Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 5. mars 2003, nr. 7 - 58. årgang

15 studiepoeng for tillitsverv

19. mars skal UiB avgjere om dei vil opprette eit 15-poengs fag for tillitsvalde i studentorganisasjonar. NSU og Bergen Rock-aktører meiner dette kan redde organisasjonslivet når Kvalitetsreformen strammar grepet.

Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Lars Myhren Holand

Til hausten set kvalitetsreformen inn, og i nokre studentorganisasjonar fryktar dei for færre aktive medlemmer.
– For å vere førebudd på arbeidsmengda som kvalitetsreformen påfører studentane, ynskjer vi å innføre eit organisasjonsfag som gjer det meir attraktivt og gjennomførbart å ha verv i studentorganisasjonar, seier Jørgen Wold i Bergen Rock-aktører (BRAK). Saman med Kjetil Nygård i Studentrådet har han utarbeida framlegg til UiBs utdanningsutval om oppstart av 15-poengsmodulen. 19. mars vil Utdanningsutvalet ta stilling til forslaget. Ifølgje rådgjevar ved Seksjon for studiekvalitet, Lars Helge Nilsen, ligg det ei klar interesse i lufta for at eit slikt fagtilbod kan komme i gang.
– I saksførelegget til utvalet vil ein gå inn for at det blir sett ned ei gruppe som skal diskutere faginnhald, relevans og mogleg organisering. Faget kan i så fall bli starta opp så fort som råd, kan hende alt i 2004, seier Nilsen.

Teori og praksis
I forslaget er faget delt i ein teoretisk og ein praktisk del, etter framlegg frå Frank Aarebrot ved Institutt for samanliknande politikk. Den teoretiske delen ynskjer Wold og Nygård skal bestå av fellesemne for organisasjonslivet, slik som enkel rekneskapsføring, leiing, personalhandsaming og andre relaterte tema.
– I framlegget vårt har vi ynska at dei 15 studiepoenga skal bli gjevne på grunnlag av ein personleg rapport om organisasjonsarbeidet, og at karakteren blir bestått eller ikkje bestått, seier Kjetil Nygård.

 
Ønsker fag. Jørgen Wold og Kjetil Nygård vil ha fag for tillitsvalde.

– Studiepoeng motiverer
– Eit slikt fag er interessant, og vil hjelpe på rekrutteringa, trur leiar i Bergen Kristelige Studentforbund, Kristine Botnen. Ho seier at forbundet ikkje har merka at det auka arbeidspresset har gått ut over medlemstalet. Ambjørg Reinsnos, leiar i koret Blandede Akademikere, tykkjer ein poengmessig kompensasjon er snålt.
– Hovudmotivet bør vere at du har lyst til å vere med, ikkje for å få poeng.
–Kan eit slikt fag føre til fleire poengsvoltne organisasjonsbroilerar?
– Nei, det er eg ikkje redd for, seier Botnen. Jørgen Wold i BRAK trur spørsmålet kan stillast på hovudet og at eit slikt fag kan føre til at fleire studentar vil bli interesserte.

05.03.03

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18