To personar vart lettare skada då ein konstruksjon frå
Kunsthøgskolen raste saman tysdag kveld. Ein sikringssvikt
kan ha forårsaka ulukka.
|
 |
FØR RASET. Det kuppelforma kunstverket frå Kunsthøgskolen
i Bergen, 60 meter i omkrins, skulle i teorien ikkje
vere mogeleg å bygge. 14 elevar og lærarar står
bak konstruksjonen.
|
| |
 |
| |
ETTERPÅ. To vart lettare skada i raset, og vart
frakta til Legevakta. I alt stod opptil 20 menneskje
inni kunstverket då det falt.
|
Ei jente, elev ved Kunsthøgskulen, og ein yngre gut fekk
kutt- og klemskader då det fem meter høge og 20 meter
i diameter store byggverket raste saman. Det som skulle
ha vore ei utstilling av møbeldesign-studentar sin siste
konstruksjon, vart i staden ein samlingsplass for ambulanse,
politi og nyskjerrige tilskodarar. Og ikkje minst av nedbrutte
elevar frå Kunsthøgskolen.
– Det er ingen som forstår at dette kunne hende, seier
Marthe Skaale Johansen. Ho er blant dei fjorten studentane
som har laga konstruksjonen. Kunstverket bak Bystasjonen
raste saman tysdag kveld, få minutt før klokka 19.30.
Kunsthøgskolen sine studentar skulle nett til å starte
eit arrangement for skodelystne, med servering av mat
og drikke inni domen. Truleg var så mange som 20 menneskje
inni domen, og like mange utanfor, i minutta rett før
arrangementet. I tillegg var også nokre av studentane
oppå domen for å korrigere dei siste detaljane.
– Vi tar dette veldig alvorleg, seier Sigrid Folkestad
ved Kunsthøgskolen. Ho understrekar at skulen ikkje driv
med hasardspel - sjølv om folk skulle vandre inne i eit
byggverk som i teorien ikkje skulle kunne stå. Berre boltar
er brukt som festemiddel i trekonstruksjonen.
– Dette var eit ideelt tiltak med alle moglege gode forsett.
Vi driv ikkje med kalkulert risiko, seier Folkestad. Truleg
var det ein svikt i ei av sikringane som forårsaka fallet.
Hordaland politidistrikt vil sende saka vidare til Arbeidstilsynet
for gransking, men vil utover det ikkje spekulere i årsaker
til fallet.
– Glad det ikkje var seinare
– Vi er glade for at den ikkje raste seinare, seier Lars
Tornøe, også han ein av snikkarane.
– Hadde bygget rast seinare, ville fleire vore under.
Konsekvensane kunne vore verre. Tornøe trur at arbeidet
oppå domen rett før ulukka kan ha ført til at sikringa
til konstruksjonen brast.