Når eg skal i retten /  Den krenka / 

Den krenka

Den krenka (”fornærma”) blir brukt om den som er blitt skadelidande ved den straffbare handlinga. Den krenka kan vere både personar og ulike føretak og foreiningar.

Under rettsmøtene har den krenka stilling som vitne i saka, med dei rettar og plikter som gjeld for vitne.

Ingen kan vere dommar i ei sak der han eller ho sjølv er krenka ved den straffbare handlinga, eller står i nært forhold til den krenka ved slekt, svogerskap, venskap eller liknande. Dei nærmare reglane om habilitet er å finne i Domstollova §§ 106 til 108.

I nokre alvorlege straffesaker blir det oppnemnt bistandsadvokat for den krenka i saka for det offentlege si rekning. Bistandsadvokaten skal ivareta den krenka sine interesser i samband med etterforsking i saka og under forhandlingane i retten, og advokaten har rett til å vere til stades ved politiavhøyr og under hovudforhandlingane. Bistandsadvokaten har rett til å stille spørsmål til den krenka, og har elles rett til å protestere mot spørsmål som ikkje vedkjem saka eller som er stilt på ein utilbørleg måte. Det er og vanleg at bistandsadvokaten fremja krav om oppreising/erstatning på vegne av den krenka.