Patentstyret
Patentstyret
Frå 1. januar 2008!

EPO-medlemskap

Noreg blir medlem av Den europeiske patentorganisasjonen frå 1. januar 2008. Bedrifter som patenterer i Noreg og andre medlemsland, får ein enklare kvardag. Stadig fleire patent med verknad i Noreg vil kunne medføre sterkare konkurranse for norske bedrifter.
pil Les meir under Ofte stilte spørsmål
 

Nordic Patent Institute

Nordic Patent Institute vil vere i drift frå 1. januar 2008. Instituttet er eit samarbeid mellom patentstyresmaktene i Danmark, Noreg og Island og hovudoppgåva er å levere ulike typar tenester innanfor patentområdet til andre patentstyresmakter og til private kundar.
pil Les meir på nettstaden til Nordic Patent Institute
pil Les meir under Ofte stilte spørsmål
 

EPOs representasjonsreglar

Overfor EPO er det ikkje representasjonsplikt dersom ein er søkjar frå eit medlemsland. Ein kan altså representere seg sjølv. Sjølvrepresentasjon kan vere anten ein sjølv eller ein tilsett. Dersom ein skal la seg representere ved fullmektig, må denne vere autorisert. Her finn du svar på spørsmål om kva kriterium som må oppfyllast i dei einskilde tilfella.
pil Les meir under Ofte stilte spørsmål

Sist endret: 05.12.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette