Kap. III - Støtte til søkjar i høgre utdanning osv.

1 KVEN SOM ER OMFATTA AV KAPITLET

1.1

Dette kapitlet gjeld søkjar som tek høgre utdanning, og søkjar som tek anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1.

Dette kapitlet gjeld og vaksen søkjar med rett til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-1 og § 4A-3.

N
Med "anna utdanning som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1" er meint all opplæring som ikkje følgjer læreplan for offentlege vidaregåande skolar, mellom anna folkehøgskolar, IT-skolar, tekniske fagskolar, bibelskolar, kunstskolar og ulike private korte yrkesretta utdanningar som blir tekne etter vanleg vidaregåande skole. Det omfattar også søkjar som går på ein vanleg vidaregåande skole, men som ikkje har rett til opplæringa etter opplæringslova § 3-1.

Sjå nærmare reglar til kapittel I punkt 1.2.1 når det gjeld hovudinnhaldet i retten til vidaregåande opplæring.

N
Orientering om opplæringslova § 4A-1:
Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1.

N
Orientering om opplæringslova § 4A-3:
Dei som er fødde før 1. januar 1978, har rett til vidaregåande opplæring dersom dei ikkje har fullført dette frå før.

2 BASISSTØTTE

2.1

For 2002-03 blir det gitt opp til kr 8 000 per månad i basisstøtte.

Basisstøtta blir gitt som lån og utdanningsstipend. Ein del av stipendet blir utbetalt som lån, som kan bli gjort om til utdanningsstipend etter vilkåra i punkt 4 og 5.

N
Med "basisstøtte" er meint det beløpet som alle med rett til støtte etter kapittel I, kan få utbetalt dei månadene dei er i utdanning.

I tillegg til dette beløpet, kan søkjaren har rett til forsørgjarstipend, reisestipend, lån til skolepengar og lån til reiseutgifter til kurs etter kapittel I punkt 8.1.1.

3 FORSØRGJARSTIPEND

3.1

Søkjar kan få forsørgjarstipend for barn født i 1987 og seinare. Det blir gitt opptil kr 1 290 per månad for kvart av dei to første barna, og opptil kr 830 per månad for kvart barn fleire enn to. Forsørgjarstipendet til gift søkjar blir redusert med 60 prosent av ektefellen si bruttoinntekt over kr 18 110 per månad. Er begge ektefellene i utdanning som det kan bli gitt støtte til, blir det sett bort frå inntekta til ektefellen.

N
Forsørgjarstipend blir gitt i tillegg til basisstøtta. Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen til søkjaren, mot formuen til søkjaren sin ektefelle/sambuar, sjå punkt 5, og mot ektefelle/sambuar si brutto inntekt per månad.

N
Det blir gitt forsørgjarstipend berre for barn søkjaren bor saman med.

N
Ved behandlinga av søknad om forsørgjarstipend blir det kravd dokumentasjon på ektefelles/sambuar si inntekt.

N
Med bruttoinntekt er meint all inntekt ektefellen har, også ytingar frå anna hald osv. Er ektefellen bidragspliktig, blir bidraget trekt frå bruttoinntekta før forsørgjarstipendet blir rekna ut. Mottek ektefellen bidrag, blir bidraget lagt til inntekta før utrekninga.

N
Dersom inntekta til ektefellen varierer, reknar vi gjennomsnittet per semester. Utrekninga av trekket blir gjort ut frå dette gjennomsnittsbeløpet.

N
Ved delt omsorg blir det gitt same forsørgjarstipend som til ein einsleg.

N
Det kan bli gitt forsørgjarstipend for særkullsbarn som sambuaren/ektefellen til søkjaren har frå tidlegare.

N
Utanlandsk statsborgar kan få forsørgjarstipend berre når barnet/barna bur saman med søkjaren i Noreg.

N
Det blir ikkje gitt forsørgjarstipend for fosterbarn som søkjaren har ansvar for.

N
Forsørgjarstipend blir gitt frå same tidspunktet som ved fødselsstipend, det vil seie frå ca tre veker før fødselen.

3.1.1

Det kan ikkje bli gitt forsørgjarstipend for barn søkjaren er pliktig å betale bidrag for.

4 UTDANNINGSSTIPEND

4.1

For hausten 2002 blir 27,5 prosent av basisstøtta per månad gitt som utdanningsstipend ved utbetalinga. 7,5 prosent av basisstøtta per månad blir gitt som lån som kan bli gjort om til utdanningsstipend etter kvart som søkjaren fullfører utdanninga.

For våren 2003 blir 25 prosent av basisstøtta per månad gitt som utdanningsstipend ved utbetalinga. 15 prosent av basisstøtta per månad blir gitt som lån, som kan bli gjort om til utdanningsstipend etter kvart som søkjaren fullfører utdanninga.

N
Utdanningsstipendet består av eit beløp som blir utbetalt som stipend (utbetalingsdelen), og eit beløp som blir utbetalt som lån (konverteringsdelen). Konverteringsdelen blir gjort om til stipend når søkjaren fullfører utdanninga.

Søkjaren kan ikkje søkje om berre utbetalingsdelen av utdanningsstipendet.

N
Utdanningsstipendet er ein del av basisstøtta, og blir behovsprøvd mot inntekta og formuen til søkjaren, sjå punkt 5.

4.1.1

Søkjar som bur saman med foreldra, kan ikkje få utdanningsstipend. Søkjar som er gift og/eller har barn, kan likevel få utdanningsstipend sjølv om han/ho bur saman med foreldra.

Utdanningsstipend blir ikkje gitt til mellom anna:

– søkjar som bur i same bustad som foreldra

– søkjar som har eiga bueining i huset der foreldra bur

– søkjar som bur i bueining som høyrer til huset der foreldra bur

N
Dette inneber at søkjar som bur saman med foreldra, får utbetalt basisstøtta, men heile beløpet blir betalt ut som lån. Lån blir ikkje gjort om til stipend ved fullført utdanning.

N
Søkjar som har vore gift, eller er sambuar med felles barn, kan få utdanningsstipend sjølv om han bur saman med foreldra.

N
Ugift søkjar som har bidragsplikt for barn og ikkje bur saman med barnet, får ikkje utdanningsstipend når han bur saman med foreldra.

N
Søkjar kan få utdanningsstipend når søkjaren og ein av foreldra bur saman medan dei begge er i utdanning, og av den grunn mellombels bur borte frå den ordinære bustaden.

4.1.2

Sjølv om vilkåret om fullført utdanning ikkje er oppfylt, kan omgjering av lån til utdanningsstipend likevel bli gitt i semester der søkjaren:

– har fått stipend på grunn av fødsel, sjå kap. IV punkt 2

– har fått omgjering av lån til stipend på grunn av sjukdom, sjå kap. IV punkt 3

– har blitt forseinka på grunn av funksjonshemming, sjå kap. I punkt 11.1.2

– har hatt tillitsverv på fulltid i minst tre månader i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad

N
Den delen av stipendet som er avhengig av fullført utdanning, blir likevel konvertert i slike semester sjølv om søkjaren ikkje tek eksamen.

N
Sjukestipend og fødselsstipend blir gitt i den tida søkjaren har rett til det, og han/ho får vanleg støtte med fullt utdanningsstipend dersom han/ho held fram i utdanninga.

5 GJENNOMFØRING AV OMGJERINGA

5.1

I utdanning der faglege resultat blir oppnådde gjennom vekttal, blir lån gjort om til stipend for kvart vekttal som blir bestått. Lån kan bli gjort om til stipend for opptil 10 vekttal per semester.

I anna utdanning blir lån gjort om til stipend når utdanninga/kurset er bestått.

For søkjar i utdanning utan eksamen blir lån gjort om til stipend når heile utdanninga er fullført.

N
Omgjering av lån til stipend blir til vanleg gjort to gonger per år. Lånekassen gjer om lån til stipend på bakgrunn av dei opplysningane om faglege forhold som blir sende inn frå lærestaden.

N
For studentar i utlandet blir omgjeringa gjord når graden er fullført. Ved lengre utdanningar kan omgjering i tillegg bli gjord i løpet av utdanninga.

Desse studentane må sjølve sende inn dokumentasjon på fullført utdanning.

5.1.1

Dersom søkjaren fullfører meir utdanning enn normert, eller tek utdanning utan støtte, kan lån for tidlegare periodar bli gjort om til stipend, dersom søkjaren ikkje har fått fullt utdanningsstipend for desse periodane.

Omgjeringa blir gitt for dei siste semestra først, sjå likevel punkt 4.1.1. Dersom søkjaren dokumenterer at han/ho blei forseinka på eit anna tidspunkt, kan dette bli lagt til grunn.

Denne delen av stipendet kan ikkje bli utbetalt til søkjarar som ikkje har gjeld i Lånekassen.

N
Dette inneber at søkjaren vil kunne ta igjen tidlegare forseinking, slik at han/ho får fullt utdanningsstipend for tidlegare periodar. Søkjaren kan ta igjen forseinking anten ved å ta meir utdanning/fleire vekttal enn normert, eller ved å ta utdanning utan støtte.

N
Dersom låntakaren tek igjen forseinking, reknar Lånekassen bakover til det siste semesteret når låntakaren blei forseinka. Dersom låntakaren var heimebuar i det semesteret, blir likevel ikkje lån gjort om til stipend.

5.1.2

Dersom søkjaren fullfører meir utdanning enn normert, eller tek utdanning utan støtte, og tidlegare har fått fullt utdanningsstipend, kan utdanningsstipend bli gitt for seinare periodar med støtte der dei faglege vilkåra for å gjere om lån til utdanningsstipend ikkje er oppfylte.

Dette inneber at søkjaren kan samle opp vekttal/utdanning som han/ho kan få omgjort stipend for seinare dersom han/ho blir forseinka.

6 FRÅDRAG I STIPEND

6.1

Utdanningsstipend og forsørgjarstipend kan bli reduserte på grunnlag av inntekta til søkjaren. Har søkjaren ei personinntekt over kr 100 000 ved skattelikninga for det året støtta blei tildelt, blir stipenda reduserte med 60 prosent av inntekt over grensa. Dersom søkjaren har fått støtte i 7 månader eller mindre i eit kalenderår, blir inntektsgrensa heva til kr 250 000.

For søkjar som mottek trygd eller pensjonsytingar, blir stipendet redusert når trygd eller pensjonsytingar er over kr 53 500. Dersom søkjaren har fått støtte i 7 månader eller mindre i eit kalenderår, blir grensa heva til kr 150 000.

N
Lånekassen legg til grunn det som går fram som personinntekt på likninga.

For lønnstakarar, pensjonistar og andre som ikkje er sjølvstendig næringsdrivande, er dette summen av skattepliktig brutto arbeidsinntekt osv., skattepliktig brutto pensjonsinntekt osv. og andre skattepliktige bruttoytingar frå folketrygda. For desse er personinntekt brutto skattepliktig inntekt utan nokon som helst frådrag.

Dette inneber at Lånekassen ser bort frå bidrag til søkjar og søkjars barn, alle kapitalinntekter som gevinst ved sal av bustad, tomt og annan fast eigedom, renter av bankinnskott og uteståande fordringar, inntekt ved utleige av fast eigedom utanom næring, aksjeutbytte, skattepliktig gevinst ved sal av aksjar og verdipapirfond, inntekt frå utlandet osv. (Opplistinga er ikkje fullstendig.)

For sjølvstendig næringsdrivande som driv einmannsføretak, deltakarlikna selskap og aksjeselskap, blir personinntekta fastsett etter eigne reglar. Det er den personinntekta som blir fastsett av skattestyresmaktene som Lånekassen skal leggje til grunn ved behandlinga.

N
Ved kombinasjon av arbeidsinntekt og trygdeytingar skal det takast omsyn til beløp det er trekt for, slik at søkjaren ikkje blir trekt to gonger for det same beløpet.

6.2

Utdanningsstipend og forsørgjarstipend kan bli reduserte på grunnlag av formue. Skattelikninga for det året søkjaren har fått støtte, blir lagd til grunn. Av formuen til einsleg søkjar over kr 198 000 går to prosent per månad til frådrag. Av formuen til gift søkjar (formuen til søkjaren og ektefellen) over kr 380 000 går ein prosent per månad til frådrag. Lånekassen kan sjå bort frå formue som ektefellen til søkjaren har i særeige.

N
At ektefellen har hatt formuen med seg inn i ekteskapet, gir ikkje i seg sjølv grunnlag for å sjå bort frå formuen eller gi høgare fribeløp. Særeige må dokumenterast ved kopi av tinglyst ektepakt.

N
Sambuarar kan ikkje ha særeige, og støtta må derfor behovsprøvast etter formuen til sambuar.

N
Lånekassen kan vurdere å redusere netto positiv formue for den eine av sambuarane med eventuell netto negativ formue for den andre. For at Lånekassen skal kunne vurdere samla netto formue, må utskrift av likninga for det gjeldande likningsåret hentast inn.

N
Dersom det blir dokumentert at delar av den formuen som kjem fram på likningsattesten, tilhøyrer barna til søkjaren, for eksempel ved at den blir disponert av Overformynderiet, skal det bli sett bort frå den delen når formuen blir fastsett.

6.3

Frådraga blir rekna ut på etterskott når likninga ligg føre. Frådrag blir først gjort i utdanningsstipendet, deretter i forsørgjarstipendet. For mykje tildelt stipend blir gjort om til lån.

7 STØTTE SOM BERRE BLIR GITT SOM LÅN

7.1

Støtte til desse utgiftene kan berre bli gitt som lån:

7.1.1

skolepengar, til vanleg avgrensa til kr 20 860 per undervisningsår. For skolepengar i land utanfor Norden gjeld det særskilde reglar, sjå kap. V punkt 6.

7.1.2

utgifter til reise når søkjaren tek studieopphald i utlandet som er godkjent for støtte etter kap. I punkt 8.1.1.

N
Det kan bli gitt lån til ei reise tur-retur i søknadsperioden.

8 REISESTIPEND

8.1

Søkjar som ikkje bur saman med foreldra, og som er fødd i 1977 eller seinare, kan få tilskott til tre reiser tur-retur for eit heilt undervisningsår (ti månader) mellom registrert heimstad (i Folkeregisteret etter lov om folkeregistrering) i Noreg og skolestaden.

Tilskottet blir gitt som stipend etter satsane til Lånekassen. Endringar i moderasjonsordningar frå 1. januar 2002 vil ikkje påverke storleiken på reisestipendet frå undervisningsåret 2002-03. Det blir gjort eit frådrag på kr 970 per undervisningsår som søkjaren må dekkje sjølv. Maksimalt reisestipend er kr 7 000 per undervisningsår.

Det gjeld særlege reglar for reisestipend til land utanfor Norden, sjå kap. V punkt 7. Søkjar som får støtte til fjernundervisning etter kap. I punkt 4.4, kan ikkje få reisestipend.

N
Søkjar som har ei heimstadadresse (registrert adresse) som tilseier reisestipend, får slikt stipend sjølv om vedkommande bur hos foreldra under utdanninga og ikkje kan få utdanningsstipend etter unntaksreglane.

N
Reisestipend blir rekna per månad. Stipendet per månad blir avrunda oppover til nærmaste heile ti kroner. Ved utrekninga av reisestipendet blir månadssatsen multiplisert med talet på månader i søknadsperioden.
(Dette gjeld også ved støtte utover normalt undervisningsår.)

N
Ved reiser til eit anna nordisk land blir eigendelen trekt frå dei totale reisekostnadene.

N
Søkjar som studerer i land utanfor Norden, og som melder utflytting, får utanlands reisetillegg (lån og stipend) rekna frå Oslo til studielandet. Det blir ikkje gitt reisestipend for reiser i Noreg/Norden når det er meldt utflytting frå Noreg. Det kan likevel bli gitt reisestipend dersom det er dokumentert at søkjaren har måtta melde utflytting frå Noreg fordi studielandet krev det.

N
Søkjar over aldersgrensa får reisestipend til Svalbard berre dersom søkjaren sjølv er registrert i folkeregisteret på Svalbard.

N
Det blir ikkje gitt reisestipend ved fjernundervisning. Det kan likevel bli gitt reisestipend ved kombinasjon av klasseromsundervisning og fjernundervisning når klasseromsundervisninga er obligatorisk.