Patentstyret
Patentstyret
Forsking og patentering
Universiteta er med si forsking og sine lærarkrefter blant dei største pådrivarane til innovasjon i Noreg.

For å styrkje den økonomiske veksten er det derfor svært viktig å overføre kunnskapen som blir skapt ved universitet og forskingsinstitusjonar til industrien/næringslivet for kommersiell utnytting. Denne overføringa krev at næringslivet lisensierer patenta sine til universitet og forskingsinstitusjonar. Dette samarbeidet kan, basert på patentrettar, føre til meir ressursar til forskinga og større økonomisk vekst for Noreg.

Som ei følgje av endringar i lov om arbeidstakaroppfinningar og i universitets- og høgskolelova 1. januar 2003 får universitet no eit insentiv til å fokusere på å overføre forsking til næringslivet. Dette er ein vinn–vinn-situasjon for både forskinga og næringslivet. Universiteta får høve til å utnytte forsking i form av lisensiering og royaltyinntekter. Dette gir auka ressursar til forsking og større utveksling mellom industrien og akademiske institusjonar.  
 

 Fakta:

Etter lov om arbeidstakaroppfinningar har tilsette ved universitet og høgskolar plikt til utan unødig opphald å gi skriftleg melding til arbeidsgivaren dersom det ligg føre eit forskingsresultat eller ei oppfinning som ser ut til å vere patenterbar. Om arbeidsgivaren vil skaffe seg rett til ei oppfinning, må han underrette arbeidstakaren skriftleg om dette innan fire månader etter at han har fått meldinga.

 

TTO – brubyggjar mellom forsking og næringsliv

Som eit resultat av at universiteta har høve til å utnytte forskinga som skjer ved institusjonane, har alle universiteta oppretta teknologioverføringseiningar, såkalla TTO-ar (Technology Transfer Office). Desse selskapa skal fungere som brubyggjarar mellom næringslivet og forskinga. Dei vil også vere pådrivarar ved universiteta for å kommersialisere forskinga. Teknologioverføringseiningane i Noreg er:

  

Publisere eller patentere?

I debatten rundt forsking og patentering blir ofte publisering og patentering sette opp mot kvarandre. Publisering er viktig for kunnskapsspreiinga i samfunnet og er ein viktig del av det arbeidet forskarane gjer. Frå forskingsmiljøet er det reist problemstillingar rundt openheit (publisering) og patentering, og debatten går også om kor kommersielt innretta forskinga skal vere. 
pil Les meir om dette i forskingsmagasinet Apollon nr. 3/2003.

 

Forundersøkingar – før forskinga tek til

Tidlegare undersøkingar i EU har vist at ein tredel av forskingsprosjekta innanfor teknologi og industri allereie er patenterte. Vi trur dessverre ikkje at forholda er særleg annleis i Noreg enn i resten av Europa. Det inneber at det også i Noreg blir brukt millionar av kroner på å forske på teknologi som allereie er patentert eller gjord greie for i patentlitteraturen. Ved å få utført ei forundersøking kan forskarar som vil gå i gang med eit nytt prosjekt, få vite kva som allereie er gjort av arbeid på området.
pil Les meir om forundersøkingar

  

Meir om forsking og patentering:


Seksjonssjef Hildegun Raa Grette i Patentstyret svarer på spørsmål om oppfinningar i arbeidsforhold.
E-post: This is a mailto link

 


Sist endret: 05.12.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette