Kven er eigentleg denne NSU...?

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
I fjor stemte under fem prosent av studentane i Bergen ved
studentrådsvalet. Optimistane mellom oss hevdar at det er
fordi studentane er så såre fornøgde med sine tillitsvalde
og alt dei føretek seg. Ja, enkelte hevdar endå til at det
på sett og vis er bra at valdeltakinga er så lav. Det
siste er minst like feil som det fyrste. Ta ein penn og teikn
ein ring rundt dei organa du veit noko om: SiB, Velferdsstyret,
Velferdstinget, Arbeidsutvalet, Kulturstyret, Unionsmøtet,
NSU og Studentrådet. Kor mange ringar fekk du? To? Ein? Ingen?
Betyr dette at du er ein uengasjert student? Som fersk journalist
i Studvest vart eg sett til å skrive om valet til Studentparlamentet.
Det skulle vise seg å vere ei treigare materie enn eg nokon
sinne hadde forestilt meg. Ikkje berre kryr det av underutval
med meir eller mindre fantasifulle namn. Det vart etter ei
stund klart at endåtil dei som sat i desse organa knappast
visste korleis hierarkiet fungerer. Langt mindre visste dei
ti studentane vi intervjua på gata i samband med saka. Eit
av spørsmåla var:
- Kva er Det akademiske kollegium(DAK)? Eit av svara vi fekk
var ganske representativt for dei fleste intervjuobjekta:
- Inga konkret oppfatning. Dei jobbar vel for studentane,
går eg ut i frå.
No har rett nok DAK skifta namn til Universitetsstyret.
Men kva gjer til dømes organet med det velklingande namnet
Arbeidsutvalget? Kven kan vite at dette er ein komité, nedsett
av Unionsmøtet for å tilrettelegge saker for behandling i
Velferdstinget. Hallo? Er det meininga at studentane skal
gå rundt og hugse dette?
Ei informasjonsbrosjyre er ikkje, og vil aldri kome til
å vere, tilstrekkeleg for å informere studentane om sine demokratiske
rettar, så lenge systemet er så innvikla og lite tilgjengeleg
at få andre enn dei med politiske ambisjonar eller spesielle
interesser, vil gidde å setje seg inn i det. Systemet er så
over demokratisert og fullt av spesielle råd og utval, at
det er direkte anti-demokratisk. Det er så komplisert at ingen
gidder å holde seg oppdatert, og melder seg i staden ut. Demokratiet
fungerer i dag så dårleg at forholdsvis små grupper kan kuppe
Studentrådet. Eit klart døme på dette fekk vi no like før
jul då den vesle gruppa Boligaksjonen utan større problem
var i stand til å kuppe heile valet i Studentrådet og Unionsmøtet.
Eg er forresten svært usikker på om studentrepresentantane
sine meiningar reflekterer studentane sine meiningar, når
dei har ei oppslutning på kun fem prosent. Dersom Studentrådet
saknar engasjement og vil ha større oppslutning om valet,
så må både valordninga og systemet forenklast radikalt. Valordninga
vi har no har eksistert i 30 år, og fungerar framleis ikkje.
Frank Aarebrot foreslår å gjeninnføre den gamle valordninga:
Studentane ved institutta vel representantar til eit fakultetsråd,
som igjen vel representantar til Studentrådet. Og det er det
beste forslaget så langt. Velgarane må kunne sjå enkle hierarki,
vite kven dei har valt inn og kven dei kan forholde seg til.
Så kan interne utval og arbeidsfordelingar vere ei sak for
spesielt interesserte.
12.02.03
|