Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 12. februar 2003, nr. 4 - 58. årgang

Sideregn

Av og til, ikkje så reint sjeldan faktisk, her i Bergen, regnar det vassrett. Det regnar direkte inn i øyra, utan mellomlanding. Dråpane kjem ikkje lenger frå himmelen, men frå Voss kanskje. Eller Sverige. Under slike absurde tilhøve går det ad undas med alle amatørmessig borne paraplyar. Når det regnar horisontalt er det berre proffane som meistrar denne høgverdige kunsten, så ufråvikeleg fundamentert i reaksjonsevne og koordinasjon. Dersom ein slett ikkje er nokon stor paraplyberar - eg kjenner fleire som ikkje er det - vert innretninga utan unnatak vrengd når det er sideregn, som om reisverket var laga av skjelettet til ein langføtting.

Sei at ein av desse litt middelmåtige paraplyberarane er på veg over Puddefjordsbroen til dømes, ein tidleg morgon med vassrett regn. Då skal ein ha takk. Puddefjordsbroen inneber høgareliggande strok, og om ein til alt overmål har berga seg turrskodd dit, så kan ein i alle fall vere sikker på at kastevindane brukar mindre enn tretti sekund på å vrenge det skjøre skjoldet ein ber til sitt spake forsvar. Flopp, seier det, og så står ein der med ut-inn paraply, medan regnet fyk rett inn i øyra, til stigbøyelen og hammaren og alt det der.

Det er lett å miste perspektiva, og synest at det ikkje er så greitt, då, dette livet. Det står ein gjerne der og synest, på toppen av Puddefjordsbroen. Utan jakke. Det verste av alt når ein står slik er likevel ikkje vinden som kjem frå alle kantar, full av regn. Det er syklistane. Dei fyk forbi med morgonfriske roser i kinna, forskriftsmessig kledde i HellyHansen-regnty, opplyste av ukritiske mengder refleks. Vasspruten står i overmodig og usolidarisk fontene frå bakhjula. Desse pompøse bakhjulsfontenene treff ikkje så reint sjeldan den som står utan jakke, med dei blafrande restane av ein vrengd paraply, på toppen av brua. Som om det er råd å verte våtare. Og då tenker den nedvatna personen kanskje, i si totale verjeløyse, at slikt sideregn er livsfarleg. Slikt sideregn er unormalt og livsfarleg; eit varsel om global oppvarming og nærståande kriser. Horisontalt regn er eit dommedagsteikn. Er ikkje det innlysande? Ein dag kjem slikt sideregn indirekte til å forårsake ei ulukke. Kanskje kjem ein til å køyre ein ut-inn paraply opp i nasen på ein syklist. Det er mogleg. Om dei ikkje passar seg.

Slik tenker ein av og til på toppen av Puddefjordsbroen når regnet ligg flatt. Til og med snille jenter tenker slik då. For ein er så utoleleg blaut. Naturlovene er oppheva. Regnet kjem frå sida.

12.02.03


tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18