Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 12. februar 2003, nr. 4 - 58. årgang

Kjærleik til bøker

- Korleis ser ei god bok ut? Vi har vore med på bokbindarkurs på Kunsthøgskolen i Bergen.

– Ei god bok? Bokklubben kom med ein heilt ny design på sekstitalet. Det var ei ganske slank bok, god å holde i, behageleg papir og gode typar. Alt dette er element som gjer ei bok tiltalande og lettare å lese. At denne designen har holdt seg heilt fram til i dag er jo eit kvalitetsstempel. Bøkene før dette var mykje tyngre og breiare. Arne Svendsen er ein mann i sin beste alder. Han har ein liten verkstad ute på Søreide der han bor. I den verkstaden lagar han bøker. Kvart år dreg han inn til byen for å lære frå seg litt om bokbinding til førsteårsstudentane ved Kunsthøgskolen i Bergen.
– Bygarden her var tidlegare Redernes hus, forklarer Arne, som ofte var innom her då han jobba som løpegutt i sin ungdom. Her er det mørkegrøne fliser på veggane, centimeter-tjukke fasett-vindauge i dørene og gullkraner på dass.

Stort press
Inne på klasseromet vert det jobba med praktiske oppgåver. Det er ikkje mykje her som minner om lesesalar og regresjonsanalyse. Studentane Konrad Kjeldstadli, Torill Henningsen, Trude Tenold og Lina Raknes står over sine uferdige verk, som befinn seg i ulike stadium i prosessen på veg til å bli ferdige bøker. Først skal sidene brettast og pressast. Så skal dei syast og limast og så limast igjen. Deretter skal dei pressast nok ein gong, og slik held du på til du har ei ferdig bok.
– Alle må lage ei slik bok, fortel Torill og held fram eit eksamplar med lys skinnperm som til forveksling liknar ei hyttebok som journalisten nyleg betalte 450 flis for på Beyer. Vi stryk over permen og blar litt i dei blanke sidene. Det ser dønn proft ut.
– Denne er laga av veldig godt papir og kan brukast til teiknebok eller liknande, forklarer ho. Etter at dei er ferdige med denne kan studentane lage fleire bøker. Det er lov å eksperimentere om ein har lyst. Når ein først kan teknikkane, står det eigentleg berre på fantasien.

 

GODT UTSTYR. Ein kan lage bøker på kjøkenbenken heime, men det gjeng lettare med litt utstyr til hjelp.
 
 
GODE RÅVARER. Papirlim er ein av ingrediensane som ikkje er heilt lett å få tak i.
 
 
GOD TEKNIKK. Boka må vere fin å sjå på. Handelag kjem godt med når ein skal lage permen.
 
 
GODE FØREBUINGAR. Sidene må brettast på førehand og deretter ligge i press i 36 timar før boka kan setjast saman.
 
 
KJENSLE FOR BØKER: Boka skal vere god å bla i og ligge godt i handa.

Inga endring sidan mellom- alderen
Teknikkane ein brukar når ein skal lage ei skikkeleg bok, er ikkje endra noko særleg dei siste århundra. Det er dei same prinsippa som gjeld, det same limet, dei same materiala og det same utstyret. Arne presiserer at dette ikkje er noko utdanning i kunsten å binde bøker. Bokbinding er eit heilt fag for seg sjølv, og dette er berre eit kort kurs i det mest elementære. Men studentane lærer å få ein viss sans for bøker, og gjer seg nokre refleksjonar rundt bokdesign. Sjølv er han eigentleg typograf, og ikkje utdanna bokbindar. Men han har teke fleire kurs i faget, mellom anna i Sveits. Han slutta som typograf for om lag 20 år sidan. Sidan har han arbeidd på biblioteket og undervist på kurs i bokbinding på Friundervisniga. Han forklarer at bakgrunnen for kurset på Kunsthøgskolen er å gi studentane innsikt i kva prinsipp folka på trykkeriet må arbeide etter når dei skal trykke og setje saman bøker. Studentane her skal verte kunstnarar, og det vil ofte vera aktuelt for dei å gi ut arbeidet sitt i bokform. Då kan ein ikkje berre levere ein bunke papir til trykkeriet og kreve å få det ut som ei bok. Ein må kunne snakke same språk. Då vil ein unngå mange problem i prosessen. Alt må skje innan visse format og etter visse prinsipp. Ein må tenke på papirkvaliteten, formatet, lesbarheita og liknande.

Papiret sine mange sider
Arne prøver å vise oss kva han meiner.
– Papiret, til dømes, har to sider og to retningar som ein må passe på. Det kjem av måten det vert laga på. Og det har ulike eigenskapar i ulik retning. Dersom ein legg papiret i feil retning i boka, vil ho bli hard og vanskeleg å bla i. Dessutan vil papiret etter kort tid krølle seg og få bølgete kantar. Arne demonstrerer med ein bunke ark som ligg på arbeidsbordet.
– Sjå no, seier han og gir seg til å bla i bunken.
– Om vi bøyer papiret denne vegen er det hardt og stivt, men om vi bøyer det denne vegen ser du at det er mykje meir... Ahaa..!, utbryter han og held triumferande opp ein kvit, avlang dings som har lege og gøymt seg under virvaret av papir.
– Høyr her alle saman; eg har funne falsebeinet!
– Kva er falsebeinet, lurer vi.
– Falsebeinet vert brukt til å brette papir og klemme inn permen slik at den vert fin. Det må ein gjere før ein bankar boka i ryggen så vi får ei fin kurve i fronten, forklarer Arne. Vi nikkar taust og latar som vi forstår, det er visst enno mykje vi ikkje har lært.

Prosessen
Langs veggane står fleire monumentale innretningar for bruk på ulike stadium i prosessen. Fleire presser, skrutvinger og kuttemaskiner for å skjere sidene jamne. I eit monstrum av ei Gutenberg-aktig presse borte i hjørnet, ligg materialet til neste gruppe. Sidene må ligge i press i minst 36 timar for at bretten ikkje skal gå opp.
– Treng ein så mykje utstyr for å lage ei bok?
– Nei, men det lettar prosessen. I prinsippet kan ein nok lage eller reparere ei bok heime på kjøkenbenken. Dessutan er ein del av materialet ikkje heilt lett å få tak i. Papirlim og bokbindar-gas og slikt, forklarer Arne. Hvis ein er dreven kan ein rekke å lage ei bok på tre dagar. Arne har prøvd å lage ei bok på ein dag, men det var forferdeleg mykje arbeid. Det er ein tidkrevjande prosess, mest fordi mange av operasjonane inneber mykje venting. Etter at ein har sydd boka i ryggen skal ho limast, og så skal limet tørke. Permen skal limast og pressast og tørkast, og så vidare.
– Slik sett er det ein ideell hobby, med mykje tid for avslapping og kaffi, seier han, men presiserer at det ikkje er meininga å fornærme nokon bokbindarar. Hjå dei store produsentane er det maskiner som gjer jobben, men også her er det dei same prinsippa som gjeld. Dei har berre litt større kapasitet. Sist han sjekka, hadde trykkeriet til Bokklubben ein kapasitet på 5.000 bind per time, ferdig pakka i kasser. Men det er ei stund sidan. Det gjeng kanskje endå fortare i dag.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Anne Brun
12.02.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18