Straffesaker i tingretten
Straffesaker i tingretten blir avgjort anten ved tilståingsdom (før 2003 kalla "i forhørsrett") eller i meddomsrett. Før saka kjem opp i meddomsrett, kan tingretten avseie dom, avseie kjenning i fengslingssaker og avgjere kva politiet kan foreta seg under etterforskinga.
Ein "vanleg" straffesak i tingretten blir behandla i meddomsrett. Då deltar det alltid minst to meddommarar i tillegg til fagdommaren.
Einedommarsaker
Under etterforskninga kan det vere nødvendig for påtalemakta å gå til retten for å få fullmakt til å bruke ulike tvangsmidlar. Slike saker blir avgjort av ein dommar aleine.
Eit aktuelt tvangsmiddel er varetektsfengsling. Reglane for varetekt er strenge. For at den sikta skal bli varetektsfengsla, må det vere skjellig grunn til å mistenke han eller henne for ei handling som kan medføre fengsel i meir enn seks månader. "Skjellig grunn" betyr at det må vere meir sannsynleg at den sikta har gjort det han blir skulda for for, enn det motsette.
I tillegg må minst ein av desse fire grunnene vere til stades:
· Fare for at han rømmer og ikkje møter til rettssaka.
· Fare for at han øydelegg bevis, truar vitne eller tilpassar forklaringa si til andre si forklaring.
· Sterk fare for repetere straffbare handlingar.
· Den sikta ber sjølv om å bli fengsla.
Varetekt kan ikkje bli brukt dersom dette vil stå i misforhold til det den sikta er mistenkt for. Derfor skal ikkje varetekt bli brukt i mindre alvorlige saker. Dommaren skal alltid vurdere om fengslinga representerer eit urimeleg inngrep ovafor den sikta, og om andre tiltak enn fengsling kan bli brukt. Det er utvida tilgang til varetekt i saker der strafferamma er ti år eller meir og det og er sikre bevis for at den sikta er skuldig.
Det er politiet som framstiller den sikta for dommaren. I fengslingsmøtet møter aktor, og den sikta skal alltid ha forsvarar til stade.
Andre tvangsmiddel under etterforskinga er ransaking eller å ta beslag i gjenstandar. Politiet kan og ha behov for å gjennomgå post, telefonutskrifter eller kontrollere annan telekommunikasjon som ledd i etterforskinga. I visse tilfelle kan andre virkemiddel, som til dømes telefonavlytting, nyttast. Det skjer berre når tingretten godkjenner det.
I tillegg blir tilståingssaker behandla av ein dommar aleine. For å få ein tilståingsdom må den sikta gi en uforbehalden tilståing, og bevisa i saka må underbygge tilståinga. Videre må strafferamma ikkje vere over ti år, og den sikta må gi sitt samtykke til at forhøyrsretten dømmer i saka. Dette er ein enkel måte å få avgjort saka på.
Meddomsrett
Ordinære straffesaker, der både skuld og straff skal blir avgjort, blir sett som meddomsrett. Då består retten av ein fagdommar og to meddommarar. Meddommarane blir trekt ut til kvar sak frå eit utval av personar som er oppnemnt av bystyret eller kommunestyret for fire år av gongen.
I saker om lovbrot der strafferamma er fengsel i meir enn seks år, kan retten setjast med to fagdommarar og tre meddommarar. Dette bli kalla forsterka rett. Ei vanleg straffesak startar normalt med at påtalemakta tar ut tiltale. Saka blir deretter sendt til tingretten, som set av tid til rettsmøte.
Dersom den tiltala har krav på det, oppnemner retten ein forsvarar som blir betalt av det offentlege. Som regel vil den forsvararen den tiltala sjølv vel, bli oppnemnd. Uansett har ein tiltala alltid krav på å ha forsvarar til stade når ei sak skal behandlast, både ved avhør hos politiet og i domstolane.
Slik blir straffesaka behandla
Rettsmøtet der straffesaka blir behandla, blir kalla hovudforhandling. Den startar med at påtalemakta sin representant (aktor) får ordet til eit innleiingsforedrag. Aktor gir ei kort utgreiing for saka og dei bevisa som vil bli ført. Deretter kan forsvararen få ordet til korte merknader.
Den tiltala gir så forklaring dersom han ønskjer det, men han har etter lova ingen plikt til dette. Dei aller fleste vel å forklare seg. Rettsformannen (fagdommaren) stiller normalt først spørsmål til den tiltala, deretter får aktor og forsvarar ordet. Vitne forklarar seg etter at den tiltala har gitt forklaring. Vitna må først gi ei forsikring om at dei vil snakke sant. Det kan og leggjast fram andre bevis, til dømes dokument eller gjenstandar.
I prosedyren oppsummerar aktor og forsvarar saka, korleis dei meiner bevisa bør bli forstått, kva løysning rettsreglane gir, og kva utfall saka bør få. Aktor legg ned påstand om kva straff den tiltala bør bli gitt om han blir kjent skuldig. Dersom aktor meiner bevisa ikkje held til domfelling, har ho plikt til å legge ned påstand om frifinning. Forsvararen vil på si side legge ned påstand om frifinning eller at den tiltala blir behandla på mildaste måte.
Aktor og forsvarar har anledning til å få ordet ein siste gong, før rettsformannen avsluttar forhandlingane og saka blir tatt opp til doms.
I den etterfølgjande domskonferansen bestemmer og grunngjev ein utfallet. På dette møtet er berre dommaren til stade, og diskusjonane er konfidensielle. Eit grunnleggande prinsipp er at all rimelig og fornuftig tvil skal kome den tiltala til gode. Det er altså ikkje nok at dommaren trur noko kan ha skjedd. Dommaren skal vere heilt overbevist for å finne den tiltala skuldig. Avgjerda blir treft ved vanleg fleirtal, og kvar stemme tel likt.
Dersom dommaren meiner den tiltala er skuldig må dei og ta stilling til kva straff den tiltala bør dømmast til. Like høve skal behandlast likt, og dommaren tar derfor omsyn til det straffenivået Høyesterett har lagt seg på i liknande saker. Straffa har som siktemål å hindre at den som blir dømd gjer nye lovbrot. Dette blir omtala som individualpreventive omsyn ved straffutmålinga. Straffa skal og virke avskrekkande på andre. Dette blir omtala som allmennpreventive omsyn.
Saka skal avgjerast på grunnlag av det dommaren får vite om saka i runder hovedforhandlinga. Ein kan ikkje bygge på annan kunnskap om saka.
Fagdommaren skriv dommen, som må underskrivast av alle dommarane. Den blir deretter lest opp for den tiltala i eit rettsmøte same eller neste dag, eller forkynt på annan måte.
Anke og kjæremål
Den som ikkje aksepterer domsresultatet i ei straffesak som blir avgjort av tingretten, kan anke saka til lagmannsretten. Dette er ei ordning som skal gi den tiltala større rettssikkerheit. Anken skal sendast til påtalemakta eller til den tingretten som har tatt avgjerda. Påtalemakta kan og anke til fordel for tiltalte.
Anken må framsetjast seinast to veker etter at dommen er forkynt. Kjenningar og visse avgjerder som retten tar, og som ikkje er dommar, kan og leggjast fram for lagmannsretten. Då blir det kalla kjæremål.
Les meir om bevis, lov, strafferamme.