Kap. IV - Støtte til særlege grupper
1 UTDANNINGSSTIPEND TIL FLYKTNING SOM TEK VIDAREGÅANDE OPPLÆRING (FLYKTNINGSTIPEND)
1.1
Stipendet kan bli gitt til utanlandsk statsborgar som har fått asyl i Noreg, og som tek vidaregåande opplæring her i landet.
N
Med ein person som har fått asyl i Noreg, meiner vi ein person som er registrert med flyktningstatus i Utlendingsdirektoratet.
N
Asylsøkjarar kan ikkje få flyktningstipend før spørsmålet om asyl er avgjort. Flyktningstipend kan bli gitt frå den datoen asyl er innvilga.
N
Flyktning som repeterer innføringskurset, kan få flyktningstipend til det, men det kan ikkje bli gitt stipend i meir enn tre år til saman.
N
Dersom utdanninga blir avbroten, følgjer vi vanleg praksis med krav om tilbakeføring. Flyktningstipend kan likevel ikkje bli omgjort til lån, men blir trekt inn dersom det blir søkt om ny støtte.
1.2
For søkjar som tek vidaregåande opplæring som han/ho har rett til etter opplæringslova § 3-1, blir støttebeløpet rekna ut etter reglane i kap. II. Den delen av stipendgrunnlaget som er mindre enn kr 8 445 per månad, blir gitt med 100 prosent som stipend.
1.3
For søkjar som tek anna vidaregåande opplæring som ikkje er omfatta av opplæringslova § 3-1, blir støttebeløpet rekna ut etter reglane i kap. III.
For vaksen søkjar som tek vidaregåande opplæring som han/ho har rett til etter opplæringslova § 4A-3, blir støttebeløpet rekna ut etter reglane i kap. III.
Heile støttebeløpet blir gitt som stipend.
1.4
Dersom utdanninga tek til innan tre år etter at søkjaren kom til Noreg, kan det bli gitt stipend for inntil tre år. Dersom utdanninga tek til innan fire år etter at søkjaren kom til Noreg, kan det bli gitt stipend for inntil to år. Dersom utdanninga tek til innan fem år etter at søkjaren kom til Noreg, kan stipend bli gitt for inntil eitt år. Tida blir rekna frå den datoen politisk asyl blei gitt.
Innanfor desse grensene blir stipendet gitt så lenge søkjaren har rett til støtte etter kapittel I.
N
Flyktningar som begynner i utdanning før det har gått tre år, kan ta opphald i utdanninga og likevel få tre stipend i løpet av perioden på seks år.
N
Flyktningar som har dagleg omsorg for barn når dei kjem til landet, eller som får barn i løpet av den tida flyktningstipend normalt kan bli gitt, kan få grensene utvida med to år. Det vil seie at dei kan få opptil tre stipend i løpet av åtte år etter at dei kom til Noreg. Utdanninga må ta til før barnet er fylt ti år.
N
Same utvidinga av grensene for innreise til Noreg gjeld for flyktning som på grunn av analfabetisme må ta grunnskoleutdanning før han kan begynne i vidaregåande utdanning.
2 STIPEND TIL SØKJAR SOM FÅR BARN
2.1
Kvinneleg søkjar som får barn i utdanningsperioden, kan få stipend i dei tre siste vekene før fødselen og i dei 39 første vekene etter fødselen (i alt 42 veker). Kvinneleg søkjar som adopterer barn under 15 år i utdanningsperioden, kan få stipend i dei 39 første vekene etter adopsjonen.
Dersom mor til barnet er i arbeid eller utdanning i denne perioden og far overtek omsorga for barnet, kan far ha rett til stipend. Det same gjeld dersom mor ikkje er i stand til å ha omsorga for barnet åleine på grunn av sjukdom. Foreldra kan ikkje få fødselsstipend samtidig, og stipendet i tre veker før fødselen og seks veker etter fødselen kan berre mor til barnet få.
Det er eit vilkår at søkjaren har hatt rett til støtte i dei siste seks månadene før fødselen/adopsjonen.
Stipendet blir rekna ut frå den maksimale summen som søkjaren har krav på, jamfør kap. I, II, III og V.
N
Det blir ikkje stilt krav om fagleg progresjon i semester der søkjaren har rett til fødselsstipend, sjå kapittel III punkt 4.1.2. Konverteringsdelen av utdanningsstipendet kan derfor bli gjort om til fødselsstipend saman med resten av støtta.
N
Ved behandling etter kapittel III: Støtta blir ikkje behovsprøvd i den perioden søkjaren har hatt fødselsstipend.
Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd på førehand mot brutto inntekt per månad for søkjaren sin ektefelle/sambuar.
