Sidan sist har vi observert at:
Det meldast enno ein gong at Studvestjournalistar
gjer seg ut for å vere på jobb når dei går på byen for
å drikke øl og sjå på topplause damer. Studentsamskipnaden
ynskjer å sjå inn i saka for å finne ut om dei kan vere
med neste gong slikt skjer.
Studvest melder i dette nummeret at ein statsråd
har gjeve lovnadar som ho seinare har brote. Redaksjonen
i Preikestolen greier ikkje heilt å sjå nyhendeverdien
i saka.
I førre nummer av Studvest vart det meldt at studentar
ved Historisk Institutt klaga over at dei stryk grunna
dårlege førelesingar. I dette høvet bad vi Institutt for
Bedrevitskap kome med ei fråsegn om dei dystre tala ved
HI. «[Dei late studentane ved HI] burde slutte å klage
og faktisk setje seg ned og lese pensum», seier representantar
frå instituttet.
Noregs toalettlektyrejuvel Under Dusken melder
at «[journalistane] i øl, fitte og hornmusikkmagasinet
Under Dusken på finurleg vis klarte å ralle rundt på byens
meir tvilsame establishments under dekke av å skrive sak
om brune pubar». Dusken sin dekkagent i Studvestredaksjonen
skal i ettertid ha vorten avdekka og torturert. Sikre
kjelder seier også at barten hans vart konfiskert.
I tillegg til Under Dusken-kopiering har Studvest
dette nummeret også vore på Bierstube. Anar vi eit mønster
her...? Og betyr dette at også Kvarteret no offisielt
er ein «brun pub»?
Vaktbikkja VG melder at «pene knær» og «pent smil»
ikkje er nok for NATO-jobb, seier admiral Einar Skogen
om forsvarsministeren. Vi forstår ikkje heilt kva for
ein forsvarsminister det vert sikta til.
Vi har fått nyss i at Grillen på Studentsenteret
den siste tida har hatt eit ulovleg bookmaker-miljø av
pensjonerte universitetstilsette. Store pengar vert omsett
når dei veddar på kva båsar på herretoalettet som kvar
dag klokka fire, har vorte stengde på grunn av smittefare
eller overdose. Det er også meldt om svært valdelege oppgjer
mellom deltakarar og bookmakerar, i samband med rykte
om bruk av stalltips frå reinhaldsavdelinga.
Klassekampen melder at Dagbladet ligg over 100
artiklar etter VG i dekking av «tennismiddelmådigheten
Anna Kornikova» sin bakende. Dette vert det no endeleg
gjort noko med. Dagbladet fekk høve til å trykke nærbilete
av tennistøyta si rumpe, med den treffande overskrifta
«Anna Kornikova sliter på alle fronter».
I dagens lesarbrev registrerer vi at Eirik Løkke
er misfornøgd med førre veke sin leiarartikkel som han
meiner er full av sutring. Løkke vil i staden framheve
den fortreffelege studieordninga vår. Dessutan at studentane,
inkludert dei på Jus, Medisin og NHH, jobbar alt for lite
og at studentar på ingen måte burde ha bil eller andre
ting som folk flest har råd til. Dette seier ein mann
som skriv under med Styremedlem NSU. Godt å vite at dei
tillitsvalde passar på.
Ukas tegneserie (Kristoffer Karlsen)