I eitt med tapetet

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
Ein studentprest eg kjenner fortalde meg ein gong ei historie
frå då han var student i Oslo. Han skulle møte ein kamerat
som gjekk på Blindern, og hadde litt tid til overs. I staden
for å sette seg ned og vente i kantina åleine, tenkte han
at han like godt kunne finne nokon å prate med. Så han gjekk
bort til ein student som sat åleine ved eit bord, og spurde
om det var greitt at han slo seg ned litt. Då byrja fyren
ved bordet å grine. Han fortalde at etter tre år på studiet
var det første gongen nokon hadde sett seg ned og prata med
han i kantina. Vanlegvis åt han matpakken sin i ein av båsane
på toalettet, fordi han ikkje orka å sitje åleine i kantina.
Etter at min venn vart studentprest har han oppdaga at dette
tilfellet på langt nær er eineståande. Akkurat denne episoden
skjedde på Blindern. Og det er kanskje grunn til å tru at
det er litt mindre einsamt i Bergen, som trass alt har eit
litt tettare og meir oversiktleg miljø. Likevel fortel studentane
si psykiske helseteneste her på universitetet, at talet på
studentar som søker hjelp hjå dei, stadig aukar. Det same
seier studentprestane. Og svært mange av studentane som tek
kontakt slit med einsemd.
Det er mykje som kan hindre nye studentar i å få kontakter
når dei flyttar til byen. Nokon har mindre gode evner til
å skaffe seg vener, nokon er redde for at dei ikkje skal passe
inn og mange tør ikkje ta kontakt med andre. Enkelte slit
med sosial angst og svært mange har rett og slett gjort dårlege
erfaringar tidlegare. Vi veit alle kva det går i, vi har alle
sett det. Det er ikkje vanskeleg å hamne utanfor det sosiale
miljøet på universitetet. Eg har sett det sjølv. Særleg vanskeleg
er det når ein ikkje har andre vener i byen. Då eg var fersk
student på ex.phil. skulle ein kome seg inn i rutinene, finne
ut av systemet på universitetet, overhalde alle fristane,
lære seg å studere på eiga hand, sørge for å skaffe seg kollokviegrupper
og skaffe seg ein ny sosial krins, både privat og på studiestaden.
Samstundes som ein nett hadde flytta heimanfrå for fyrste
gong, noko som kan vere traumatisk nok i seg sjølv.
Men no har det skjedd ein god del sidan eg gjekk på Mat.nat.
Den tida sleit fakultetet med ei ekstremt stor dropout-rate
av nye studentar, sjølv om behovet for utdanninga var stor.
For eit par år sidan tok leiinga konsekvensen av dette, og
la om til meir gruppebasert undervisning på lågare grader.
Det har gitt svært gode resultat både fagleg og sosialt. All
mulig honnør til Mat.nat for arbeidet. Lærdomen ein må trekke
av dette, er at når studentmassen på universitetet vert større
og større, er det store løysenet å sørge for meir obligatorisk
undervising og tettare personleg oppfølging av kvar enkelt
student. Det gjev alle studentane større grad av tilhøyrigheit
og mindre sjanse til å berre halde seg borte når ting buttar
imot. Det er utan tvil lettare å kome med i krinsen på eit
studium der ein har mindre kull eller klasseundervisning.
Likevel kan ikkje universitetet eller skulen fange opp alle
som fell utanfor. Det kan heller ikkje studentorganisasjonar,
studentprestar eller psykologtenester, sjølv om dei gjer mykje
bra. Vi er ikkje i den situasjonen at vi kan lene oss tilbake
og seie at systemet fangar opp dei som av ymse grunnar fell
utanfor. Veldig ofte kokar det ned til meg og deg, og det
vi gjer med det.
No er det ikkje slik at alle som sit åleine i kantina gjer
det fordi dei er einsame, og det er heller ikkje alle som
sit saman med nokon som har det heilt fint. Dersom du er ein
av dei som kjenner deg utanfor så er det ikkje noko nederlag
å ta kontakt for å prate med nokon. I regelen må du bestemme
deg for å gjere noko med det sjølv, før det skjer noko. Men
til den som er modig nok; det kan vere verd å setje seg ned
og prate med nokon som sit åleine. I beste fall kan det bli
veldig hyggeleg. Det verste som kan skje er at vedkomande
synest du driter deg ut. Men det overlever du.
29.01.03
|