Kap IX - Ettergiving av utdanningslån i 2002 for låntakere som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylker
1 OMFANG
1.1
Låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy i Nord-Troms (regionen), kan søkje om å få lånet (lånegjelda ved avslutta utdanning, ikkje renter) ettergitt med ti prosent per år, men maksimum kr 16 500 og minimum 2 000 per år, til lånet er nedbetalt.
1.2
Ordninga omfattar også låntakarar som er yrkesaktive legar i desse kommunane:
Troms:
Gratangen, Ibestad, Torsken og Berg
Nordland:
Tysfjord, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
Nord-Trøndelag:
Leka, Fosnes, Røyrvik, Høylandet og Lierne
Møre og Romsdal:
Aure
Fylkeslegen avgjer kva for legar som er yrkesaktive i desse kommunane.
Det er ikkje eit vilkår for ettergiving etter dette punktet at låntakaren er busett i kommunen.
1.3
For ein treårsperiode var det oppretta ei eiga ordning med ettergiving for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i desse kommunane i Indre Namdal: Grong, Snåsa, Høylandet, Namsskogan, Røyrvik og Lierne. 2001 var siste oppteningsår.
2 KRAV TIL LÅNTAKAREN
2.1
Det er ein føresetnad at låntakaren etter avslutta utdanning dokumenterer å ha vore busett (har hatt både faktisk og formell, folkeregistrert bustad) og yrkesaktiv i regionen i tolv samanhengande månader (ein oppteningsperiode). Busette i regionen som er tilsette i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfarty eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen, kan etter nærare reglar blir rekna som yrkesaktive i regionen.
N
Det kan bli gjort unntak for låntakar som er busett i regionen, men som av særlege grunnar ikkje er folkeregistrert i regionen i oppteningsperioden.
N
Arbeidsforholdet må bli stadfesta av arbeidsgivaren. Arbeidsstad, arbeidsperiode og stillingsprosent må gå fram av stadfestinga. Låntakar som er sjølvstendig nærings-
drivande, stadfester verksemda si med registreringsattest for firmaet i tillegg til f.eks. sjølvmelding/næringsoppgåve/revisorfråsegn.
N
Låntakarar som er yrkesaktive i regionen, men som for ei kortare tid i oppteningsperioden har hatt arbeid utanfor regionen, kan bli omfatta av ordninga.
N
Busette i regionen som er tilsette i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfarty eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen, blir rekna som yrkesaktive i regionen når dei er skattepliktige der.
2.1.1
Som yrkesaktiv blir rekna:
- låntakar i fulltidsarbeid
- låntakar som har deltidsarbeid med minst 50 prosent, og som samtidig er registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid
- låntakar som har fulltidsarbeid i minst seks månader, og som
er registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av
oppteningsperioden
- låntakar som har omsorg for barn under ti år, eller har særleg
tyngjande omsorgsplikter i den næraste familien.
N
Låntakar i fulltidsutdanning som kan få støtte etter kap. I i forskriftene eller rentefritak etter kap. VI punkt 7.1, kan ikkje få ettergiving etter kap. IX.
N
Som yrkesaktiv på fulltid blir likevel rekna låntakar som har studiepermisjon med lønn/stipend tilsvarande full stilling, dersom lønna blir betalt frå ein arbeidsgivar i regionen. Permisjon som blir teken ut over lengre tid med redusert lønn, gir opptening for ein periode som tilsvarer det tidsrommet låntakaren har rett til permisjon med full lønn. Det er ikkje eit krav at låntakaren er busett i regionen i den tida han/ho har studiepermisjon.
N
Det tidsrommet ein låntakar er sjukmeld frå eit arbeidsforhold i regionen, blir rekna med i oppteningsperioden. Det gjeld også tidsrommet ein låntakar får rehabiliteringspengar etter § 10-8 i folketrygdloven, når attføringa blir gitt i forlenging av eit arbeidsforhold.
