16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Bachelor i historie

Klikk for større bilete

Likar du å reise både her i landet og i utlandet? Trur du at reiseopplevingane dine blir større dersom du har med deg historiekunnskapar i bagasjen? Er du elles generelt interessert i å lære om fortida for betre å kunne forstå samtida? Då er historie rette faget for deg! Bachelorstudiet vårt i historie vil gi kunnskap om og innsikt i viktige sider av den historiske utviklinga i og utanfor vårt eige land.

Studiet bygger på ei kronologisk innføring i historiefaget frå mellomalderen fram til i dag. Ved HSF legg vi vekt på at historiestudiet skal ha ein lokal, regional, nasjonal og global synsvinkel både når det gjeld metode, kjeldebruk og realhistorie. Studiet blir lagt opp med forelesingar, seminar og oppgåveskriving. I studiet skriv du fleire mindre oppgåver som tel som ein del av eksamen og ei større bacheloroppgåve der du har høve til å skrive om eit lokalhistorisk emne du interesserer deg for. Oppgåva gir deg ei første spesialisering innanfor historiefaget, som du kan byggje vidare på i seinare studiar eller i arbeidssamanhengar.

Ein bachelorgrad i historie kan blant anna kvalifisere for medie- og kulturarbeid, arbeid ved museum, arkiv, forlag og ymse utgreiingsarbeid. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning gir bachelorstudiet undervisningskompetanse. Bachelor i historie kvalifiserer til studium på mastergradsnivå i historie og ulike typar tverrfaglege masterstudium der historie inngår.

Studieleiar: førsteamanuensis Rasmus Sunde

Aktuelt

»  Barndommens og ungdommens historie - Nytt emne våren 2007
 
»  Historia om Sogndalsfjøra for nye studentar
Som ein del av oppstarten for dei nye studentane på bachelorstudiet i historie og årsstudiet i samfunnsfag valde faglærararne å ta med dei nye studentane på ei byvandring i Sogndalsfjøra.
 


Sist endra av: Caisa Hedlund, 21. desember 2006 15:59:18
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 16:43:37

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane