Slik søkjer du
Så snart du har fått skoleplass, kan du søkje om stipend og lån.
Søk via Internett
Du kan søkje om stipend og lån når du veit kor du skal studere. Bruk nettsøknaden, som du finn nederst på denne sida.
Papirblankett - dersom du ikkje kan bruke nettsøknaden
Du bør berre bruke papirblankett dersom du
- ikkje finn undervisningsopplegget ditt som eit alternativ i nettsøknaden
- ikkje har fylt 18 år
- har ein annan god grunn til ikkje å bruke nettsøknaden
Du kan bestille papirblanketten via Dine sider (utan PIN-kode). Du skal levere søknaden på skolen. Dei stadfester at du er teken opp der og sender søknaden vidare til oss. Gjennomsnittleg behandlingstid er lengre for papirsøknadar enn for nettsøknadar.
Søknadsfristar
| For hausten 2006 |
- Søknaden må vere kommen inn innan 15. november 2006.
- Tek du kurs som startar 1. oktober 2006 eller seinare, må søknaden vere kommen inn før kurset er avslutta, men seinast 15. mars 2007.
|
| For våren 2007 |
- Søknaden må vere kommen inn innan 15. mars 2007.
- Tek du kurs som starta 1. mars 2007 eller seinare, må søknaden vere kommen inn før kurset er avslutta.
|
Sjekk svaret på Dine sider
Ei vekes tid etter at du har sendt søknaden, kan du gå inn på Dine sider for å sjå kva resultatet har blitt, eller kor lenge du må vente på svar. For å få slike personlege opplysningar må du bruke fødselsnummeret ditt (11 siffer) og ein PIN-kode (4 siffer). Første gong du søkjer, vil du få eit brev frå oss med ein PIN-kode. Har du gløymt PIN-koden din, kan du bestille ein ny på Dine sider.
Svaret kjem til lærestaden
Når søknaden er ferdigbehandla hos oss, sender vi svaret til lærestaden. Les meir under Utbetaling.