Deltidsutdanning
Til deltidsutdanning får du 50, 60 eller 75 prosent av ordinært støttebeløp.
Støttebeløpet bereknast slik:
| Studiepoeng per semester: |
Prosent støtte: |
Basisstøtte: |
| 15-19 studiepoeng |
50 prosent støtte |
kr 4070 |
| 20-22 studiepoeng |
67 prosent støtte |
kr 5454 |
| 23-29 studiepoeng |
75 prosent støtte |
kr 6105 |
Det reknast renter på lån du har frå før
Ver merksam på at det reknast renter på lån du har frå før når du tek deltidsutdanning. Du kan søkje om rentefritak når du har bestått utdanninga. Legg ved vitnemål/karakterutskrift og stadfesting på kor mykje du har hatt i brutto månadsinntekt i utdanningsperioden.
Dersom du ikkje kan betale terminbeløpa under utdanninga, kan du søkje om utsetjing.
Forseinkingar
Dersom utdanninga di varer eitt år eller meir, kan du få støtte i inntil eitt år utover normert tid om du blir forseinka.
Dersom du blir meir enn eitt år forseinka, må du ta igjen forseinkinga utan støtte frå Lånekassen. For å få ny støtte må du ta igjen forseinkinga. Du kan få ny støtte når du er mindre enn eit år over normert tid.