det blir det berre mykje oppvask av.
– Utanom det ordinære kjøkkenutstyret er det berre tre viktige reiskap ein treng for å få kunne lage god mat. Første bod er å ha ein skikkeleg god kniv som lenge held seg skarp. Ein slik kniv er litt dyr, men svært viktig å ha for at det skal vere lettvint og gøy å lage mat. Dernest trengst ein mortar for å hakke til dømes ferske krydderfrø med. Det tredje viktige reiskapet er ein rasp. Ein bør ha få ting, og dei rette tinga, meiner Halvorsen.

 
HUMMUS. Dip med kikerter, sitronsaft, koriander, kvitlauk og paprika blir fanga opp med nysteikt brød.
 
 
KRYDDERBRØD. Også rundstykke med anis vart servert med hummusen.

Rein, ufarleg mat
Også når det gjeld mat, sa Halvorsen at det er spesielt tre typar basisvarer som er viktige; uraffinert havsalt, uraffinert sukker og god, ekte olje.
– Middagsgjestar har spurt om kva eg har gjort for å få så god ris. Då har eg berre brukt uraffinert havsalt; det gjer underverk. Det vanlege bordsaltet skal du berre kaste, oppfordrar Halvorsen. Oljen ein steiker med skal helst ikkje vere framstilt av soyabønner eller mais, då dette er ting som opprinneleg berre inneheld ein prosent feitt. Resten av feittet i denne oljen er kunstig framstilt. Dessutan seier Halvorsen fy til margarin, som er gjort kunstige ting med for å få det gult. Han meiner at den beste steikeoljen er olivenolje som det står «for frying» på, samt sesam- og jordnøttolje.

Kast ferdigmalt krydder!
Krydder blei vidd særleg mykje merksemd. Det første rådet var å kjøpe det så ferskt som mogleg, og kaste alt krydder som er ferdigmalt. Det einaste unntaket frå regelen er kanel.
– Smaken forsvinn vesentleg raskare når krydderet er malt. Spesielt viktig er det at peparen er fersk. Det same gjeld bladpersille og koriander, råder matskribenten. Alt i eitt er det beste tipset hans å kjøpe så ekte, fersk og naturleg mat som mogleg, både med tanke på smak og giftinnhald. Han anbefaler å gå i store delikatessebutikkar og store internasjonale og asiatiske butikkar for å finne godsakene.

Tekst: Elisabeth Hægeland
Foto: Anne Brun
08.05.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18