Patentstyret
Patentstyret
IPR-strategi
Kva er den viktigaste strategiske ressursen i bedrifta?
Kven skal ha utbytte av innovasjonane dine?

Bedrifter som bruker IPR strategisk, har IPR som ein del av forretningsstrategien. I desse bedriftene er IPR ikkje berre eit tema for juristane og ingeniørane, men også ei viktig strategisk oppgåve for toppleiinga.

Ein gjennomarbeidd IPR-strategi kan gi bedrifta di ein viktig og varig marknadsfordel. IPR kan vere like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal. Bedrifter med effektiv IPR-strategi set einerettane sine (patent, varemerke og design) på lik linje med andre aktiva i rekneskapen. Derfor må også verdi av dei industrielle rettane fastsetjast. Den einaste som skal tene på innovasjonane dine, er du! 

IPR = Intellectual Property Rights.
På norsk: immaterielle rettar, her først og fremst patent, varemerke- og designvern

Gratis møte om verdien av strategisk produktvern

Patentstyret går aktivt ut og hjelper norske bedrifter til å klare seg i ein stadig tøffare internasjonal konkurranse. Dette gjer vi for å informere om korleis Patentstyret kan medverke til lønnsam og vellykka produktutvikling.
pil Meir informasjon om Framtidsprat

Meir om IPR-strategi:

Sist endret: 06.12.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette