Patentstyret
Patentstyret
Uutnytta potensial – lisensiering
Berre 8 % av norske bedrifter lisensierer ut registrerte oppfinningar, varemerke eller designar. Mange utnyttar ikkje inntektspotensialet som ligg i desse rettane.

Det tradisjonelle perspektivet på industrielle rettar er den defensive bruken (kopivern). Eit vidare perspektiv er å utnytte det kommersielle potensialet som ligg i industrielle rettar. Her er det inntekter å hente for mange bedrifter.

Det uutnytta potensialet for norske bedrifter ligg blant anna i å lisensiere ut rettar til oppfinningar, kjenneteikn og design som av ulike årsaker ikkje er ein del av kjerneverksemda deira. Det er også mogleg å oppnå inntekter av lisensiering til aktørar som forsyner marknader bedrifta reknar som uinteressante eller utilgjengelege.

Breiare bruk av registrerte rettar

Patent, varemerkerettar og designrettar blir ofte brukte for å dokumentere eigne einerettar, f.eks. i konfliktar med konkurrentar. Sikring av investeringar i FoU, merkevarebygging og designutvikling er også ein viktig motivasjon for å skaffe seg einerett til innovasjonar i eiga bedrift.

– Å ha eit breiare perspektiv for bruk av dei registrerte rettane kan verke positivt inn på botnlinja til kvar einskild bedrift. Det gjeld å hente ut det fulle potensialet i rettane sine og utnytte dei kommersielle fordelane som rettane gir. Registrerte rettar er ein solid grunnstein for gode lisensavtalar. Ein offensiv strategi sender også signal om seriøsitet og ambisjonsnivå som kan vere viktige i forhandlingar om lisensar, seier direktør i Patentstyret, Jørgen Smith.

– Bedrifter som ønskjer å lisensiere ut, kan nytte den informasjonen som finst i Patentstyrets register. Patentstyret kan gjere ei forundersøking for å identifisere potensielle samarbeidspartnarar på aktuelle felt.

8 % lisensierer ut einerettane sine

Ei undersøking Patentstyret har fått utført, viser at 8 % av norske bedrifter lisensierer ut registrerte oppfinningar, varemerke eller designar. Mange av desse er eksportbedrifter.
Undersøkinga er utført av Perduco AS på oppdrag frå Patentstyret. Ho blei gjennomført i november/desember 2006 og er den første undersøkinga som ser på dette forholdet nasjonalt. Patentstyret vil følgje opp utviklinga på området i dei neste åra.

pil Les resultata frå undersøkinga

 

Sist endret: 11.12.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette