Utbetaling
Elevar og studentar i Noreg får pengar utbetalt ein gong i månaden.
Du får gjeldsbrevet/stipendmeldinga sendt til lærestaden din slik at dei kan kontrollere at du er elev/student der før du får det utlevert. Når du har signert gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sendt ho i retur til Lånekassen, overfører vi pengane direkte til kontoen din den 15. i kvar måned.
Den første utbetalinga kvart semester er størst, slik at du har litt ekstra til bøker, materiell og liknande ved skolestart. Dersom du tek fulltidsutdanning vil du vanlegvis få i overkant av 16 000 kroner ved semesterstart, og deretter får du overført 6 000 kroner til kontoen din kvar månad.
Skolepengar
Går du på ein privat skole og må betale skolepengar, blir også lån til skolepengar utbetalt ved semesterstart.
Har du fått nytt kontonummer?
Du må hugse å melde frå om endring av kontonummer til Lånekassen. Dette kan du gjere på "Dine sier". Du kan bruke blankett K dersom du ynskjer å bruke ein annen konto enn dei på Dine sider. Då må banken stadfeste at du eig kontoen.
Lånekassen kan stoppe utbetalingane
Lånekassen kan stoppe utbetalingane for resten av perioden og annullere resttildelinga dersom du
- avbryt utdanninga og ikkje lenger har rett til støtte
- mislegheld pliktene dine mot Lånekassen
Gi melding til Lånekassen dersom du sluttar i utdanninga, eller det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar overført til konto.