 |
|
|
Krig om kopimaskin
– Rydd opp i kopipengane, seier Moderat Liste. Dei ynskjer
felles reglar for kopiering på UiB.
Listetopp Torstein Fjeldet Lunde er lei av ulik innkrevjing
av kopipengar på Universitetet i Bergen, og oppmodar leiinga
til å ta eit tak for felles reglar.
– Studentar skal ikkje betale for fleire kopiar enn dei
ynskjer, seier Fjeldet Lunde. I eit forslag til Universitetsstyret
krev Moderat liste at kopipengar kun skal vere på frivillig
basis. Fleire miljø har tatt ei felles avgift for alle
sine studentar og slik dekka at alle får kopiar av transparentar,
oversikter og anna materiale. Blant anna tok Institutt
for kulturstudier og kunsthistorie ei slik avgift på 50
kroner semesteret. Dei måtte stoppe praksisen etter kjeft
frå universitetsleiinga.
– Pengane finansierte også støtte til ekskursjonar og
utgifter til kollokvier, seier Mette Bjordal, kontorsjef
ved instituttet. Ho bedyrer at det ikkje var særleg med
klager frå studentane. Fjeldet Lunde frykter tilstandar
som i Oslo, der universitetet krev pengar for kopiar av
både fagleg og administrativ slag.
– All kopiering som ikkje er fagleg, må vere gratis for
studentar, krev han.
10.11.03
|
| |
tilbake
til
toppen
Nyhende:
1
2
3
4
5
6
|
|
|
|
Studvest
følger saken:
|
Siste
artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36
|
Siste
artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42
|
Siste
artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11
|
Siste
artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10
|
Siste
artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14
|
|