| Ekskursjonar | |
| Sogn og Bergen |
| Timeplan vår | |
| SA520 Ressursar, menneske og teknologi |
| Studieplan | |
| Plan med pensum |

Er du interessert i fortida til heimstaden din? Vil du lære om hendingar i lokalsamfunnet og samanhengane kring dei? Er du interessert i slekta di eller likar du å studere gamle fotografi? Har du lyst til å lære korleis du skal finne fram i lokalhistoriske arkiv og kva for kjelder som finst? Då kan studiet i lokalhistorie vere faget for deg.
I dette studiet får du lære korleis samspelet mellom ressursar, menneske og teknologi har endra seg over tid.
Gjennom ei førelesingsrekke som går over to semester får du innføring i faget, metodane og i realhistorie. Ut frå dette skal du først skrive ei mindre oppgåve på 5-7 sider og deretter ei større oppgåve på 10-15 sider basert på kjelder av ulik karakter. Det blir gitt rettleiing knytt til skriving av oppgåvene. I tillegg vert det praktisk øving med å bruke lokalhistoriske kjelder.
Studieleiar: førsteamanuensis Rasmus Sunde
Sist endra av: Caisa Hedlund, 22. desember 2006 13:36:10
Publisert av: Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 17:07:03
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane