startside  
Studentkultur  Studietilbod  Studentvelferd  Opptak  Utveksling  Har du spørsmål?  Studblogg  
 
Til UiB
Nyheter
English
Stikkordsøk:

Nyheter

18.9.2007
Snart blir alt bra - på nett


Prosjektleiar Bodil Kjelstrup er klar til å lansere hovuddelen av prosjektet "Ny eksternweb UiB".

Eksternwebprosjektet
Universitetet i Bergen sine eksterne nettsider (www.uib.no) vart oppretta i 1993. I 2001 starta arbeidet med å heve nivået på den dåverende eksternweben, for betre å kunne nå eksterne og interne målgrupper. Nye studentsider stod ferdige til søknadsrunden våren 2002, og deretter vart eit eige intranett (Studentportalen) for studentane etablert. I 2004 starta arbeidet med å etablere eit intranett for tilsette.  Det vart lansert i januar 2005 og oppgradert i desember same år. Arbeidet med ny eksternweb starta hausten 2005, og i januar 2006 var prosjektgruppa i gang med sitt arbeid.


Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
Når nyfikne nettsurfarar mot slutten av neste år klikkar seg inn på UiB sine nettsider, vil dei møte heilskapleg og konsistent informasjon som er lett å finne fram i takka vere oversiktleg organisering og eit brukarvennleg verktøy.

Av Kjerstin Gjengedal

Det er i alle fall målet bak prosjektet Ny eksternweb UiB, som no har fått forskotsvis løyving på 7 millionar kroner frå Universitetsstyret.

UiB tilbyr omfattande informasjon via sine nettsider, men informasjonen har for ein stor del utvikla seg utan heilskapleg styring eller felles rammeverk. Organisering av innhald og redaktøransvar har vore tilfeldig, og nettsidene har vore spreidd på mange ulike serverar og vore publisert med ulikt informasjonsverktøy. Det er bakgrunnen for at prosjektet Ny eksternweb UiB vart etablert i januar 2006.  

Har undersøkt brukarane
No er forprosjektet med brukarundersøkingar og spesifikasjonskrav unnagjort, og ein er klare til å gå i gang med hovudprosjektet. Det er denne delen som no er løyvd finansiering frå styret, sjølv om budsjettet for 2008 enno ikkje er klart.

– Vi har brukt mykje tid på å undersøke kva behov sluttbrukarane våre har, og vi er komne langt i å organisere den informasjonen som skal ligge på nettsidene. Dessutan har vi gjennomført ein anbodsrunde og valt samarbeidspartnar til utvikling av sjølve verktøyet, seier Bodil Kjelstrup, som leier prosjektet.  

Brukarane er i første rekke representert ved dei prioriterte målgruppene potensielle studentar, forskarar i inn- og utland, og det informasjonssøkande allmenne publikum. Ein har jobba mykje med å gjere seg kjend med brukarane og deira behov, mellom anna gjennom intervju. Samstundes er det lagt vekt på å forankre prosjektet i UiB-organisasjonen, gjennom å etablere referansegrupper og utnemne om lag 50 kontaktpersonar som har ansvar for å følgje opp arbeidet i sine einingar. Desse kontaktpersonane har også medverka med verdfull kunnskap om brukarane sine behov sett frå UiB sin ståstad.



Siste 20 nyheter

Gatekunst blir masteroppgave
Lager TV av BIFF
Kjemisk institutt får to Erasmus Mundus-program
35 år med loven i hånd
Jubilant med åpen dør
– Det handler om hvem du kjenner
– For en dag med karriere!
Bergensstudenter attraktive for næringslivet
Lovsamlingen som stafettpinne
Snart blir alt bra - på nett
– Bossfestivalen suksess fra dag én
Auksjon for kvinner i nød
Siste frist for forhåndsstemming
– Farmasøyter blir headhuntet
Studenter til fjells
Gratis festkonsert for nye studenter
Mangedoblet støtte til helsetjeneste
Nytt infosenter på HF
– Engasjer deg og få mer ut av tiden som student
Ber ledelsen ta ansvar

Arkiv


Til UiB
© 2007 Universitetet i Bergen - Adresse: Postboks 7800, N-5020 Bergen
Tlf.: 55 58 00 00, Faks: 55 58 96 43
Ansvarleg redaktør: Utdanningsavdelinga - Utforming: Formidlingsavdelinga