Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i kunsthistorie

ingressbilde

Introduksjon

Korleis ser vi verda rundt oss? Korleis opplever og tenker vi om dei visuelle uttrykka vi er omgitt av ? frå kunst til reklame? Er pressefotografiet ei spegling eller ein konstruksjon? Er ikonet i kyrkja kunst eller blir det kunst først når det heng i galleriet?

Mennesket si oppleving av verda går i stor grad gjennom auga. Til alle tider har mennesket laga seg bilete for å forstå, formidle og uttrykke seg. Den visuelle sida av kulturen er derfor heilt sentral for å forstå mennesket og mennesket si historie.

Gjennom bachelorprogrammet i kunsthistorie lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar visuelle medium som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap, der tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag. Nokre sentrale spørsmål er kunsten si rolle i samfunnet, kunsten sitt forhold til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.

Studievegar

Bachelor (3 år)

Det treårige studiet tek sikte på å gi ei allmenn innføring i den historiske utviklinga av kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken og fram til vår eiga tid. Vidare gir studiet ei fordjuping i spørsmål som gjeld fortolking, historiografi, ¿visuell retorikk, kunstteoretiske og estetiske problem, i tillegg til fordjuping i eit kunsthistorisk emne.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i Kunsthistorie. I masterstudiet fordjuper du deg i eit kunsthistorisk emne og i teoretiske spørsmål, blant anna gjennom eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåva).

Forsking

Fagmiljøet forskar på eit breitt spekter av visuelle uttrykk, både historiske og samtidige. Tema knyttar seg blant anna til synskultur, landskapsforståing, foto, arkitektur og byplanlegging, kunstarkeologi, nevroestetikk, kunstteoretiske problemstillingar og visuell retorikk.

Utveksling

Som bachelorstudent i kunsthistorie kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB er eit internasjonalt universitet som har utvekslingsavtaler med universitet i heile verda. Kunsthistoriestudentar reiser gjerne til Roma, Athen eller Paris ¿ moglegheitene er mange!

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i kunsthistorie gir deg kompetanse for å arbeide med kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. Du kan jobbe med kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet. Kunsthistorikarar arbeidar også innanfor kulturminneforvalting og kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan. Kunsthistorikarar har viktige oppgåver i samfunnet: dei tek vare på fortida, er med på å planlegge framtida og er sentrale aktørar i utforminga av samtida.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i kunsthistorie.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i kunsthistorie er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (Ex.phil. og Ex.fac.), 90 studiepoeng med spesialisering i kunsthistorie og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå kunsthistorie og visuell kultur som historisk, kulturelt og sosialt fenomen.

Vi utforskar historia til biletmedia frå antikken til i dag - måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt andre visuelle uttrykk; arkitekturhistorie og bygningsvern; byplanlegging, hage- og landskapsarkitektur, kunsthandverk, kunstindustri og design; landskaps- og naturframstilling og visuell retorikk.

Hovudtyngda vil ligge på kunst i Europa frå antikken og fram til vår eiga tid, og frå nyare tid også i USA. Programmet skal òg gi ei fordjuping i spørsmål om tolking, historisk utvikling, den visuelle kulturen i eit samfunnsperspektiv, og tilhøvet mellom det estetiske og det historiske i kunsten.

Læringsutbyte

Etter oppnådd bachelorgrad skal studentane

  • ha brei kunnskap om visuell kultur og kunst frå antikken og fram til i dag.
  • ha kompetanse i å handsame teoretiske problem i omgangen med ulike visuelle uttrykk med konkrete døme frå historie og samtid.
  • Kunne skrive analytiske tekster med utgangspunkt i regler og normer for akademisk skriving
  • Kunne utvise ferdigheiter i analytisk refleksjon og fagleg formidling knytt til visuelt materiale.
  • Vere godt førebudde til fagleg, akademiske arbeid på masternivå.

.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

 

  • EXPHIL Examen philosophicum
  • EXFAC00AK Akademisk skriving
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur

 

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i kunsthistorie på 90 studiepoeng.

 

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa og programmet:

 

KUN121 ¿ Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (600 f.kr-1400 )

KUN122 ¿ Kunst og arkitektur, tidleg nytid (1400-1750)

KUN123 ¿ Kunst og arkitektur, nyare tid, (1750-1900)

KUN124- Kunst og arkitektur, moderne tid og samtid, (1900- i dag)

KUN201 ¿Kunstteori, estetikk og historiografi

Studenten må dessutan velje eitt blant desse emna:

KUN252: Fotografiets teori og historie med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN253: Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN254: Moderne kunst med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN255: Arkitektur med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN256: Områdestudium med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN257: Økologi og naturhistorie som visuell kultur med bacheloroppgåve (15 stp)

KUN258: Visuell retorikk med bacheloroppgåve

KUN259: Kunsthistorisk særemne med bacheloroppgåve

Normalt vil det bli gitt 2 emne med bacheloroppgåve per semester, i tillegg til KUN201. Det vil variere kva emne som blir tilbudt.

