Denne rettleiinga skal gi deg, som ikkje ønskjer å bruke ein advokat men vere sjølvprosederande i ei sivil sak, ein oversikt over korleis ei hovudforhandling blir gjennomført. Med hovudforhandling meiner ein sjølve rettsmøtet som blir leia av ein dommar og der partane møter kvarandre. Meir om gangen før i rettssaka kan du lese om under punktane "sivil sak" eller "straffesak”.
Det er eit grunnleggande prinsipp i norsk rett at partane i hovudsak skal vite kva argument som vil bli brukt mot ein sjølv, og at ein på denne måten kan førebu ei sak på best mogeleg måte. For at hovudforhandlinga skal kunne gjennomførast utan å forsinke saka er det eit vilkår at partane har gjort greie for krava/merknadene sine og bevisa før rettsmøtet startar. Denne informasjonen minner derfor om kva du skal gjere for at saka frå di side skal vere ferdig førebudd.
Når tida er inne for å halde hovudforhandling er det eit vilkår at saka gjennom dei skriftlege førebuingane er tilrettelagt slik at hovudforhandlinga kan gjennomførast utan utsetjingar. For deg som fører di eiga sak, betyr dette at du gjennom førebuingane skal ha klargjort:
(a) kva krav du har eller kva merknader du har mot saksøkar sine krav,
(b) kva bevis, i form av vitne eller dokumentasjon, som vil bli ført til støtte for merknadene.
Når det gjeld dokumentbevis er det viktig at desse blir lagt fram alt under førebuingane. Dokumentbevis som blir lagt fram først under hovudforhandlinga, kan bli nekta lagt fram, eller føre til at saka må utsetjast.
Hovudforhandlinga
1) Dommaren har plikt til å rettleie deg gjennom hovudforhandlinga. Han/ho vil og hjelpe deg med å få klargjort den rettlege argumentasjonen din samt utforma ein påstand (sjå avsnitt 2), men dommaren vil ikkje kunne hjelpe deg med å argumentere for saka di. Det er derfor du som har hovudansvaret for at saka di blir belyst på best mogeleg måte.
2) Hovudforhandlinga startar med at dommaren presenterer seg sjølv, partane, eventuelle advokatar og den saka som skal behandlast. Deretter vil saksøkar få ordet til å gjere greie for faktum i saka slik saksøkar ser dette. Dei dokumentbevisa ein krev, må lesast opp og det vil bli gjort greie for kva eventuelle vitne skal forklare seg om. Dessutan vil saksøkarsida kort nemne kva rettsreglar som vil nyttast og det faktum som fører til at dei skal gjelde. Heilt til slutt vil saksøkarsida legge ned ein påstand i saka, det vil sei ei kortfatta begjæring til retten om i kva retning det skal avseiast dom.
3) Etter at saksøkarsida er ferdig vil saksøkte få ordet til å gjere greie for faktum slik han ser det, under dette lese opp dokumentbevis og gjere greie for kva eventuelle vitne skal forklare seg om. I saksøkte sin gjennomgang av faktum er det tilstrekkeleg at det blir gjort greie fors for dei delar av faktum som saksøkte er usamd med motparten i, samt eventuelle sider av faktum som saksøkarsida ikkje var inne på. Liksom saksøkarsida bør og saksøkte legge ned ein påstand.
4) Som sjølvprosederande blir du oppfordra til å følgje nøye med på innleiingsforedraget til motparten og kanskje notere deg kva delar av faktum du er usamd i. Etter innleiingsforedraga skal partane forklare seg. Først vil saksøker forklare seg og vanlegvis svare på spørsmål frå advokaten sin. Saksøkte eller hans advokat vil og få anledning til å stille spørsmål. Tilsvarande vil saksøkarsida stille spørsmål til saksøkte etter at han er ferdig med den innleiande forklaringa. Dommaren vil og stille spørsmål til begge partar.
5) Partsforklaringane føl av vitneforklaringane, der saksøkar sine vitne forklarar seg først og på spørsmål frå saksøkarsida. Saksøkte vil få høve til å stille spørsmål til saksøkar sine vitne. Saksøkte sine vitne får saksøkte sjølv spørje ut først. Dommaren vil og stille spørsmål til vitna.
6) Hovudforhandlinga blir runda av med prosedyrar, først saksøkarsida og deretter saksøkte. I den første delen av prosedyren skal det argumenterast for dei faktum ein meiner retten skal legge til grunn. Dersom ein har synspunkt på korleis dei aktuelle rettsreglane skal bli forstått, skal dette presenterast i andre del av prosedyren saman med dei delar av faktum som skal underbygge retten sitt resultat.
7) Dersom saksøkarsida har kommentarar til saksøkte sin prosedyre, vil han få ordet til replikk. I så fall vil saksøkte få ordet til å kommentere det som saksøkarsida seier.
8) Ved avslutning av hovudforhandlinga vil gjerne dommaren opplyse om når dom vil bli gitt.