Når eg skal i retten /  Tiltalt eller siktet / 

Tiltalt eller siktet

Tiltalt / Sikta 
Etterforskinga i ei straffesak startar ofte med at ein person får status som mistenkt i saka. Dette er ikkje ein formell status som gir den mistenkte større rettar enn før han blei mistenkt.

Ein person som er mistenkt for å ha gjort lovbrot kan få ein juridisk status som sikta på ulike tidspunkt under etterforskinga av ei straffesak (til dømes får alle som blir varetektsfengsla status som sikta). I følgje straffeprosesslova § 82 får ein mistenkt status som sikta når ”påtalemyndigheten har erklært ham for siktet eller når forfølgning mot ham er innledet ved retten eller det er besluttet eller foretatt pågripelse, ransaking, beslag eller liknende forholdsregler rettet mot ham”.

Siktinga kan trekkast under etterforskinga slik at personen ikkje blir rekna som sikta ved avslutta etterforsking. Ein mistenkt får ikkje status som sikta når det blir gjennomført hemmeleg etterforsking som til dømes kommunikasjonskontroll mot vedkomande.

Når etterforskinga av ei sak er ferdig, tar politiet ut tiltale i dei sakene der dei meiner den sikta skal dømast for den handlinga han er sikta for. Personen får då status som tiltalt i saka.

Status som sikta og tiltalt gir i mange tilfelle rett til forsvarar på det offentlege sin kostnad. I tillegg har sikta og tiltalt større rett til innsyn i dokumenta i saka.

Meir informasjon om ein tiltalt og sikta sine rettar i ei straffesak finn du på Justisdepartementet sine nettsider.