16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Årsstudium i samfunnsfag

Klikk for større bilete

Vil du verte journalist eller skribent? Kan hende er det økonomifaget eller læraryrket som freistar deg mest? Eller satsar du på ei sosial- eller helsefagleg utdanning? I alle tilfelle er årsstudiet vårt i samfunnsfag definitivt noko for deg! Dette studiet gir deg solide kunnskapar om både den historiske og samtidige samfunnsutviklinga og ei djupare innsikt i sentrale utviklingsprosessar. Du får i tillegg eit sjølvstendig grunnlag for å vurdere kritisk den historiefaglege og samfunnsvitskapelege forskinga, og ikkje minst bruken av slik forsking i media.

Studiet er identisk med første året i bachelorstudiet i historie og er sett saman av fire emne som alle utgjer 15 studiepoeng. I haustsemesteret vert det gitt ei innføring i eldre historie frå mellomalderen til 1870 og dessutan ei innføring i historie og samfunnsvitskapeleg metode. I vårsemesteret vert studiet ført vidare med emna Nyare historie, som omfattar tidsrommet fram til 1945, og Globalisering som gir ei historisk-sosiologisk forståing av seinare tids globalisering av politikk og media.

Studiet er sett saman av forelesingar, seminar og oppgåveskriving. I tillegg vert det lagt vekt på sjølvstudium og diskusjon i mindre grupper. Studentane skriv mindre oppgåver som del av eksamen. I tillegg til innlevering av mappeoppgåver vert det gjennomført skriftleg eksamen.

Yrkesutdanning eller vidare studium?
Faget er til dømes relevant for arbeid innan media, ulike kulturinstitusjonar eller offentleg verksemd. Saman med andre skulerelevante fag og praktisk-pedagogisk utdanning kan studiet i samfunnsfag kvalifisere til undervisningsstilling i skulen. Studiet kan gå inn i valfagdelen av den fireårige allmennlærarutdanninga. Det høver òg som vidareutdanning for lærarar. Studiet kan også gå inn som del av ein bachelorgrad i til dømes sosiologi ved HSF og/eller danne grunnlag for vidare studium ved universitet og høgskular.

Studieleiar: førsteamanuensis Rasmus Sunde

»  Historia om Sogndalsfjøra for nye studentar
Som ein del av oppstarten for dei nye studentane på bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag valde faglærararne å ta med dei nye studentane på ei byvandring i Sogndalsfjøra.
 


Sist endra av: Caisa Hedlund, 13. desember 2006 11:27:46
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 17:22:30

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane