Ny versjon av yr.no
Ein ny versjon av yr.no, med utskriftsvenleg versjon og betre språkhandtering er no på plass.
Publisert 22.01.2008 08:15. Oppdatert 22.01.2008 14:26.
- Kommentarer
- Skriv ut
Dei siste månadene har vi som arbeider med yr.no prioritert tiltak for å få opp farta på sidene og fjerne feil. På grunn av dette har det andre utviklingsarbeidet blitt noko utsett, men no håpar vi at det skal gå raskare framover!

Her finn du dei nye funksjonane på yr.no: Vel språk oppe til høgre, og utskriftsvenleg versjon litt nedanfor.
Utskriftsvenleg versjon
Vi har fått fleire hundre e-postar med spørsmål og framlegg til utskriftsvenleg versjon av yr.no. Det har diverre teke tid å få laga denne versjonen, men i dag vart han endeleg lagt ut!
Den utskriftsvenlege versjonen er ein eigen PDF-versjon av varsla våre, og han eignar seg kanskje spesielt godt til utskrift og oppslag. Fleire hotell og campingplassar har ynskt seg dette – så no håpar vi at vi får sjå yr.no i resepsjonane rundt om i landet!
Informasjon for reiselivsverksemder
Vel mellom nynorsk, bokmål og engelsk
I dag la vi òg ut ein språkvalsboks øvst til høgre på alle sider. Her kan du skifte mellom nynorsk, bokmål og engelsk språk på varsla. Tidlegare viste vi yr.no i det språket som er stilt inn som standardspråk på maskina (i nettlesaren) din.
Framsida, artiklane og det andre stoffet på yr.no vil framleis vere på ei blanding av nynorsk og bokmål.
Siste saker frå yr.no
Gi barna skygge - Slutt på godværet
- Masse sol i vente
- Ledige stillinger: systemansvarlige
- Dødbringende tornadoår i USA
- Sol og regn i vente
- Hvorfor yr meldte feil vær
- Jordbærene er her
- Små marginer
- Endelig snøfritt i Tromsø
- Dårlig nytt for de øltørste
- Over ein million brukarar på yr.no
- Superkaldt i Oslo på 17. mai
- Færre men kraftigere orkaner
- Sommeren blir best i nord
- Nasjonalsymbol på flyttefot
- Badetemperaturer
- Rekordmye klimagasser i atmosfæren
- Isen i Arktis er tapt
- 17. mai i Halden
Varmast-kaldast-våtast
| 4. juni kl 8 til 20 | |
|---|---|
| Namsskogan | 29,6 °C |
| Båtsfjord Lufthavn | 1,5 °C |
| Tjøtta | 0,4 mm |
| 4. juni kl 20 til 5. juni kl 8 | |
| Verdal-Reppe | 27,4 °C |
| Cuovddatmohkki | 0,9 °C |
| Suolovuopmi Lulit | 0,8 mm |
Ledige stillinger: systemansvarlige
Meteorologisk institutt søker Linux systemansvarlige til Serverseksjonen.