N
Når Lånekassen vurderer kor lenge utdanninga har vart, blir det teke utgangspunkt i om søkjaren har vore i utdanning med rett til støtte fram til tre veker før fødselen, berre avbrote av vanlege feriar. Obligatorisk grunnskole blir godteken. Permisjon i meir enn tre veker før fødselen kan godtakast når årsaka til permisjonen er sjukdom/overskriding av terminen eller krav/tilråding frå skolen. Permisjon tidlegare enn tre veker før forventa nedkomst som lærestaden har innvilga utan at det uttrykkeleg er ei tilråding eller eit krav, kan godtakast dersom fødselen er venta innan to månader etter semesterstart.
N
Søkjar som i oppteningsperioden ikkje har rett til støtte på grunn av fagleg forseinking, men som tek inn igjen forseinkinga i oppteningsperioden og på nytt får rett til støtte, kan likevel ha rett til fødselsstipend.
N
Søkjar som begynner på ny fødselspermisjon før det har gått seks månader etter ein tidlegare periode med fødselsstipend, kan få fødselsstipendperioden i samband med den forrige fødselen rekna med i oppteningstida for stipend ved ny fødsel.
N
Tillitsverv i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad, blir godteke på linje med utdanning med støtterett når det gjeld opptening av rett til fødselsstipend.
N
Det blir godteke inntil 42 vekers permisjon/fråvær for å vere heime med barnet. Dersom søkjaren tek meir permisjon enn det, kan det ikkje bli gitt støtte i meir enn 42 veker. Dersom barnefaren får stipendet, har han same permisjonsretten.
N
Lengda på stipendperioden blir fastsett i samsvar med dei forskriftene som gjeld for det studieåret når fødselen skjer.
N
Sjølv om søknadsbeløpet er mindre enn dei maksimale kostnadssatsane, skal stipendet for denne perioden tilsvare maksimalt støttebeløp. Ved utrekninga av stipendet blir 42 veker sett lik ti månader.
N
Får søkjaren eit dødfødt barn, blir det gitt fødselsstipend for tre veker før og seks veker etter fødselen.
2.1.1
Når delar av stipendperioden på 42 veker (39 veker ved adopsjon) fell i sommarferien, kan fødselsstipend bli gitt i sommarferien også, til og med 14. august 2003. Når ein søkjar må ta permisjon frå studiet på grunn av fødsel, kan det bli gitt fødselsstipend i permisjonstida.
N
Ved behandling etter kapittel II: Det blir gjort vanleg behovsprøving etter dei opplysningane som er gitt i søknaden for 2002-03.
N
Det må gå fram av søknaden at søkjaren har permisjon frå ei utdanning ho er teken opp i.
N
Lærlingar som har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, og som må vente med å begynne som lærling til etter avslutta fødselspermisjon, har krav på lærlingplass etter avslutta permisjon. Desse blir rekna som å vere i utdanning framleis, sjølv om dei må vente til permisjonen er avslutta før dei kan søkje om lærlingplass. Fødselsstipend kan derfor bli gitt.
N
Stipend kan bli gitt til søkjar som sluttar i utdanninga når det vanlege skoleåret er slutt, men som har nedkomst før 15.08. i sommarferien som følgjer. Stipend blir då berre gitt til og med 14.08.
N
Ved behandling etter kapittel II: Ved utrekninga av stipendet for den delen av stipendperioden som fell i sommarferien, tek vi med kostnader for bøker og materiell, men det blir ikkje gitt dekning for skolepengar og reiser.
2.1.2
Ved fleirbarnsfødsel blir det samla veketalet på 42 auka med fem veker for kvart barn meir enn eitt. Ved fleirbarnsadopsjon blir veketalet på 39 auka med fem veker for kvart barn meir enn eitt.
2.2
Søknaden og dokumentasjon på fødselen må vere innkommen seinast seks månader etter at undervisningsåret/kurset er avslutta.
3 OMGJERING AV LÅN TIL STIPEND UNDER SJUKDOM
3.1
Søkjar som blir sjuk og derfor ikkje kan følgje undervisninga i ein del av søknadsperioden, kan få lånet for denne tida omgjort til stipend, men ikkje for meir enn fire månader og to veker per undervisningsår. Sjukdomsperioden må dokumenterast.
N
Utrekninga blir gjord ut frå støttebeløpet i den aktuelle sjukdomsperioden. Sjukestipend blir gitt for halve månader. Perioden blir runda opp til nærmaste halve månad. Ved omgjering blir samla beløp under kr 100 avrunda oppover til kr 100. Deretter blir beløpet avrunda opp til nærmaste 10 kroner.
N
Det blir ikkje stilt krav om fagleg progresjon i semester der søkjaren har rett til sjukestipend, sjå kapittel III punkt 4.1.2. Konverteringsdelen av utdanningsstipendet kan derfor bli gjort om til sjukestipend saman med resten av støtta.
N
Ved behandling etter kapittel III: Sjukestipendet blir ikkje behovsprøvd i den perioden søkjaren har hatt sjukestipend.