N
Ved kombinasjon av deltidsarbeid/fulltidsarbeid og arbeidsløyse må summen av arbeid innanfor ein oppteningsperiode på tolv månader vere minst 50 prosent deltidsarbeid i heile perioden eller fulltidsarbeid i seks månader. Låntakaren må i tillegg stå registrert som arbeidssøkjar i resten av oppteningsperioden.
N
Registrert arbeidsløyse i oppteningsperioden gir ikkje rett til ettergiving når låntakaren har rett til støtte under utdanning.
N
Låntakar som deltek i arbeidsmarknadstiltak i regi av Aetat, blir rekna som registrert arbeidsledig. Arbeidsmarknadskurs som gir rett til støtte etter kap. I i forskriftene, blir rekna som fulltidsutdanning.
N
Arbeidstakarar i deltidsstilling med minst to tredels stilling kan få godkjent full yrkesaktivitet sjølv om dei ikkje er registrerte som arbeidsledige i resten av prosentandelen, dersom det ligg føre særlege forhold. Slike forhold kan f.eks. vere organiseringa av deltidsarbeidet, eller sjukdom. Forholdet må dokumenterast frå f.eks. arbeidsgivar eller lege.
N
I tillegg til arbeidsløyse blir også uføretrygd i kombinasjon med minimum 50 prosent deltidsarbeid, seks månaders fulltidsarbeid eller omsorgsarbeid godteke som yrkesaktivitet. 100 prosent uføretrygd og omsorgsarbeid gir rett til ettergiving.
N
Desse kombinasjonane av yrkesretta attføring/attføringspengar i ventetid og arbeid gir rett til ettergiving:
- yrkesretta attføring med jobbtrening og omsorgsarbeid
- seks månader yrkesretta attføring (der låntakaren ikkje er i fulltidsutdanning med rett til støtte) og seks månader arbeid
- 50 prosent yrkesretta attføring (kan vere i deltidsutdanning) og 50 prosent arbeid eller omsorgsarbeid
- seks månader sjukepengar og seks månader yrkesretta attføring (der låntakaren ikkje er i fulltidsutdanning)
- attføringspengar i ventetid og omsorgsarbeid
Dette gir ikkje rett til ettergiving:
- yrkesretta attføring med jobbtrening
- yrkesretta attføring og fulltidsutdanning som det kan bli gitt støtte til etter kap. I i forskriftene eller rentefritak etter kap. VI punkt 7.1
- attføringspengar i ventetid
Andre kombinasjonar enn dei som er nemnda ovanfor, kan bli vurderte.
N
Omsorg må gjelde barn låntakaren bur saman med. Retten til ettergiving gjeld til første månadsskiftet etter at barnet har fylt ti år.
N
Kombinasjon av omsorgsarbeid og deltidsutdanning gir rett til ettergiving.
N
Med "særleg tyngjande omsorgsplikter" er det normalt meint fulltidsomsorg for person som er ufør, funksjonshemma eller alderssvekka. Omfanget av pleiebehovet må vere stadfesta av lege, sosialkontor, helsestyresmakt eller annan faginstans. Dersom pleiebehovet ikkje tilsvarer fulltids omsorg, må låntakaren i tillegg vere yrkesaktiv/arbeidssøkjar.
2.2
Låntakar som er i førstegongs militær- eller sivilteneste, kan ikkje rekne tenestetida med i oppteningsperioden.
N
Det same gjeld for låntakarar ved militære skolar. Om fastsetjing av oppteningsperioden, sjå nærmare reglar til pkt. 3.1.
3 OPPTENINGSPERIODE
3.1
Oppteningstida skal vere tolv samanhengande månader. Etter nærare reglar kan det bli gjort unntak frå kravet om samanhengande oppteningstid ved avbrot på grunn av førstegongsteneste og avbrot på grunn av utdanning. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det bli gjort unntak ein gong og for opp til eitt år.
N
Oppteningsperioden er uavhengig av kalenderår.
N
Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongstenesta, kan den opptente tida før tenesta bli rekna med i oppteningsperioden.
N
Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av utdanning, kan den opptente tida før utdanninga bli rekna med i oppteningsperioden på dei vilkåra som er nemnde i forskriftene. Det er ikkje eit krav at utdanninga gir rett til støtte.
