16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Årsstudium i ungdomssosiologi

Klikk for større bilete

Studieleiar: førsteamanuensis Roger Hestholm

Kva er spesielt med ungdommen?

Vi høyrer ofte at tida vi lever i er ”ungdomsfiksert”, at dei unge formidlar eit samfunnsideal om det å vere vellukka, fri, sterk, vakker og frisk. Dei unge har alle sjansar i livet, vert det sagt. Alle viktige livsval gjenstår framleis, og vaksensamfunnet misunnar dei tida, den oppdaterte kunnskapen, helsa, dei nye erfaringane, kreativiteten og dei mindre strenge normene for oppførsel.

Like ofte høyrer vi ei anna historie; Ungdomsfikseringa inneber ei nedvurdering av viktige ”vaksne” verdiar som lang erfaring, kunnskapstradisjonar, arbeidsmoral, pliktkjensle og stabilitet. Vi går mot eit ”barnsleg” samfunn, der ansvar blir bytta mot egoistisk sjølvrealisering, seriøsitet mot ironisk humor, djupne mot platt overflate.

Kva for av desse skildringane har mest for seg? Er ungdommen sin sterke reelle og symbolske posisjon i samfunnet eit positivt og nødvendig trekk ved eit samfunn i rask endring, eller er dette heller uttrykk for samfunnsmessige oppløysingstendensar? Dessutan; I kva grad samsvarar desse skildringane eigentleg med det vi veit om ungdom i det seinmoderne samfunnet? Har ungdom ei så stor innverknad som det kan verke som, eller er dette påstandar og førestellingar som blir sett fram av tabloide media og nostalgiske vaksne? Kva for grupper av ungdommar er det som eventuelt ber fram det nye samfunnet, og kva for grupper fell utanfor i det nye?

Årsstudiet i ungdomssosiologi tek for seg desse spørsmåla innafor ramma av faget sosiologi. Du får ei grunnleggjande innsikt i utviklinga av det moderne samfunnet med utgangspunkt i kjerneperspektiv i sosiologien. Frå ein sosiologisk ståstad kan ein berre studere ungdom med basis i kjennskap til desse perspektiva. I det industrialiserte vesten har ”ungdom” gradvis vakse fram som ein meiningsfull kategori, men kva for meining som ligg i omgrepet kan variere over tid, etter lokalitet, i høve klasse, kjønn og kva samfunnsinstitusjon ein konsentrerer seg om. Spenninga mellom tradisjon og fridom går som ein rød tråd gjennom studiet av dei unge i samanheng med familie, fritid, utdanning og media.

Med utgangspunkt i årsstudiet i ungdomssosiologi kan du gå vidare til bachelorstudiet i sosiologi ved HSF. (Sjå eigen omtale)

Studiet innheld disiplinemna:
-Sosiologiske perspektiv
-Ulikskap og marginalisering
-Sosiale institusjonar

I tillegg tek du emnet Samfunnsvitskapleg metode, som gir introduksjon til sentrale metodar og omgrep i samfunnsvitskapleg forsking.



Sist endra av: Caisa Hedlund, 27. desember 2006 13:24:38
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 09:52:36

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane