Bachelorprogram i molekylærbiologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Utveksling
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Kontakt
- Studieløp
Introduksjon
Korleis ser eigentleg cellene ut? Kva for endringar i cella er det som kjenneteiknar ei kreftcelle? Korleis utviklar eit befrukta egg seg til eit ferdig individ? Er det etisk forsvarleg å endre genane til dyr slik at dei kan produsere medisinar?
Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og livsprosessane som desse molekyla inngår i. Vi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til DNA, RNA, protein, karbohydrat og lipid for å betre kunne forstå deira plass og funksjon i levande organismar.
Studium av molekyl og celler har gitt mykje ny kunnskap dei siste 50 åra. Ein har blant anna funne samanhengen mellom molekyl og ei rekke sjukdommar, identifisert genane til mennesket, fått kjennskap til fosteret si utvikling og delteke i utviklinga av nye vaksinar.
Molekylærbiologi og biokjemi, som er to sider av det same fagområdet, står i dag heilt sentralt i all biologisk og medisinsk forsking. Biokjemiske og molekylærbiologiske prinsipp blir også nytta innan for eksempel farmasøytisk og bioteknologisk industri.
Visste du at ...
Sjukdommen hypotrofisk kardiomyopati ("HCM"), som forårsakar plutseleg hjartedød hos idrettsutøvarar, kjem av ein mutasjon i genet RYR2. Denne mutasjonen gjer at RYR2-kodar får ein mutert versjon av eit protein, som skapar feil signalisering i muskelcellene slik at hjartet sviktar.
Studievegar
- Bachelor
Det treårige studiet gir deg ei brei innføring i moderne molekylærbiologiske teoriar og metodar. Kombinasjonen mellom molekylærbiologiske emne og kjemi gir deg innsikt i dei biokjemiske/molekylære mekanismane bak biologiske prosessar. Matematikk, biologi og informatikk er viktige støttefag.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i molekylærbiologi, biologi og eventuelt kjemi.
- Forsking
Fagmiljøet forskar på protein og deira funksjonar, i frå databasert modellering av strukturar til proteinfunksjon i levande celler. Mykje av forskinga er knytt til kreft og andre sjukdomar, som for eksempel Parkinsons sjukdom. Andre område er forståing av molekylære strukturar og mekanismar i celler sin hukommelse, utvikling av vaksinar mot barnediaré og jakta på ei behandling mot lakselus.
- Sjå også desse studia
Kjemi, biologi, nanoteknologi.
Utveksling
Valfridommen i det sjette semesteret kan med fordel bli nytta til delstudium i utlandet.
Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.
Yrkesvegar
Molekylærbiologar arbeider innan forsking og undervisning ved universitet og statlege høgskolar. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i bedrifter innan matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Dei kan òg jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. For eksempel har kandidatar med ein grad i molekylærbiologi frå UiB fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervisning i vidaregåande skole og i offentleg forvaltning.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er 3-årig (180 studiepoeng).
Målet med studieprogrammet er å gi studentane ei brei og basal forståing av molekylærbiologiske metodar og tenkemåtar basert på kjemisk analyse slik at dei lett kan bruka kunnskapen til vidare studiar i biologi, kjemi, biomedisin eller byrje arbeide i eit laboratorium.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført bachelorstudiet i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:
- gjere greie for molekylærbiologifaget sin eigenart og utvikling
- klargjere strukturell mikroskopisk og makroskopisk organiseringar av biologiske system
- forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengane mellom desse i ein biologisk kontekst
- utføre enkelt eksperimentelt molekylærbiologisk arbeid
- gi ei oversikt av viktige molekylærbiologiske og biokjemiske metodar og dei fysikalske prinsippa for desse
- ha ei forståing for biologisk evolusjon
- kunne forstå samanhengen mellom genotype og fenotype
- ha forståing av verdien til bioinformatisk analyse og til ei viss grad kunne utføre slik analyse
- ha fordjupa seg i nokre sentrale molekylærbiologiske arbeidsområde
- ha ein viss kjennskap til molekylærbiologiske modellorganismar
- bruke bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon
- skrive eit essay om eit molekylærbiologisk tema
- formidle molekylærbiologiske tema på ulike faglege nivå opp til bachelorgrad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Innføringsemne
Obligatoriske emne
Bachelorgraden i molekylærbiologi har krav om ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 60 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa inneheld 60 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk eller statistikk.
Spesialiseringsemna i molekylærbiologi (60 sp):
- MOL100 Innføring i molekylærbiologi
- MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering
- MOL201 Molekylær cellebiologi
- MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi
- MOL203 Genstruktur og funksjon
- MOL204 Anvendt bioinformatikk
Spesialiseringsemne i kjemi (30 sp):
- KJEM110 Kjemi og energi, KJEM130 Organisk kjemi og eit valfritt emne i kjemi (10 sp). I første semesteret bør studentar som har liten bakgrunn i kjemi ta kjemikurset KJEM100 Kjemi i naturen. KJEM110 Kjemi og energi byggjer på Kjemi 2 eller fullført KJEM100. Ein kan ta KJEM110 første semester dersom ein er kvalifisert for det.