I det valfrie emnet på 200-nivå skal studenten skrive ei rettleia semesteroppgåve (bacheloroppgåve). Dette for å tilfredsstille kravet for bachelorgraden om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i kunsthistorie, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

NEU201- Nevroestetikk tek opp einskilde kunsthistoriske problemstillingar og kan veljast som del av dei 60 frie studiepoenga i bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i kunsthistorie kan til dømes sjå slik ut:

 

1. semester (haust):

Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 stp)

  • EXPHIL Examen philosophicum
  • EXFAC00AK Akademisk skriving
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur

 

Tekst og kultur er tilrådd.

2. semester (vår):

 

KUN121: Kunst og arkitektur ¿ antikk og mellomalder (600 f.kr-1400)

KUN122: Kunst og arkitektur ¿ tidleg nytid (1400-1750)

3. semester (haust):

 

KUN123: Kunst og arkitektur ¿ nyare tid (1750-1900)

KUN124: Kunst og arkitektur ¿ moderne tid og samtid (1900-i dag)

4. ¿ 6. semester:

I dei siste tre semestra tar studentane 200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie og dessutan valemne tilsvarande 60 studiepoeng i andre fag.

 

200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie kan takast vår eller haust.

Det obligatoriske emnet KUN201 går både haust og vår, medan dei andre 200-emna går anten haust eller vår . Det blir vanlegvis gitt 2 emne på 200-nivå, i tillegg til KUN201 kvart semester.

 

Om våren (4. eller 6. semester) kan ein velje mellom:

KUN201: Kunstteori, estetikk og historiografi

KUN258: Visuell retorikk med bacheloroppgåve

Minimum eitt emne med bacheloroppgåve

 

Om hausten (5. semester) kan ein velje mellom

KUN201: Kunstteori, estetikk og historiografi

Minimum to emne med bacheloroppgåve.

 

Kva bacheloroppgåveemne som blir gitt kan variere frå semester til semester.

 

Ei generell tilråding som ligg til grunn for døma over er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i kunsthistorie eller for å ta valemne i graden. Kunsthistorie har særlege avtaler med dei norske institutta i Roma og Athen, og med Statsuniversitetet i St. Petersburg. Kunsthistorie kan i tillegg tilrå andre lærestader vi har samarbeid med, ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

Bachelorprogrammet i kunsthistorie gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i kunsthistorie.

Relevans for arbeidsliv

 Bachelorstudiet i kunsthistorie gir kompetanse for arbeid med til dømes:

  • kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar
  • kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet
  • kulturminneforvaltning, kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan
  • undervisning i ulike samanhangar

 

 

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

40

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

.

Læringsutbyte

Etter oppnådd bachelorgrad skal studentane

  • ha brei kunnskap om visuell kultur og kunst frå antikken og fram til i dag.
  • ha kompetanse i å handsame teoretiske problem i omgangen med ulike visuelle uttrykk med konkrete døme frå historie og samtid.
  • Kunne skrive analytiske tekster med utgangspunkt i regler og normer for akademisk skriving
  • Kunne utvise ferdigheiter i analytisk refleksjon og fagleg formidling knytt til visuelt materiale.
  • Vere godt førebudde til fagleg, akademiske arbeid på masternivå.

.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i kunsthistorie. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Under ser du eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. N

 

Semester Innhald Studiepoeng

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum 30

2. semester Spesialisering i kunsthistorie 30

3. semester Spesialisering i kunsthistorie 30

4. semester Spesialisering i kunsthistorie 30

5. semester Valfrie emne 30

6. semester Valfrie emne 30

Meir informasjon

Studiekode

184475

BAHF-KUN/Bachelorprogram i kunsthistorie
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne:
-EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving
EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6
Spesialisering i kunsthistorie (krav: 90 SP)
Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa og programmet: KUN121, KUN122, KUN123, KUN124 og KUN201. Studenten må dessutan velje eitt av desse emna: KUN252, KUN253, KUN254, KUN255, KUN256, KUN257, KUN258 eller KUN259.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN121 Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (ca. 600 f.Kr.-1400) 15 1-12
KUN122 Kunst og arkitektur i tidleg nytid (1400-1750) 15 1-12
KUN123 Biletkunst, arkitektur og visuell kultur i nyare tid (1750-1900) 15 1-12
KUN124 Kunst og arkitektur - moderne tid og samtid (1900-i dag) 15 1-12
KUN201 Kunstteori, estetikk og historiografi 15 1-12
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KUN252 Fotografiet sin teori og historie med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN253 Antikken og den klassiske tradisjon med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN254 Moderne og samtidskunst med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN255 Arkitektur og bygningsvern med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN256 Områdestudium med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN257 Økologi og naturhistorie som visuell kultur med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN258 Visuell retorikk med bacheloroppgåve 15 1-12
KUN259 Kunsthistorisk særemne med bacheloroppgåve 15 1-12
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 1/2 semester - 15 stp - -
Utveksling 2 semester - -