Stakkars rike NHHS
Studentforeininga på Handelshøgskulen (NHHS) er stinn i gryn.
I det høvet føreslo nokre av medlemene, på generalforsamlinga
i vår, at dei burde bruke ein million av det vel 4,5 millionar
kronene store overskotet til eit humanitært prosjekt, i staden
for å stikke det i madrassen.
Eit prisverdig initiativ på alle måtar, men fordi det var
lite utreda og usikkert, vart det nedstemt med lovnad om at
det skulle kome opp til ny behandling på neste generalforsamling.
Dette høyres då tilforlateleg ut.
Det var likevel ikkje utan ein flau smak i munnen at vi overvar
dette møtet, som vi måtte snike oss inn på, fordi enkelte
medlemer fekk det travelt med å hindre pressa adgang – det
vil seie Studvest. NHHS er sjølvsagt i sin fulle rett til
å stenge generalforsamlinga for andre enn medlemene. Men ein
smule påtakeleg var det likevel at det skjedde nett no, ettersom
det aldri så lenge nokon kan hugse har skjedd at medlemskorta
har blitt sjekka i døra.
Den første slutninga vi trekkjer, når nokon vil hindre innsyn,
er at noko skal skjulast. Til dømes at nokon vil stemme ned
forslaget og behalde pengane sjølv, men ikkje tør å stå for
meiningane sine. I tillegg til å vere pysete, er det også
eit unødvendig spel for galleriet, ettersom vi var der uansett.
Det ville vore veldig synd om dette prosjektet vert nedstemt.
Ikkje berre for dei fattige borna som ikkje får skulegang.
Siviløkonomar og NHH (eller «Kjæltringhøyskolen i Sandviken»
som Kurt Oddekalv likar å kalle den), slit med eit langt på
veg ufortent imageproblem som kyniske profittjegarar. Eit
slikt prosjekt vil sånn sett ha ei positiv effekt for både
skulen og NHHS.
Og i eit marknadsøkonomisk perspektiv vil det openbart vere
lettare for NHHS å skaffe sponsorar i framtida, når ein kan
skilte med humanitært arbeid og ikkje berre gøy og fanteri.
Deltidsstudenter på fremmarsj
Samtidig som det kreves større og jevnere arbeidsinnsats
i forbindelse med Kvalitetsreformen, må stadig flere studenter
løpe på jobb etter studiene. Økt studiefinansiering har ikke
fått flere til å bli heltidsstudenter. Halvparten av studentene
i Bergen jobber ved siden av studiene. Det kommer frem i en
fersk undersøkelse fra MMI. For syv år siden jobbet bare 34
prosent av studentene. Selvsagt jobber en del for å finansiere
tildels unødvendig luksusforbruk, men mye av gevinsten med
økt studiestøtte har blitt spist opp blant annet gjennom økte
boligpriser. Det er vanlig at halvparten av månedens 6.000
kroner fra Lånekassen går rett i lomma på Bergens eiendomsbaroner.
For å få heltidsstudenter er det helt nødvendig at Stortinget
gjør det mulig for SiB å bygge flere boliger. Sett i lys av
dette er regjeringens forslag til kutt i posten til samskipnadene
svært merkelig. Det er ikke nok å bevilge midler til reformen,
hvis ikke en gjør studentene istand til å bruke mer tid på
studier.
10.11.03
|