Velvilleg Convenience på
Hulen
Kings of Convenience held torsdag konsert på
Hulen, til inntekt for nye discohøgtalarar. Erlend
Øye og Eirik Glambek Bøe, kom sjølv kom
med ideen om ein slik konsert.
|
 |
TRIVIALKUNNSKAP. Erlend
Øye frå Kings of Convenience demonstrerer
SiBs kaffiautomat. |
– Hulen er jo potensielt den beste utestaden i Bergen,
meiner Øye.
– Kva er det som er galt med høgtalarane der?
– Konsertanlegget er heilt fint, men discoanlegget er
elendig. På nye høgtalarar kan ein spele høgt
utan at det gjer vondt, men på desse gjer det vondt
sjølv om ein spelar lavt, seier han. – Det er
så dårleg at ein stort sett berre kan spele musikk
som folk kjenner att frå før.
Erlend Øye har gamle band til Hulen, og vil gjerne
at utestaden skal gå bra. Her hadde sin første
konsert på i 1993, med bandet Skog. Og det var hit dei
gjekk ut alle gjestene etter bursdagsselskapet hans då
han vart 16. Han var den einaste som ikkje slapp inn, og mått
vente i gangen til dei andre kom ut att.
– Forøvrig var det faktisk Studvest som hadde
den første cd-anmeldelsen til Skog, skyt han inn.
– Den var anmeld av Eivind Eidslott som no er redaktør
i Dagbladet Fredag. Han skreiv at vi måtte passe oss
for å ikkje «havarere på eit nynne-hav».
Vi trekker ofte fram den når vi er i studio og det blir
litt mykje nynning.
Eit nytt discoanlegg vil koste rundt 100.000 kroner. Dersom
det blir stinn brakke torsdag kan hulen dra inn rundt 40.000,
så dei er avhengige av fleire inntekter. Øye
utfordrar andre bergensband til å gjere det same - til
dømes Röyksopp.
– Are Glambek Bøe skal varme opp med diktlesing,
litt viktig at folk er klar over det. Billetten kostar 100
kroner.
19.11.03
|