Spesialiseringsemne i matematikk eller statistikk (10 sp):
- Dette kjem i tillegg til det obligatoriske innføringsemnet i matematikk (MAT101/MAT111), men ellers ein kan velje fritt (t.d. MAT102, MAT121, STAT101 eller STAT110).
Tilrådde valemne
Dei 60 frie studiepoenga kan vere frå andre fagretningar eller set saman av andre emne enn dei tilrådde. Ein bør velje valemne etter interesse og eventuelt i samanheng med planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Tilrådde valemne i molekylærbiologi er MOL231 Prosjektoppgåve og MOL270 Bioetikk. Andre emne i molekylærbiologi høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden. Sjå oversikt over emne i molekylærbiologi her: http://www.uib.no/mbi/56433/emner-i-molekyl%C3%A6rbiologi.
Andre aktuelle valemne:
- KJEM131 Organisk syntese og analyse
- KJEM120 Grunnstoffenes kjemi
- KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi
- KJEM140 Molekylær fysikalsk kjemi
- KJEM202 Miljøkjemi
- KJEM210 Kjemisk termodynamikk
- KJEM260 Radiokjemi og radioaktivitet
- BIO100 Innføring i evolusjon og økologi
- BIO101 Organismebiologi I
- BIO216 Toksikologi
- BIO271 Fiskesjukdommar - virologi
- INF109 Dataprogrammering for naturvitskap
- PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære
- MAT102 Brukarkurs i matematikk II
- MAT121 Lineær algebra
- STAT101 Elementær statistikk
- STAT110 Grunnkurs i statistikk
- Andre emne i kjemi, matematikk, statistikk, informatikk og fysikk med meir kan også vere relevante
Sjekk alltid forkunnskapskravet og tilrådde forkunnskapar før du vel valemne.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Studentar kan nytte valfridomen i det 6. semesteret til utveksling i utlandet. Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta litt av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa.
Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.
Vurderingsformer
Obligatorisk undervising og informasjon om vurderingsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Grunnlag for videre studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Relevans for arbeidsliv
Molekylærbiologar jobbar innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i firma innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting.
Du kan lese meir om kva molekylærbiologar arbeider med her: http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/hva-blir-man-som-molekylaerbiolog.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no.
Adminstrativt ansvarleg
Molekylærbiologisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@mbi.uib.no.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i molekylærbiologi, studiekode i Samordna opptak: 184865.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Vi tilrår at du har kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og/eller Biologi 1+2 og Matematikk R1.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 46,0
Førstegangsvitnemål: 47,5
Antall studieplasser
40
Overgangsordninger
Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o
Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført bachelorstudiet i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:
- gjere greie for molekylærbiologifaget sin eigenart og utvikling
- klargjere strukturell mikroskopisk og makroskopisk organiseringar av biologiske system
- forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengane mellom desse i ein biologisk kontekst
- utføre enkelt eksperimentelt molekylærbiologisk arbeid
- gi ei oversikt av viktige molekylærbiologiske og biokjemiske metodar og dei fysikalske prinsippa for desse
- ha ei forståing for biologisk evolusjon
- kunne forstå samanhengen mellom genotype og fenotype
- ha forståing av verdien til bioinformatisk analyse og til ei viss grad kunne utføre slik analyse
- ha fordjupa seg i nokre sentrale molekylærbiologiske arbeidsområde
- ha ein viss kjennskap til molekylærbiologiske modellorganismar
- bruke bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon
- skrive eit essay om eit molekylærbiologisk tema
- formidle molekylærbiologiske tema på ulike faglege nivå opp til bachelorgrad
Oppbygging
Bachelorprogrammet i molekylærbiologi inneheld 20 studiepoeng innføringsemne og totalt 100 studiepoeng med spesialisering. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng molekylærbiologi, 30 studiepoeng kjemi og 10 studiepoeng matematikk eller statistikk. Dei siste 60 studiepoenga kan veljast fritt (valfrie emne).
Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-MOL.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - obligatoriske emne (krav: 80 SP) | ||||||||||||
| For bachelor i molekylærbiologi inngår ei spesialisering; denne inkluderar 50 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk/statistikk (i tillegg til innføringsemnet). Studentar med svake forkunnskapar i kjemi bør velje KJEM100 i første semester, medan studentar med gode forkunnskapar i kjemi kan velje KJEM110. KJEM 110 er obligatorisk for alle studentar på programmet. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MOL200 | Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MOL202 | Eksperimentell molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL201 | Molekylær cellebiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL203 | Genstruktur og funksjon | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| MOL204 | Anvendt bioinformatikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - kjemivalg (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel eit kjemiemne (10 SP) etter interesse. Alle studentar skal ta minimum 30 sp kjemi. KJEM110 og KJEM130 er obligatorisk for alle, og ligg som obligatoriske emne i utdanningsplanen din. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM140 | Molekylær fysikalsk kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - matematikk/statstikkval (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Eit matematikk- eller statistikkemne i tillegg til innføringsemne i matematikk skal veljast i løpet av bachelorgraden. Statistikk er tilrådd, men vel emne etter interesse. Det er og høve til å velje andre emne enn dei som er lista under. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | ||||||||||||