Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 19. november 2003, nr. 29 - 58. årgang

Nei, det meinte vi i fjor

Er det noko alvorleg i vegen med lufta rundt Regjeringskvartalet som fører til tap av hjerneceller og hukommelse hjå politikarane? Eller håper dei berre at studentane skal vere så nedsylta i obligatoriske oppgåver at dei ikkje legg merke til den grove hestehandelen i budsjettforliket?

Kvifor legg regjeringa fram eit forslag til studiefinansiering som er identisk med forslaget dei forkasta for tre år sidan?

Les følgande resymé:
2001: Utdanningsminister for Ap, Trond Giske, foreslår å gi all studiestøtte som lån. Dette vart møtt med kraftige protestar frå den dåverande opposisjonen, som i dag sit i regjering. «Dette er å legge unødvendig press på studentane» meinte Høgre, KrF og Venstre den gongen.
2002: Eit tilnærma identisk forslaget vert framsett av Bondevik-regjeringa, som går inn for forslaget stikk i strid med si eiga regjeringserklæring. Arbeiderpartiet har heilt glømt at Giske gjekk inn for dette, og set seg i opposisjon. Men denne gongen går forhandlingane med Framstegspartiet i vasken.
2004: Framlegget vert på ny leita fram av Bondevikregjeringa, som no heilt har gløymt Sem-erklæringa. Heldigvis har Ap denne gongen gløymt at dei var imot framlegget i fjor, og ikkje uventa vert det også støtta av FrP.

Dermed har vi omsider forslaget i hamn. Kven tek rekninga? Det gjer dei svakast stilte studentane. Strykkandidatane. Åleinemødre. Dei som kom skeivt ut. Kva hende med lik rett til utdanning?
Neei... Den blei ofra for at årets budsjett skal gå i balanse. Dette er ikkje noko Studvest trur, det står svart på kvitt i innstillinga til neste års Statbudsjett.

Kvalitetsreformen vert finansiert med ein berekna strykprosent på 10 prosent. Dette vil spare staten for 133 millionar kroner. Dermed går rekninga til dei svakaste studentane.

Ad Oslo!

Det bør vere tydeleg for dei aller fleste som er busett utanfor Oslogryta at nokon har bestemt seg for å ta Victor Norman. Dette er ei oppvising i trangsynt bygdeproteksjonisme som få andre enn hovudstadspressa er i stand til å setje i sving.

19.11.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14