Kvinner er også flinke

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
Det nærmar seg 8. mars med dei utskeielsar det inneber av
fanebering og svulstige formuleringar. Snart skal vi igjen
fylke oss rundt fanene og utgyte vår misnøye med kvinnene
sine kår i samfunnet, og ellers alt som måtte ligge oss på
hjartet av meir eller mindre kvinnerelatert urett. Ei av årets
paroler skal vise si usemje med den komande krigen i Irak
- kva no det har med kvinnedagen å gjere. Men det er ikkje
det vi skal ta opp her.
Sidan eg er representant for det mannlege kjønnet, vil nok
enkelte bestride underteikna sin rett til å kritisere kvinnene
sin kamp for like rettar. Likevel vil eg seie dette: La meg
sleppe å sjå paroler av typen «Kvinner også kan!!» i årets
8. mars-tog.
Ikkje fordi eg ikkje meiner at kvinner kan eller er flinkare
enn menn på mange område, men fordi denne typen slagord er
gamaldags og dessutan direkte nedverdigande for alle kvinner.
Når ein skriv «Kvinner kan!» på eit banner og ber det rundt
på Torgalmenningen, så seier ein eigentleg akkurat det stikk
motsette. Tenk berre kva reaksjonar som hadde kome hvis ein
fyr hadde gått rundt med ein plakat der det stod: «Menn også
kan!»? Først og fremst hadde vedkomande blitt ledd ut. Deretter
hadde ein byrja å lure på kva det var denne mannen eigentleg
ville skjule. Alle veit at «menn kan» - det er implisitt,
ei alment vedteka sanning, difor er det ingen som seier det.
Ergo, denne mannen har noko å skjule - som ein unge som kjem
inn på kjøkenet og fortel at han ikkje har barbert katten.
Eller for å seie det på ein anna måte; når avisene skriv at
kongen lever, då er han eigentleg døden nær.
Dette er kanskje ikkje noko stort poeng, bortsett frå at
med slike paroler nedgraderer kvinner seg sjølv som gruppe,
og det er på høg tid at kvinner kvittar seg med denne «underdog-tankegangen».
Det held ikkje berre å seie at kvinner kan, ein må vite at
kvinner kan! Dersom ein gjer det vil alle dei andre kampsakene
vere småpoteter.
Vi er alle offer for dei gjeldande samfunnsnormene som gjeld
og den sosialiseringa vi har fått. Verdinormene vi får i barndomen
vil stort sett henge ved oss heile livet. Det er difor vi
handlar etter gamle mønster sjølv om dagens samfunn tilseier
ein heilt annan måte å tenkje på. Og sjølv om vi har vakse
opp under moderne tilhøve, har vi vorte oppseda etter våre
foreldre sine verdimønster. Til dømes: Jenter skal vere snille,
søte og flinke, og gutar skal vere tøffe, sterke og ha konkurranseinnstinkt.
Og vi underordnar oss desse mønstera og fell ned i dei gamle
spora.
For ein eller to generasjonar sidan, då husmora vart gjort
overflødig og kvinnene skulle inn på ein arbeidsmarknad som
var dominert av menn, var det klart at dei måtte møte motstand.
Det er enkel psykologi. Ein vil alltid verne om det trygge
og etablerte, og den nye tida vert nesten alltid sett på som
noko trugande. Mennene i industrien har vore vane med å ha
mannlege sjefar, heilt sidan Arilds tid. Haldningane til kvinlege
sjefar endrar seg ikkje over natta men over generasjonar,
og eg tvilar på om kjønnskvotering vil gjere så mykje frå
eller til. For når alt kjem til alt så er det dette det handlar
om, og ikkje nokon kamp mellom kjønna.
05.03.03
|