Kor mange år med støtte
Du kan få støtte i opptil åtte år til saman til høgare utdanning og anna utdanning utover vanleg vidaregåande opplæring.
Du kan ikkje få støtte i meir enn åtte år sjølv om du blir forseinka. Det blir gjort unntak dersom du er forseinka på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller fødsel/adopsjon.
Du kan ikkje få støtte i meir enn to år til folkehøgskole.
Døme
| Du har teke |
Tal på år |
| Teknisk fagskole |
2 år |
| Folkehøgskole |
1 år |
| Psykologi årseining (ikkje bestått = forseinking) |
1 år |
| Ingeniørutdanning |
3 år |
| Sum |
7 år |
| Du planlegg å ta |
|
| Journalistutdanning |
2 år |
| Kor mange år i utdanning |
9 år |
| Maksimalt tal på år med støtte frå Lånekassen |
8 år |
| Kor mange år du må finansiere sjølv |
1 år |