Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 29. januar 2003, nr. 2 - 58. årgang

Erobrar tv-ruta

Studentane i Bergen har studentavis og studentradio. No er det tid for å erobre tv-ruta. 16. mars går Bergen Student TV (BSTV) på lufta.

Studentsjarm på skjermen. – Vi skal presentere eit magasinprogram med kultur i sentrum, seier fungerande ansvarleg redaktør for BSTV, Henrik Hylland Uhlving.

- Vi skal ha sendingar kvar søndag frå klokka 23.15 på frekvensen til TVHordaland. Programmet varar i 20 minutt, og skal freista å binde Høyden og Bergen tettare saman. Vi vendar oss til folk som er unge til sinns, ikkje berre studentar, forklarar fungerande ansvarleg redaktør Henrik Hylland Uhlving.

Kultur med studentsjarm
Det var først då Henrik fekk snusen i at det fantes nokre sjelar på Universitetet som ønska å få i gang student-tv, at det blei fortgang i planane.
– Eirik Olsnes hadde ideen, men han trong ein person som kunne jobbe på fulltid med prosjektet. Eg fekk godkjent siviltenesta i BSTV i januar, no jobbar eg på heiltid saman med eit styre av frivillige. Henrik trekk fram Stereo på NRK 2 som eit førebilete for den nye tv-kanalen, men understrekar at dei ikkje vil bli ein bleik kopi av eksisterande program.
– Kopiar fell fort igjennom. Vi skal utnytte det at vi er studentar, og gjere ting andre ikkje tør gjere. Vi skal bryte reglane samtidig som det skal vere proft. Det blir aktuelle kulturinnslag med ein rufsete studentsjarm. Vi skal satse på det vi kan best, og kjem mellom anna til å presentere eit nytt band kvar veke.

Studio på Landmark
Dei unge tv-makararne legg vekt på at det skal vere studentar i alle ledd. - Studiodesignen er gjort av ein kunsthøgskulestudent på møbeldesign. Ho har hovudfagsutstilling i februrar, og etter det skal vi få nytta hovudfagsoppgåva som studio. Vi treff Henrik på Landmark, studioet til BSTV. Opptaka gjerast medan kafégjestane skravlar i bakgrunnen. Programleiarane blir tilsette etter audition i desse dagar.

Suksess i Trondheim
Finansieringa av kanalen står mellom anna Kulturstyret for. BSTV har òg fått hjelp av Utdanning i Bergen, dessutan har dei eit nært samarbeid med Mediaverkstedet.
– Vi satsar på å ha sponsorplakatar før og etter sending for å få inn meir pengar, fortel Henrik, som har teke medievitskap, jobba med kortfilm og vore med i Bergen Filmklubb innan han blei engasjert i student-tv. Dei andre i styret er Thorleif Lindhave frå Immaturus, initiativtakar Eirik Olsnes, musikkjennaren Ole Martin Rognved og Gry Strømme som har utdanning i tv-fag frå England. Det har aldri vore student-tv i Bergen tidlegare, men i Trondheim har dei holdt på i ti år med stabile sjåartal.
– Dette blir eit pilotprosjekt, går det bra før sommaren skal vi halde fram med faste program utover hausten, forsikrar Henrik Hylland Uhlving.

Tekst: Marte Bjerke
Foto: Erik Reitan
29.01.03

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18