N
Med dokumentasjon forstår vi til vanleg sjukmelding frå lege på Lånekassen sin søknadsblankett S, eller på trygdekontoret sin blankett. Sjukmeldinga må innehalde opplysningar om kva tidsrom låntakaren har vore sjukmeld (startdato og sluttdato). Blir det lagt fram legeattest eller legeerklæring, må det også her vere oppgitt konkret startdato og sluttdato. Det er ikkje eit krav at skolen stadfester fråværet.
N
Dersom det går fram av sjukmeldinga at søkjaren har vore mindre enn 100 prosent sjukmeld, må det leggjast fram stadfesting frå lege som viser at søkjaren likevel har vore fullstendig studieufør, for at lån skal kunne bli omgjort til stipend.
3.1.1
Søkjar som ikkje kan følgje undervisninga i ein del av søknadsperioden på grunn av dokumentert sjukdom hos eigne barn under ti år, kan få lånet omgjort til stipend etter dei same reglane som gjeld ved eigen sjukdom.
3.2
Retten til omgjering gjeld ikkje for søkjar som er sjuk når undervisninga tek til. Det kan bli gjort unntak når søkjaren er i ei fleirårig utdanning.
3.3
Lån for dei første fjorten dagane av ein sjukdomsperiode (karenstid) kan ikkje bli gjort om til stipend.
3.4
Lån kan bli omgjort til stipend berre for sjukdomsperiodar som oppstår etter at søknad om lån er kommen inn til Lånekassen. Det same gjeld for tilleggslån.
3.4.1
Søknad om omgjering som kjem inn til Lånekassen før søknad om lån, blir ikkje behandla.
3.5
Søkjar som har rett til sjukepengar eller attføringspengar/rehabiliteringspengar frå folketrygda for sjukdomsperioden, kan ikkje få omgjort lån til stipend for den tida dei har slike ytingar.
N
Dersom det blir utbetalt sjukepengar berre for delar av sjukdomsperioden, kan vi vurdere å omgjere lån for den delen av perioden når sjukepengar ikkje er utbetalt. Det same gjeld for attførings- og rehabiliteringspengar.
3.6
Søknad om omgjering skal skrivast på særskild blankett (blankett S).
3.7
Søknaden må vere innkommen seinast seks månader etter at undervisningsåret/kurset er avslutta.
4 UTDANNINGSSTØTTE TIL STUDENTAR I SOMMARTERMINORDNING MED SOMMARTERMIN I 2002
4.1
Lånekassen kan gi utdanningsstøtte til studentar som er tekne opp i fag som er omfatta av ordninga med sommarterminar. Tilbodet er meint for heiltidsstudentar. Institusjonar som gir tilbod om kurs i sommartermin, må ta dette opp med Lånekassen. Om krav til omfang av fag/kurs i sommarterminordninga, sjå punkt 4.2.
4.2
Faga/kursa i sommarterminordninga erstattar dei vanlege studieopplegga, slik at til dømes eit kurs med ti vekttal vil erstatte eitt semester - jamfør normert tid for ulike gradar/eksamenar som er fastsette ved kgl. res. 10. mai 1996, 9. oktober 1998, 27. november 1998, 10. mars 2000 og 28. juli 2000. Deltakarane i sommarkurs må ta kurs med til saman minst fem vekttal for å få støtte.
4.3
Vanleg støtte (lån og utdanningsstipend) kan bli gitt etter reglane i kap. I og III for så mange månader som undervisninga varer. Det kan likevel ikkje bli gitt lån etter reglane i kap. I punkt 8.1.1, jamfør kap. III punkt 7.1.2, til å dekkje utgifter til reise og ekstra losji når søkjaren tek studieopphald i utlandet, sjølv om opphaldet er godkjent for støtte.
4.3.1
I tillegg til vanleg støtte kan det bli gitt eit tilleggslån for den tida som går utover ti månader for eit vanleg undervisningsår. Tilleggslånet er på kr 3 575 per månad i 2002 og kan bli gitt med opptil kr 7 150 for eit opplegg på to månader. Tilleggslånet blir ikkje behovsprøvd mot økonomien til søkjaren.
4.4
Søknad om støtte (inklusive tilleggslånet) for sommaren 2002 for dei opplegga som er omfatta av punkt 4.1, skal skrivast på blankett A for 2001-2002 og bør bli send til Lånekassen før kurset er avslutta.
5 UTDANNINGSSTØTTE TIL STUDENTAR I FORKURS TIL INGENIØRUTDANNING SOMMAREN 2002
5.1
Lånekassen kan gi utdanningsstøtte til studentar som er tekne opp i forkurs til ingeniørutdanning sommaren 2002. Støtta blir gitt etter dei satsane og reglane som gjeld for ordninga med sommartermin i punkt 4.