Omgjering etter eksamen

jente med te

Pengane du får frå Lånekassen blir først utbetalt som lån. Lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen/fullført utdanninga.

Dette gjeld ikkje heimebuarar, som ikkje har rett til stipend.

Hugs at dersom du har for mykje inntekt og/eller formue kan stipendet ditt bli gjort om til lån igjen.

Så mykje lån kan du få gjort om til stipend etter eksamen

 Semester Utbetalt stipend Lån som kan bli gjort om til stipend
Hausten 2005 kr 0 kr 3 200 per månad
Våren 2006 kr 0 kr 3 200 per månad
Hausten 2006 kr 0 kr 3 256 per månad
Våren 2007 kr 0 Kr 3 256 per månad

Omgjeringsbeløp for tidlegare semester

Omgjeringa skjer nokre månader etter at du er ferdig

Lånekassen får melding frå skolen din, slik at vi kan gjere om lån til stipend automatisk når du har fullført og bestått skoleåret. Du treng altså ikkje sende inn eksamensresultat til Lånekassen.

Sjølve omgjeringa skjer fire-fem månader etter at semesteret er over. Var du til dømes ferdig til jul, vil omgjeringa skje i april-mai.

Når vi har gjort lån om til stipend, vil du få eit brev i posten som fortel kor mykje som er gjort om og kva for utdanning du har fått omgjering for. Du kan og lese brevet om omgjering i postkassa på Dine sider.

Ikkje omgjering dersom du ikkje fullfører eller består

Du får omgjering dersom du består den utdanninga du har fått støtte til. Får du stipend til fulltidsutdanning, må du altså bestå eksamen(ar) som tilsvarer full studiebelastning. Består du berre delar av utdanninga, vil du få delvis omgjering og bli registrert som forseinka.

Omgjering når du er forseinka

Legg merke til at du berre kan få omgjort for den normerte tida for utdanninga di. Til dømes dersom du tek ei utdanning som er normert til eitt år og du bruker eit og eit halvt år, så får du berre omgjort lån til stipend for eitt år. For å få omgjering for det halve året som står igjen, må du bestå utdanning med tilsvarande studiebelastning utan å få støtte frå Lånekassen.

Les meir om forseinking og studieprogresjon.

Dersom du tek om igjen ein eksamen

Dersom du tek opp ein eksamen som ikkje er bestått tidligare, vil du få omgjort lån til stipend når lærestaden har sendt inn resultatet til Lånekassen. Dette gjeld eksamenar som er tatt frå og med hausten 2002.

"Sparekonto" for ekstra studiebelastning

Består du meir enn det som er full studiebelastning per semester, blir ”overskotet” satt på ein "sparekonto". Du "sparer" det til eit semester når du ikkje består nok til å få full omgjering. Alternativt blir ”overskotet” "teke ut" for å gi deg meir omgjering for eit tidligare semester (ikkje tidligare enn hausten 2002) då du ikkje har fått full omgjering fordi du ikkje hadde nok studiebelastning.

Full omgjering dersom du har vore sjuk eller fått barn

Har du vore sjuk og fått sjukestipend, eller fått barn og motteke fødselsstipend, kan du likevel få full omgjering for det aktuelle semesteret sjølv om du ikkje har bestått alle eksamenane.