07 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Bachelorstudium i barnevern - barnevernpedagogutdanning

Click for large picture

Studieleiar: konst. 1/11-31/12 2007 Ann Mari Skogvoll

Er du interessert i å arbeide med barn og unge som har det vanskeleg?
Da vil ein bachelorgrad i barnevern gi deg god kompetanse. Som barnevernpedagog får du ein spesiell kompetanse som er retta mot barn og unge sin familiesituasjon og nærmlijø. Utdanninga kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver i sosialarbeidarfeltet og også i skuleverket. Du vil kunne arbeide både med førebyggjande og med direkte brukarretta arbeid og også med sakshandsaming. Arbeidet vert retta mot mot omgivnader og familie. Barnet, den unge og vilkår for utvikling vil vere i fokus i barnevernpedagogen sitt arbeid.

Barnevernpedagogar arbeider til dømes med:
- miljøarbeid i institusjonar for barn og ungdom
- miljøarbeid i barnehage og skule
- oppsøkjande arbeid i utekontakten
- sakshandsaming i barnevernet
- i barne- og ungdomspsykiatrien.

Innhald i studiet
Studiet er sett saman av tverrfaglege emne som til dømes innheld fag og tema som: psykologi, jus, pedagogikk, samfunnsvitskap, sosialpedagogikk, miljøarbeid, kommunikasjon, etikk og aktivitetsfag. Som aktivitetsfag har du drama, og i tillegg vel du mellom musikk, friluftsliv og kunst & handverk.
Du lærer gjennom ulike arbeidsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid, ferdigheitstrening, oppgåveskriving, observasjonspraksis, brukarretta praksis og individuelt studium.
Meir informasjon om innhaldet i studiet finn i studieplanen og i rammeplanen. Studentar som tek til på studiet frå hausten 2006 følgjer ein ny studiemodell og er omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Bli kjent med yrket - praksis
Tidleg i studiet vil du få ei første innsikt i yrket gjennom å intervjue barnevernpedagogar ute i arbeid. I vårsemestret første året vil du få utdjupa innsikt i yrket gjennom ein kort observasjonspraksis i barnehage eller skulefritidsordning. Den brukarretta praksisperioden er på 19 veker og er lagd til vårsemesteret andre året. Du vil då vere utplassert ved til dømes ein institusjon for barn og/eller ungdom, utekontakt, barnehage, skule, helse- og sosialkontor.

Les meir om praksis

Forsmak på framtida samarbeid
I siste studieåret få du ein unik sjanse til å øve deg i samarbeid med framtidige samarbeidspartnarar. Du får øve deg som barnevernpedagog gjennom å arbeide med ein tenkt situasjon frå arbeidslivet. Du arbeider saman med sosionom-, vernepleiar-, førskule- og allmennlærarstudentar.

Studere i utlandet
Som barnevernstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan du søkje om å ta haustsemesteret tredje året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Dei siste åra har vi hatt studentar ved Augsburg College i USA, Tartu University i Estland og ved CVU Fyn i Danmark.

Tett fagleg oppfølging
Som student ved bachelorstudiet i barnevern ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil du få tett oppfølging under heile studiet, til dømes i samband med oppgåveskriving, under praksis og du får rettleiing både individuelt og i grupper i undervisninga.

Aktuelt

»  Jenter, vold og profesjonsforsking
Sidsel Natland ved HSF vet mer enn de fleste om unge jenter som utøver vold, og skal nå lede arbeidet med profesjonsforsking innen sosialarbeiderutdanningene ved HSF.
 


Sist endra av: Caisa Hedlund, 05. november 2007 13:42:05
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 12:44:30

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane