– Ja visst, seier Eldbjørg Lyssand. Ho er spesialpedagog,
og jobbar ved Eikelund Kompetansesenter, eit statleg senter
for folk med ulike lærevanskar.
– Dysleksi er uavhengig av generelle evner. Det finnes
til og med dei med dysleksi som har teke doktorgrad, fortel
ho. Eikelund Kompetansesenter har sidan 1978 samarbeida
med Universitetet, Høgskulen og Studentsamskipnaden for
å hjelpa studentar med lese- og skrivevanskar. Kvart år
får rundt 15 studentar hjelp med mellom anna attestar,
testing og studieteknikkar.
– Dei fleste som kjem her får ei standardutgreiing og
generelle råd. Diverre er det lite ressursar tilgjengeleg
for studentar med slike problem. Det meste av arbeidet
innan dette feltet skjer på grunnskulen. Dei som ikkje
vert fanga opp der, har gjerne meir spesifikke, «smale»
vanskar som det er begrensa med behandlingstilbod til.
Mange veit knapt sjølve at dei har problem, fortel Lyssand.
På Universitetet er det kvart år mellom 80 og 90 studentar
som får tilrettelegging på eksamen på grunn av lese- og
skrivevanskar.
Skam og særbehandling
Iren Igesund jobbar i Konsulenttenesta ved Universitetet
i Bergen. Dei har ansvaret for alle universitetstudentar
med funkjsonshemmingar og lærevanskar.
– Dei fleste har berre ein vag mistanke, og ynskjer å
verta undersøkte. Andre anar ingenting, og vert henviste
til oss av sensorar som meiner at resultata på eksamen
ikkje står i forhold til dei fagkunnskapane personen har.
Folk som ikkje ynskjer å erkjenna problema er noko Lyssand
også treff på innimellom:
– Ein del av skamma som lenge var knytt til dysleksi heng
nok att endå. Dette gjeld kanskje i endå større grad høgre
oppe i utdanningssystemet, ettersom det er mindre fokus
på slikt der. Nokon ynskjer korkje behandling eller hjelpemiddel,
fordi dei er redde for at det vert sett på som positiv
særbehandling. Det vert jo heilt feil. Det det handlar
om er å få vist kva kunnskapar ein sit inne med.
Ung vitskap, gamalt emne
Problemet dysleksi har vore kjent sidan 1890-åra, då det
vart omtala som «ordblindheit», eit uttrykk som fortsatt
heng att. Emnet var lenge ein kasteball mellom psykologien
og medisinen, og det var ikkje før på 80-talet at forskinga
verkeleg skaut fart. Det er no eit tverrfagleg emne, der
både lingvistikk, nevrologi og psykologi er viktig. Men
Lyssand er ikkje i tvil om kva vitskap som har gjort mest
for dyslektikarar dei siste åra:
– Bruken av data har revolusjonert mykje for oss. Det
at ein no kan få bruka pc på eksamen har hjelpt mange.
I tillegg har Hjelpemiddelsentralen bærbare pcar til disposisjon
for dei som søkjer om det. Noko så enkelt som stavekontroll
kan ha stor effekt: Å vita at det ein skriv faktisk er
riktig. Nye måtar å oppdaga og klassifisera problema på
har òg kome til.
– Mange lærer seg å skjula eller omgå vanskane. Hjå oss
på Eikelund får dei «sære» oppgåver som dei ikkje er vane
med, nonsensord og rare lytteøvingar. Men av og til er
det enkelt. Noko av det fyrste me spør folk om, er om
dei likar å lesa. Noko så grunnleggjande som at folk ikkje
likar å lesa, eller brukar uforholdsmessig mykje tid på
lydbøker, er ting som kan setja oss på sporet.
Ukjent årsak
Dysleksi er eit mangearta problem. Det er ikkje berre
å ha tungt for å lesa eller vanskeleg for å ordleggja
seg. Enkelte personar har i tillegg motoriske problem,
problem med matematikk, vanskeleg for å hugsa telefonnummer
og liknande. Alt etter kva definisjon ein brukar er det
mellom ein og 15 prosent av befolkninga som er ramma.
Når det er eit så samansett problem er det vanskeleg å
vita nøyaktig kva det skuldast. Mange trur løysinga ligg
i krysspunktet mellom psykologi og medisin.
– Dette er eit område det er spesielt mykje spennande
forsking på for tida. Mellom anna har Universitetet i
Bergen ein verdskjend professor i psykologi, Kennet Hugdahl,
som jobbar innan dette feltet, opplyser Lyssand.
– Han jobbar med noko som heiter psykofysiologi; korleis
hjernen jobbar i ulike situasjonar. Dersom me forstår
korleis hjernen jobbar kan me betre forstå årsakene til
dysleksi.
Universitetet tek ansvar
Universitetet starta i 1999 opp TOMAS-prosjektet (Trivsel
og meistring av studiene) saman med Høgskulen og Studentsamskipnaden.
Målsetjinga er å hjelpa studentar som av ulike grunnar
har problem med å gjennomføra studiane. For dyslektikarane
sin del er det tilbod om grupper og seminar, i tillegg
til hjelpa frå Eikelund. Torsdag 13. februar held Eikelund
Kompetansesenter eit seminar for studentar med lese- og
skrivevanskar, i regi av TOMAS. Det er fortsatt fem ledige
plassar, og påmelding er mogleg fram til kl. 16 i dag,
på denne adressa: Iren.Igesund@student.uib.no