Tolke i retten
Stadig fleire saker som går for norske domstolar, har ein eller fleire minoritetsspråklege aktørar. Dette kan til dømes vere den tiltala i ei straffesak, vitne eller sakkunnige. For å få til riktig saksbehandling i retten, må ein derfor bruke tolkar der dette er nødvendig. Tolkane skal som hovudregel oppnemnast av retten. I straffesaker og sivile saker med fri saksførsel blir utgiftene dekt av det offentlege.
Tolking i retten kan gjennomførast på fleire måtar. Til dømes kan tolkane sitje i eit eige tolkerom og direkte oversetje det som blir sagt i retten. Dersom den tiltala i ei straffesak ikkje forstår norsk, vil han/ho då høyre på tolken si oversetjing ved hjelp av høyretelefonar. Tolken kan elles og stå ved sida av til dømes vitnet som forklarar seg. Dersom vitnet ikkje snakkar norsk, snakkar vedkomande på tolkespråket før tolken etterpå overset setningen til norsk.
For å kunne arbeide som tolk i ein domstol må ein ha dei nødvendige kvalifikasjonane. Domstolen vil heile tida søkje å finne tolkar med dei beste kvalifikasjonane på det aktuelle språket og dei bruker i dag sitt eige tolkeregister ved valg av tolk. Registeret inneheld oversikt over tilgjengelege tolkar og deira kvalifikasjonar. Personar som ønsker oppdrag i domstolane kan registrere seg ved bruk av skjema her. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har oppretta eit nasjonalt tolkeregister som etter kvart vil bli tatt i bruk ved val av tolk.
Du kan lese meir om tolking og korleis ein kan registrere seg i nasjonalt tolkeregister på Tolkeportalen
Vi oppfordrar og alle som ønskjer å tolke i retten å søkje utdanningstilbod på dette feltet. Hugs at tolkar med tolkefagleg utdanning blir prioritert høgare for oppdrag enn tolkar utan slik utdanning. For meir informasjon om dei du kan kontakte, sjå sida på bokmål.