16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Bachelor i sosialt arbeid - sosionomutdanning

Klikk for større bilete

Studieleiar: høgskulelærar Svanhildur Gudmundsdottir

Vil du lære deg å arbeide profesjonelt med menneske i ulike livsfasar?
Sosionomutdanninga kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og mot ulike målgrupper. Brukaren er vanlegvis ein enkeltperson, ein familie eller ei gruppe, men det kan også vere ein organisasjon eller eit lokalsamfunn. Profesjonelt sosialt arbeid skjer i hovudsak i direkte kontakt mellom sosionomen og brukaren, men du vil også kunne arbeide med førebygging og planlegging.

Kor arbeider ein sosionom?
Sosionomar jobber til dømes:
- i helse- og sosialtenesta
- i kriminalomsorga
- ved asylmottak
- på arbeidskontor
- i psykiatrien
- på trygdekontor
- ved familierådgivingskontor.

Innhald i studiet
Studiet er sett saman av tverrfaglege emne som til dømes innheld fag og tema som: sosialt arbeid, sosiologi, psykologi, jus, sosialpolitikk, etikk, kommunikasjon og konflikthandtering. Du lærer gjennom ulike arbeidsformer som forelesingar, seminar, gruppearbeid, kommunikasjonstrening, oppgåveskriving, prosjektpraksis, brukarretta praksis og individuelt studium. Meir informasjon om innhaldet i studiet finn du i studieplanen og i rammeplanen. Studentar som tek til på studiet frå hausten 2006 følgjer ein ny studiemodell og er omfatta av Forskrift om skikkethet i høyere utdanning.

Bli kjent med yrket - praksis
1. året
Tidleg i studiet vil du få ei første innsikt i yrket gjennom å intervjue sosionomar ute i arbeid. Utdjupa innsikt vil du få gjennom prosjektpraksis i vårsemesteret der studentane arbeider i grupper ved Høgskulen, etter først å ha vitja og utført intervju ved ein arbeidsplass.
2. året
Vårsemesteret er praksis. Du vil vere utplassert i 19 veker* ved til dømes helse- og sosialkontor, trygdekontor, institusjon for barn/ungdom, psykiatri, kriminalomsorg, arbeidskontor, pedagogisk- psykologisk rådgivingsteneste (PPT).
*2006: 16 veker haust.

Les meir om praksis

Forsmak på framtida samarbeid
I siste studieåret få du ein unik sjanse til å øve deg i samarbeid med framtidige samarbeidspartnarar. Du får øve deg som sosionom gjennom å arbeide med ein tenkt situasjon får arbeidsfeltet. Du arbeider saman med barnevern, vernepleiar-, førskule- og allmennlærarstudentar.

Bli kjent med medstudentar
I løpet av den første veka av studiet vil du lære å kjenne dine medstudentar gjennom eit "Bli kjent-kurs". Du vil også bli kjent med studentane på dei andre profesjonsutdanningane ved avdelinga: barnevern- og vernepleiarstudentane.

Studere i utlandet
Som sosionomstudent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan du søkje om å ta haustsemestret tredje studieåret ved ein utanlandsk utdannings-institusjon. Hausten 2005 hadde vi studentar ved University of South Australia i Adelaide, Australia og ved Tartu Universitet i Estland.

Tett fagleg oppfølging
Som student ved bachelorstudiet i sosialt arbeid ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vil du få tett oppfølging under heile studiet, til dømes i samband med oppgåveskriving, under praksis og du får rettleiing både individuelt og gruppevis i undervisninga.

Studieleiar: høgskulelærar Svanhildur Gudmundsdottir.



Sist endra av: Caisa Hedlund, 27. desember 2006 12:44:46
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 13:50:50

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane