 |
Utestengt: Ayman Abu Mustafa er ferdig med masteroppgåva,
men jobbar endå ved Senter for Midtausten- og islamske
studier ved UiB. Tilbake til Vestbredda kan han ikkje
reise, og sit regelrett fast i Bergen.
|
– Vi skulle lese til eksamenen dagen etterpå, då styrkar
frå militæret kom. Vi skunda oss å sløkkje alle lys, og
la oss ned på golvet i håp om å ikkje bli oppdaga. Dei banka
på alle dørene, og hadde dei brote seg inn til oss, hadde
vi blitt arrestert og sendt tilbake til Gaza, seier Ayman
Abu Mustafa. Som student på Vestbreidda levde han alltid
under trusselen om å bli arrestert. Då han i 2000 fekk stønad
frå Universitetet i Bergen (UiB), hadde han levd i sju år
som tilnærma gissel. For å komme seg til Bergen måtte han
snike seg ulovleg gjennom Israel til Gaza, og derfrå reise
til Bergen. No har Ayman nett avslutta masteroppgåva si
i historie, men får ikkje tillatelse til å reise tilbake
til Vestbreidda. Dermed sit han meir eller mindre fast i
Bergen.
Hjelpelause i Bergen
Ni studentar frå Gaza og Vestbreidda held i dag til ved
Universitetet. I følgje Abu Mustafa er dei frustrerte over
å sitje i Bergen, medan familie og vener lever i frykt.
– Når eg snakkar med familien min i Gaza, kan eg høyre skotsalvar
gjennom telefonen, fortel han. For ei stund sidan vart 17
menneskje drepne 50 meter unna heimen i Khân Yûnis. Likevel
ynskjer Abu Mustafa å reise tilbake til Palestina.
– Det er dårlege tilhøve heime, men eg vil tilbake. Dette
er mitt land, og eg vil leve. Det er ei håplaus sak, seiar
han.
Vestbredda i kaos
– Viljen til å få utdanning er høg her, seier Kamal Abdelfattah,
koordinator for samarbeidet mellom UiB og Birzeit University
på Vestbredda . Det har blitt stadig farlegare å vere student
i Palestina dei siste åra, etter kvart som fleire og fleire
israelske kontrollpostar har blitt etablert i områda rundt
Birzeit.
– Småbyane og landet rundt universitetet i Birzeit vert
meir og meir lukka. For studentar som bur i Ramallah, berre
ti kilometer frå Birzeit, tar det no tre til fire gongar
så lang tid å kome seg fram, forteljer Abdelfattah. Fyrst
må dei ta ein bil til den fyrste kontrollposten, så gå 800
meter og inn i ein ny bil til den neste kontrollposten.
Dette vert dyrt, og mange har ikkje lenger råd til å vere
studentar.
Raid og trakassering
Abdelfattah kan fortelje om trakassering frå israelske militære
både ved kontrollpostar, studentbustadar og ved Universitetet.
– Er du uheldig, kan du bli ståande fast i to timar berre
for at vaktene skal sjå på id-kortet ditt. I gjennomsnitt
kvar andre veke, raidar styrkar studentbustadar i Birzeit,
fortel han.
– Å leve under okkupasjon, som vi har gjort sidan 1967,
skaper sjølvsagt vanskar. Situasjonen vi har no påverkar
heile Universitetet, ikkje minst våre fem tusen studentar,
seier Abdelfattah. Men stadig nye studentar kjem til, og
gjer til at studentmassen held seg stabil. Til saman er
det kring 90.000 studentar på universiteta på Vestbreidda
og Gaza-stripa.
– Delt ansvar
Når Birzeit blei stengd, vedtok NSU ein resolusjon som gav
Israel som den sterkaste part, hovudansvaret i konflikten.
– Midtaustenkonflikten må bli sett i større rammer, dei
arabiske landa har òg eit ansvar, meiner Ole Johan Settem,
leiar i det nystarta studentlaget til Kristelig Folkepartis
Ungdom (KrFU) i Bergen. Han nemner at Israel har blitt angripe
fem gongar sidan opprettinga i 1948, men legg til at han
meiner det er bra at resolusjonen seier at begge partar
har ansvar i konflikten. KrFU vil skilje politikk frå religion,
og ikkje pårope seg ei religiøs grunngjeving for standpunktet
sitt.
– Jødane har djupe historiske og kulturelle røter i området.
Det gjer at staten Israel har rett til å eksistere, seier
han til slutt.