Barnefordelingssaker
Foreldre som er usamde om:
- foreldreansvar
- kven barnet skal bu fast hos, og/eller
- samvær
kan bringe saka inn for retten ved å bruke skjemaet for stevning. Den av foreldra som skal svare på ei stevning, kan gjere det ved å fylle ut skjemaet for tilsvar. Rettleiing til utfyllinga finn du bakerst i kvart skjema.
Formålet med skjema er først og fremst å gjere det lettare for foreldre som ikkje har advokat, å bringe ei sak inn for domstolane ved søksmål, eller eventuelt å svare på eit søksmål. Det er imidlertid ikkje noko i vegen for at advokatar og kan bruke skjemaene.
Før ein kan reise ei slik sak må foreldra ha gjennomført mekling. Alle familievernkontor tilbyr mekling. Nokre prestar, advokatar, psykologar eller fagpersonar tilsett i offentleg helse- og sosialinstans eller PPT kan vere godkjente meklarar. Du kan vende deg til fylkesmannen for å få opplyst kor du finn nærmaste meklar.
Dersom du treng hjelp til utfylling av eit skjema, kan du vende deg til den lokale domstolen din eller den domstolen som skal behandle saka. Vidare kan du sjå på bestemmelsane i barnelova vedrørande foreldreansvaret og kor barnet skal bu fast (kapittel 5), samt samværsrett m.m. (kapittel 6).