3.2
For låntakarar som allereie bur i eller flytter til regionen og begynner i arbeid der etter 1. januar, blir oppteningsperioden rekna frå første månadsskiftet etter at dei har begynt i arbeid.
3.3
Er oppteningsperioden delt på fleire kalenderår, blir dei forskriftene brukte som gjeld ved starten av oppteningsperioden.
4 ETTERGIVINGSREGLAR
4.1
Ettergivinga skjer etter avslutta oppteningsperiode.
N
Det er ein føresetnad for ettergiving at låntakaren har fått betalingsplan.
4.2
Ettergivingsgrunnlaget er totalt lån (hovudstolen) ved avslutta utdanning, med frådrag for beløp som er ettergitt etter andre ordningar (kap. VI, punkt 10 og kap. VIII). Det blir også gjort frådrag for utdanningsstøtte som låntakaren ikkje hadde rett til. Lån som ikkje er sett renteberande før oppteningsperioden er ute, kan ikkje inngå i grunnlaget for ettergiving.
N
"Totalt lån (hovudstolen) ved avslutta utdanning" vil seie den opphavlege lånesaldoen etter avslutta utdanning. Utgangspunktet er den betalingsplanen som gjeld per 01.01.88, eller seinare for låntakar som har fått sin første betalingsplan etter 01.01.88. Eventuelle lån gitt seinare som det er skrive ut betalingsplan for, kjem i tillegg.
N
Urett tildelt støtte blir ikkje ettergitt. Før terminbeløpa blir reduserte i samsvar med ettergivingsordninga, skal urett tildelt støtte vere tilbakebetalt. Innbetaling av beløp som skal gå til dekning av urett nedsetjing av terminbeløpa (INTB), kan gå til dekning i lånedelen.
4.3
Avdrag som har forfalle til betaling før oppteningsåret er ute, men som ikkje er betalt på tidspunktet for ettergiving, blir ikkje ettergitt med mindre låntakaren har rett til betalingsutsetjing for dette avdraget.
4.4
Når lånet er sagt opp ved varsel om oppseiing, kan søknad om ettergiving ikkje bli behandla med mindre forfalle terminbeløp er betalt, eller det kan bli gitt betalingsutsetjing etter kap. VI i forskriftene.
N
Låntakarar som på tidspunktet for ettergiving har misleghalde betalingspliktene sine overfor Lånekassen, slik at lånet er oppsagt med varsel om oppseiing og gjelda har forfalle til betaling, kan få rett til ettergiving for den delen av lånet som ikkje har forfalle til betaling etter punkt 4.3 i forskriftene, dersom det ligg føre ein betalingsavtale som blir halden.
4.5
Alle påløpte renter skal betalast. Terminbeløpa blir ikkje endra så lenge rentesaldoen ved forfall er like stor som det ordinære terminbeløpet. Refusjon av betalt avdrag på lånet blir gitt berre dersom låntakaren ber om det.
N
Kravet om refusjon må fremjast innan tre år etter at avdraget blei betalt.
N
Etter kvar ettergiving blir innfriingstidspunktet for betalingsplanen justert. Terminbeløpa blir ståande etter den gjeldande betalingsplanen. Etter søknad kan terminbeløpa bli justerte utfrå den opphavlege nedbetalingstida. Låntakaren blir varsla etter den ordinære betalingsplanen når han ikkje lenger har rett til ettergiving/ikkje søkjer om ny ettergiving.
N
Terminbeløpa som forfell i løpet av dei tolv første månadene etter utløpet av oppteningsperioden, blir sette til rentesaldoen på forfallsdato. Terminbeløpa kan likevel ikkje vere større enn dei beløpa låntakaren har etter den ordinære betalingsplanen.
5 SØKNAD OM ETTERGIVING
5.1
Søknad om ettergiving av utdanningslån skal skrivast på særskild blankett.
6 SØKNADSFRIST/FORELDING
6.1
Dokumentert søknad om ettergiving må sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode. Søknaden må vere motteken av Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute, for at kravet ikkje skal bli forelda.