Når eg skal i retten /  Lekdommar / 

Lekdommar

Kvifor dømmer lekdommarar i straffesaker?
Eit alminneleg rettsprinsipp er at ein skal dømast av sine likemenn. Lekfolk spelar derfor ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Det vert sett på som ein garanti for rettstryggleiken at borgarane har medverknad og kan uttrykke rettsoppfatninga si ved å dømme i straffesaker.

Både i tingretten og i lagmannsretten deltar lekdommarar ved behandling av straffesaker. Ein lekdommar vert kalla enten meddommar eller lagrettemedlem. Meddommarar deltar på lik linje med fagdommarane, og skal både vurdere om tiltalte er skuldig og kva straff han eller ho eventuelt skal få. I avgjerda tel stemmene til meddommarane like mykje som fagdommarane sine stemmer. Når lagmannsretten behandlar dei mest alvorlege straffesakene, vil skuldspørsmålet i dei fleste høve bli avgjort av ti lekdommarar, lagretten (og kalla ”jury”).
 
Korleis blir lekdommarar valde?
For kvar tingrett skal det vera to utval av lekfolk, eit for kvinner og eit for menn, som meddommarane vert trekte frå. For lagmannsrettane er det og eit utval for kvart kjønn. Frå desse utvala vert både meddommarar og lagrettemedlemmer trekte.
Lekdommarar er folkevalte. Dei vert valde av kommune- eller bystyret, og valperioden er fire år.

Domstolslova stiller krav til kven som kan veljast til lekdommarar
Blant anna må du ha fylt 18 år, ha stemmerett og kunne veljast til kommunestyret. Du må vera norsk eller nordisk statsborgar eller vera innført i norsk folkeregister som busett i Noreg dei siste tre åra.

Det er og eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare vert det stilt krav til at lekdommarane er lovlydige. Den som har site i fengsel i løpet av dei siste ti åra, kan ikkje veljast. Det same gjeld den som er blitt dømt til fengselsstraff utan vilkår dei siste fem åra før valperioden.

Nokre yrkesgrupper kan ikkje veljast som lekdommarar. Desse er:
• Stortingsrepresentantar og vararepresentantar
• Statsrådar
• Personar frå styresmaktene
• Embetsmenn i dømmande stilling
• Tenestemenn ved påtalemakta, politiet og fengsla
• Prestar i statskyrkja og prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn
• Praktiserande advokatar

Nokon har og rett til å krevje seg fritatt for val. Dette gjeld bl a:
• Praktiserande legar og jordmødre
• Faste losar
• Dei som har fylt 65 år
Lekdommarane til kvar enkelt sak blir trekte tilfeldig frå utvalet. Det skal vera like mange av kvart kjønn.

Har eg møteplikt?
Alle som står i utvalet over lekdommarar, og som blir trekt ut til å gjera teneste i ei sak, har møteplikt. Denne plikta gjeld med mindre du klart blir fritatt.
Dersom du vil bli fritatt frå å møte i ei sak, må du sende ein skriftleg søknad til domstolen snarast etter at innkallinga har kome i posten. Du må vedlegge dokumentasjon på fritaksgrunnen, til dømes legeerklæring, erklæring frå arbeidsgjevar eller liknande.

Kva fritaksgrunnar gjeld?
Lovleg forfall
Dersom du har lovleg forfall, kan du fritakast frå å møte. Du kan ha lovleg
forfall dersom oppmøte fører til at det er fare for helse eller velferd, eller viktige oppgåver og plikter vil forsømast. Som lovleg forfall kan og godtakast særleg lang reisetid eller reiseavstand mellom bustad og domstol. Den som er medlem av fylkesting, gjer teneste i militæret eller teneste ved høgare domstol, har og lovleg forfall. Andre offentlege verv gir som hovudregel ikkje lovleg forfallsgrunn.

Særleg om helse
Dersom den som vert innkalla er mentalt eller fysisk svekka (t.d. har svært dårleg hørsel eller syn) og derfor er ute av stand til å utføre oppgåva på ein god måte, må det meldast frå til retten om det. Dersom ein ikkje sjølv er i stand til å melde frå, bør dei pårørande gjere det. Du må levere legeerklæring, og domstolen vil så ta stilling til om du har lovleg forfall.

Fritak i domssoknet
Har du flytta frå domssoknet, må du melde frå til domstolen og legge ved dokumentasjon frå folkeregisteret. Du vil då bli sletta frå utvalet. Flytting mellom kommunane i domssoknet må og meldast til domstolen.

Når er eg inhabil?
Dersom du er i nær slekt eller nær familie med partane, er du inhabil og kan ikkje dømme i saka. Det same gjeld dersom du sjølv har direkte interesser i saka. Du kan og vere inhabil dersom du elles på ein eller annen måte har ei tilknyting til partane eller saka som kan påverke avgjerda di. Dersom du ser at du er inhabil når du får innkallinga, må du straks melde frå til domstolen. Det kan og hende at du først oppdagar at du er inhabil når du møter i retten. For slike situasjonar har domstolen oppnemnt varnmedlemmer som kan tilkallast i din stad.

Får eg betalt for å møte?
Lekdommarar i dei alminnelege utvala får for tida 250 kroner for kvar dag som går med til å møte i retten. Den som vert trekt i lønn av arbeidsgjevar, har krav på å få tapet dekka. Det må då leggast fram ein attest frå arbeidsgjevar som klart viser kva sum som skal trekkast. Du vil då ikkje få den særskilte godtgjeringa.

Sjølvstendig næringsdrivande får og dekka tapt arbeidsforteneste, normalt berekna etter gjennomsnittleg tap pr dag. Du fyller ut eit særskilt skjema (søknad om erstatning for tapt arbeidsforteneste) når du kjem til domstolen. Du har og krav på skyssgodtgjering etter statens regulativ. Vanlegvis er det berre utgifter til rutegåande transportmidlar som vert dekte.

Oppgåvene mine som lekdommar i tingretten
I tingretten tar du del i alle spørsmål som må avgjerast under hovudforhandling og etter at saka vert tatt opp til doms, på lik linje med fagdommaren. Det er vanlegvis to meddommarar og ein fagdommar.

Første gong du skal gjere teneste som meddommar må du gi ei forsikring. Dette skjer umiddelbart etter at retten er satt. Du forsikrar at du etter beste evne vil dømme etter lova og bevisa i saken. Det er fagdommaren si oppgåve å gjere deg kjent med korleis rettsreglene er å forstå. Det er berre det som kjem fram under hovudforhandlinga som kan danne grunnlag for rettens si avgjerd. Kva du har sett eller høyrt, til dømes i media, kan du ikkje ta omsyn til.

Under rettssaka kan du ikkje drøfte saka med andre enn rettens formann. Du kan altså ikkje uttale deg til aktor, forsvarar, tiltalte eller vitne, eller til journalistar som følgjer saka. Det gjeld og etter at saka er avslutta. Under hovudforhandlinga kan du stille spørsmål til aktor, forsvarer, tiltalte og vitne. Men du bør først vende deg til rettens formann.

Skuld- og straffespørsmålet
Avgjerda i ei straffesak kan inndelast i to ledd. Først tar retten stilling til skuldspørsmålet. Vanlegvis blir det kravd at tiltalte må ha handla med vitande vilje (forsett), men for domfelling for brot av noko straffbart, held det tilstrekkelig at tiltalte har handla i vanvare. Det er påtalemakta som skal bevise at tiltalte er skuldig. Dersom retten ikkje er overbevist om dette, skal tiltalte frifinnast. Dersom ein finn tiltalte skuldig, skal retten så ta stilling til spørsmålet om straff.

Oppgåvene mine som lagrettemedlem i lagmannsretten
Lagmannsretten behandlar anke over straffedommar avgjort i tingrettane. Når lagmannsretten behandlar skuldspørsmålet i straffesak med strafferamme på meir enn seks års fengsel, vert retten sett med tre fagdommarar. I tillegg er det ti lekdommarar som utgjer lagretten. Lagretten tar berre stilling til om tiltalte er skuldig eller ikkje etter tiltalen. Lagretten skal ikkje ta stilling til spørsmålet om straff. Lagrettens ordførar vert valt av og blant de ti medlemmene av lagretten.

Når rettsforhandlingane er over, trekker lagretten seg tilbake i einerom for å rådslå. Før lagretten trekker seg tilbake gir rettens formann ein utgreiing om saka, mellom anna for dei rettsspørsmål som saka reiser. Lagretten er bunden av rettsformannen sitt syn på korleis rettsreglene skal bli forstått.

Under dei lukka forhandlingane kan lagretten berre ta kontakt med rettens formann. Han kan heller ikkje vere til stade når lagretten drøfter saka. Kvar einskilt lagrettemedlem stemmer etter tur ja eller nei på spørsmåla om tiltalte er skuldig eller ikkje etter tiltalen.

Minst sju av medlemmene må stemme ja for at lagretten kan svare ”ja” på kvart av spørsmål. Rådslagninga og stemmegivinga i lagretten er hemmeleg, og det vert heller ikkje gitt ei grunngjeving for svara. Når lagretten har kome tilbake i rettssalen, les ordføraren opp kvart einskilt spørsmål og så lagretten sitt svar.

Dei juridiske dommarane kan sette lagretten si avgjerd til side og bestemme at saka skal behandlast på nytt dersom tiltalte er kjent skuldig, men fagdommarane meiner at det ikkje er ført tilstrekkelige bevis for dette. Har lagretten svara nei på skuldspørsmålet, kan fagdommarane setje avgjerda til side dersom dei einstemmig finn at han utan tvil er skuldig. Vert lagretten si avgjerd sett til side, skal saka behandlast på nytt, men då som meddomsrett.

Dersom tiltalte er kjent skuldig og avgjerda er godtatt av retten, skal spørsmålet om straff avgjerast. Då deltar fire av lagrettens medlemmer (ordføraren og tre til) saman med fagdommarane. Dei tre vert tatt ut ved loddtrekning.

Oppgåvene mine som meddommar i lagmannsretten
I visse andre straffesaker enn lagrettesaker deltar og lekdommarar. I dei sakene der strafferamma er fengsel i inntil seks år, og der retten skal ta stilling til om tiltalte er skuldig, deltar fire meddommarar, to av kvart kjønn, saman med tre fagdommarar. Det same gjeld i straffesaker med strafferamme over seks år når det berre er straffutmålinga som skal prøvast. Oppgåvene er dei same som for meddommar i tingretten.

Kor kan eg få meir informasjon?
Det er laga ein informasjonsfilm om meddommarane sine plikter og rettar. Kontakt domstolen i distriktet ditt og spør om du kan få sjå denne filmen.

Reglene om val av meddommarar og lagrettemedlemmer finn du i domstolslova kapittel 4. Reglane om uttak til kvar einskilt sak m. v. står i kapittel 5. Reglar om lagretten sine oppgåver i straffesaker finner du i straffeprosesslova kapittel 24.