Patentstyret
Patentstyret
Patentering av bioteknologi
Patentering av bioteknologi har vore eit heitt debattema dei siste ti åra. Dette er eit tema som vekkjer kjensler hos folk.

Det har vore mykje diskutert om det å patentere materiale som finst i naturen, er riktig: ”Vi patenterer liv – vi patenterer Guds skaparverk – dette er oppdagingar og ikkje oppfinningar.”

Diskusjonen har vore engasjerande og spennande, men faktum er at mykje innanfor bioteknologien allereie kan patenterast. Patenteringsaktiviteten har dei siste åra retta seg mot gen og protein, og mindre innanfor meir tradisjonell bioteknologi.

 

Det er på tide avlive myten om at det ikkje er mogleg å patentere gen. Det er faktisk mogleg å patentere gen – både gen som er identiske med dei som finst i naturen, og gen som er modifiserte slik at dei er forskjellige frå dei som finst i naturen. Det som sjølvsagt er viktig å hugse på, er at dei alminnelege vilkåra for patenterbarheit (nyheitskrav, oppfinningshøgd og industriell nytteverdi –les meir om patentering) må vere oppfylte også for denne typen oppfinningar. Om genet kan patenterast, er uavhengig av kvar det stammar frå. Det vil seie at du kan patentere gen frå menneske, dyr, plantar, mikroorganismar osv. (sjå oversikt over slike patent som er gitt i Noreg). Det har i denne samanheng vore diskutert om det er riktig å gi produktpatent på gen, eller om ein heller burde gi meir avgrensa patent i form av framgangsmåtar (les meir på nettsidene til Nuffield Council on Bioethics).
 

Kva kan (ikkje) patenterast?

1. februar 2004 blei EU-direktivet for patentering av bioteknologiske oppfinningar implementert i norsk lov. Dette har gitt endringar i kva som kan patenterast. Den største endringa er at vi no kan patentere oppfinningar som gjeld plantar og dyr i Noreg. Det står i patentlova at vi ikkje kan patentere plantesortar eller dyrerasar, men oppfinningar som ikkje er avgrensa til spesifikke plantesortar eller dyrerasar, er det mogleg å patentere. Eit eksempel på kva dette inneber, er at vi no kan gi patent på ei genmodifisert mus, men ikkje på ein genmodifisert dyrerase  (se avgjørelse vedr. oncomus saken i EPO).
 

Etisk komité

Når det gjeld patentsøknader som omfattar dyr, er det lagt inn ein restriksjon om at vi skal vurdere lidingar dyret må gjennom, opp mot den medisinske nytteverdien for menneska. I den samanheng er det oppretta ein etisk komité som ligg under Dei forskingsetiske komiteane der Patentstyret kan søkje råd i saker som er etisk problematiske, for eksempel saker som gjeld dyr og lidingar dei må oppleve.

Tidlegare bransjesjef Marianne Grøstad Nesje presenterer temaet "Patentering av bioteknologi"

Har du spørsmål om patentering av bioteknologi, kan du ta kontakt med Cathrine Fahre Holt,
epost: This is a mailto link

Meir om patentering av bioteknologi:

Sist endret: 11.12.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette