Kap. X - Støtte og ettergiving for statsborgarar frå land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland

1 OMFANG

1.1

Dette kapitlet gjeld for statsborgarar over 18 år frå land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland som blei tekne opp ved høgskole eller universitet i Noreg frå og med haustsemesteret 1994, etter dei vilkåra som Utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett for eit særskilt utdanningsprogram med kvotetildeling.

N
Lista over utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa viser kva land som er godkjende under denne ordninga for 2002-03. I tillegg kjem personar med palestinsk bakgrunn og universitetstilknyting frå dei universiteta som står på lista.

2 KRAV TIL SØKJAREN

2.1

Det er eit vilkår at søkjaren har fått studieplass i høgre utdanning etter det utdanningsprogrammet som er nemnt i punkt 1.1, har opphaldsløyve som utdanningssøkjar, og skal bruke utdanninga i heimlandet når studiet er fullført.

N
Det blir ikkje stilt krav om stadfesting på at søkjaren skal bruke utdanninga i heimlandet. Stadfesting på opphaldsløyve som utdanningssøkjar må vere vedlagd den første søknaden. Det same gjeld stadfesting på opptak i godkjend utdanning, dersom det ikkje går fram av liste frå lærestaden e.l.

2.2

Det er til vanleg eit vilkår at søkjaren skal søkje om opptak frå heimlandet og kunne dokumentere opphald i heimlandet i minst eitt år før opptak i programmet. Unntak frå kravet om å søkje frå heimlandet kan bli gjort for søkjar som tidlegare har fått støtte frå Lånekassen, eller som har finansiert utdanning i Noreg på annan måte. Det er då ein føresetnad at samla studietid ikkje blir meir enn fem år.

N
Søknad om opptak frå eit anna land enn heimlandet skal normalt ikkje bli godteke. Men frå og med opptaket i 1995-96 godtek Lånekassen også søkjarar som er i Noreg, og som allereie har fått støtte frå Lånekassen, NORAD og Noregs forskingsråd, eller som har finansiert utdanning i Noreg på annan måte. Også utdanning i Noreg finansiert gjennom NORAD, Noregs forskingsråd eller på annan måte, skal telje med i kor mange år det kan bli gitt støtte.


3 UTDANNINGSOPPLEGG, FAGLEG PLAN OG INNFØRINGSPROGRAM

3.1

Utdannings- og forskingsdepartementet fastset nærare reglar for omfanget av det særskilt tilrettelagde utdanningsprogrammet, og kva for studieopplegg ved norske universitet og høgskolar som kan bli med under ordninga. Programma må vere godkjende for støtte frå Lånekassen før dei kan inngå i ordninga.

3.2

Det kan bli gitt støtte berre til det utdanningsprogrammet innanfor kvoteordninga som søkjaren er teken opp til.

3.3

Søkjar som er teken opp til eit utdanningsprogram etter punkt 3.2, kan få støtte i inntil eitt år til innføringskurs i norsk før fagutdanninga.

N
Det er ein føresetnad at det ordinære utdanningsprogrammet krev norskkunnskapar.

N
Det blir ikkje gitt støtte til repetisjon av innføringskurs.

4 KOR LANG TID DET KAN BLI GITT STØTTE

4.1

Lånekassen kontrollerer den faglege framgangen.

4.2

Det kan bli gitt støtte for den tida som er fastsett for utdanninga. Eit eventuelt innføringsprogram i norsk kjem i tillegg, jamfør punkt 3.3.

4.2.1

Ved forseinking i utdanninga kan det bli gitt støtte i inntil eitt år meir enn normert tid.

4.3

Det kan bli gitt støtte til hovudfags- og doktorgradsutdanning. Det er eit vilkår at det samla utdanningsprogrammet ikkje varer i meir enn fire år. Dersom søkjaren planlegg doktorgradsutdanning, kan det berre bli gitt støtte i eitt år på hovudfagsnivå.

4.3.1

Dersom feltarbeid i heimlandet i minst eitt år inngår i utdanningsprogrammet, kan det til saman bli gitt støtte i opptil fem år. Støtte til feltarbeid blir gitt etter dei same reglane som gjeld for norske søkjarar, jamfør kap. I, punkt 8.1.

N
Det er ein føresetnad at feltarbeidet startar etter at søkjaren har begynt i utdanninga i Noreg. Feltarbeidet må inngå som ein del av det faglege opplegget og vere klarlagt og tilrådd av lærestaden på førehand. Det kan bli gitt støtte til feltarbeid i heimlandet i fleire periodar dersom det er ein del av studieopplegget. Dette blir godteke som utvida studieår dersom feltarbeidet blir gjennomført om sommaren.

N
Ved feltarbeid blir det gitt vanleg støtte til reiser og opphald etter dei reglane som elles gjeld ved delstudium i utlandet.

N
Det kan bli gitt støtte til delstudium i eit tredje land på dei same vilkåra som gjeld for andre utanlandske statsborgarar, jamfør nærmare reglar til kap. I punkt 8.1. Den totale støttetida blir ikkje utvida på grunn av eit slikt delstudium.

4.4

Til profesjonsutdanningar kan det bli gitt støtte i opptil fire år. For desse utdanningane gjeld ikkje kravet om to års høgre utdanning før opptak på kvoteprogram.

4.4.1

Eit eventuelt innføringsprogram i norsk kjem i tillegg, jamfør punkt 3.3.

5 UTREKNING AV STØTTEBELØPET

5.1

Ved utrekning av støttebeløpet gjeld dei same reglane og satsane som ved utrekning av støttebeløpet i kap. III. Det same gjeld reglane i kap. IV, punkta 2 og 3. Det kan bli gitt tilskott til innreise ved starten av utdanningsprogrammet og til heimreise når utdanninga er avslutta. Det kan også bli gitt tilskott til ei årleg heimreise etter satsane i Lånekassen, når studiet har vart i meir enn eitt år og søkjaren ikkje har hatt feltarbeid i heimlandet i semesteret før, eller planlegg feltarbeid semesteret etter.

Støtte til reise blir gitt med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån.

N
For søkjarar som begynte utdanninga i Noreg i 1996-97 eller seinare, kan det bli gitt støtte til innreise til Noreg. Søkjaren kan ikkje søkje om støtte, inklusive støtte til innreise, før alle nødvendige opplysningar ligg føre. Søknadsblankett B med påført norsk personnummer skal brukast. Ved eittårige utdanningar blir det gitt tilsvarande reisestøtte når søkjaren reiser heim etter avslutta utdanning. Søkjarar som har fått støtte tidlegare same året, kan søkje i form av brev med nødvendig dokumentasjon.

N
Ved fleirårige utdanningar kan det i tillegg til reisestøtte ved inn- og utreise også bli gitt reisestøtte til ei tur-returreise per år (utover eitt år) til heimlandet. Støtte til den årlege heimreisa blir til vanleg gitt for sommaren. I tilfelle der søkjaren følgjer eit spesielt opplegg som føreset studium om sommaren, kan støtte til reise bli gitt på eit anna tidspunkt. Det er ein føresetnad at opplegget er fagleg grunngitt, og at det ligg føre stadfesting frå rettleiar e.l.

N
Støtte til reiser etter kap. X kan berre bli gitt til reiser som blir gjennomførte. Før støtta kan bli gitt, må det liggje føre dokumentasjon frå eit reisebyrå på at søkjaren har bestilt billett for ein person for reise til heimlandet sitt. Støtta blir gitt etter dei satsane som gjeld for norske studentar i utlandet (SLSATS). Lånekassen kan krevje dokumentasjon for at reisa er gjennomført.

Søkjarar frå ikkje-europeiske land får støtte etter SLSATS pluss 50 prosent til innreise før starten av programmet

N
Det blir gitt støtte til reisa dersom søkjaren reiser tilbake til heimlandet sitt innan tre månader etter avslutta utdanning. Støtte til tilbakereise kan også bli gitt sjølv om utdanninga ikkje blir fullført. Det blir også gitt støtte til tilbakereise (innanfor grensa på tre månader) sjølv om siste året er gjennomført utan støtte frå Lånekassen.

5.1.1

Søkjar kan få forsørgjarstipend for barn fødde i 1987 eller seinare som har opphaldsløyve og bur i Noreg.

N
Forsørgerstipend gis også når søker har barn med seg under feltarbeid i hjemlandet.

6 ETTERGIVING AV UTDANNINGSLÅN

6.1

Låntakarar som har fått støtte etter reglane i dette kapitlet til å gjennomføre ei utdanning i Noreg, får ettergitt utdanningslånet når dei reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der.

N
Heile lånet blir ettergitt når låntakaren har reist tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der. Låntakaren kan søkje om ettergiving når han har budd i eitt år samanhengande i heimlandet etter avslutta utdanning. Dette gjeld også når låntakaren buset seg i heimlandet utan at utdanninga er fullført.

N
Ettergivinga gjeld heile lånet sjølv om låntakaren har fått delar av lånet etter andre forskrifter enn kap. X. Jamfør punkt 2.2.

N
Dersom låntakaren ikkje sender inn søknad om ettergiving etter eitt år i heimlandet, blir lånet behandla etter punkt 6.2.

6.2

Låntakar som bur i Noreg eller i eit anna land enn heimlandet etter avslutta utdanning, kan ikkje få lånet ettergitt. For desse gjeld reglane om forrenting og tilbakebetaling i kap. VI.

N
Dersom det ligg føre humanitære grunnar til at låntakaren ikkje kan busetje seg i heimlandet etter avslutta utdanning, slik som krig, alvorleg uro eller forfølging, kan lånet bli ettergitt sjølv om busetjingskravet ikkje er oppfylt.

N
Dersom låntakaren seinare reiser til heimlandet for å busetje seg der, kan han søkje om ettergiving når han har vore busett i eitt år i heimlandet. Låntakaren må følgje ordinær betalingsplan, eller søkje om og ha rett til betalingslette etter kap. VI, inntil ei eventuell ettergiving kan bli gitt.

6.3

Dersom låntakaren seinare vender tilbake til Noreg, vil vedtaket om ettergiving bli oppheva. Er vedtaket eldre enn ti år, kan vedtaket likevel ikkje bli endra.

N
Vedtak om ettergiving skal opphevast dersom vi får vite at ein låntakar har vendt tilbake til Noreg. Rentedatoen blir fastsett i forhold til når han kom tilbake. Lånekassen tek utgangspunkt i vedtaksbrevet frå innvandringsetaten, og set rentedatoen til den første i månaden etter at vedtaket er gjort.