De sivile sakene i tingrettene omfattar ei rekke ulike sakstypar, som familiesaker og nabotvistar, erstatningssaker, overprøving av forvaltningsvedtak og tvistar i arbeids- og forretningsforhold.
Ei sivil sak startar som regel med mekling i forliksrådet (lenke). Den som reiser saka (saksøkar), må sende inn ei klage til forliksrådet (forliksklage). Forliksrådet innkallar deretter partane til eit rettsmøte. Dersom partane ikkje blir samde, kan forliksrådet i mange tilfelle gi dom. Denne dommen kan ankast til tingretten. Dersom forliksrådet ikkje gir dom, blir saka vist vidare til tingretten. I ein del tilfelle (hvilke) kan ein unngå mekling i forliksrådet.
Dersom ein vil gå vidare med saka, må den bringast inn for tingretten seinest eitt år etter behandlinga i forliksrådet. Dersom forliksrådet har avsagt dom, må saka ankast innan ankefristen går ut. Ei sak blir brakt inn for retten ved at ein tar ut stevning. Dette gjeld og for ankesakene. I dei fleste sakene må ein betale gebyr for å få saka behandla. Nokre saker er fritatt for gebyr (sjå rettsgebyrlova § 10). Det gjeld mellom anna saker om barnefordeling, farskapssaker, visse saker etter husleielova og stillingsvernssaker reist av arbeidstakar.
Saksøkaren kan be ein advokat sette opp stevning. Retten har og plikt til å hjelpe saksøkar med å sette opp stevning. Det er bestemte krav til korleis ei stevning skal utformast. Stevninga må avsluttast med ein nøyaktig påstand om det saksøkaren ønskjer dom for.
Etter at stevninga har kome inn til retten, undersøker dommaren om den oppfyller krava i lova. Stevninga blir deretter sendt til den som er saksøkt. Han får ein frist til å svare på den, vanlegvis tre veker. Dersom den saksøkte ikkje godtar dei krava saksøkaren har kome med, må han gi uttrykk for dette i svaret, som blir kalla tilsvar. Tilsvaret bør og avsluttast med ein påstand, til dømes krav om frifinning. Dersom saksøkte ikkje kjem med tilsvar innan fristen, kan saksøkaren ha krav på at retten gir dom i samsvar med påstanden hans. Dette blir kalla utebliingsdom.
Når tilsvaret har kome inn, fastsett retten tid for ein munnleg behandling av saka. Dette rettsmøtet blir kalla hovudforhandling. Før hovudforhandlinga utvekslar partane ofte fleire brev. Desse blir kalla prosesskrift.
I saker om formuesverdiar der tvistegjenstanden ikkje overstig 20 000 kroner, kan saka underleggast reglar om forenkla rettargang. Det same kan skje dersom begge partar er samde om det.
Kva skjer i rettsmøtet?
Saka blir behandla i eit møte der partane, advokatane og dommaren er til stades. I sivile saker er det som regel berre ein dommar som utgjer retten; fagdommaren. Men partane kan kreve at retten setjast med meddommarar. Dersom det er nødvendig med særleg innsikt på eit fagfelt, kan retten setjast med to fagkunnige meddommarar. I nokre typar saker skal det vere fagkunnige meddommarar.
Først gjer saksøkaren sin advokat greie for saka og for dei bevisa som vil bli ført. Innleiingsforedraget avsluttast med ein påstand. Påstanden skal beskrive det parten ønskjer at domsresultatet skal bli. Deretter får motparten sin advokat ordet, og avsluttar med ein påstand.
Før partane etter tur gir forklaring, må dei gi ei forsikring om at dei vil snakke sant. Partsforklaringa blir oftast gjennomført slik at rettsformann stiller spørsmål, så parten sin eigen advokat, og til slutt motparten sin advokat. Etter dette gir vitna forklaring. Vitna må og vanlegvis gi forsikring før dei forklarar seg. Det kan og legjast fram andre bevis, til dømes dokument eller gjenstandar.
Advokatane får ordet til sluttinnlegg. Dette blir kalla prosedyre. Då oppsummerer dei saka slik dei ser den, korleis ein bør forstå bevisa og kva løysing dei meiner rettsreglane gir. Dei har høve til å få ordet ein siste gong til korte merknader.
Dommaren avsluttar så forhandlingane og saka blir tatt opp til doms.
Når dommen er underskriven, blir den sendt til partane, som må bekrefte skriftleg at dei har mottatt den.
Anke i sivile saker
Den som heilt eller delvis taper saka, kan anke dommen til lagmannsretten. Dersom den gjeld verdiar under 50 000 kroner, må lagmannsretten samtykke i ankebehandling. Med unntak av familiesaker handlar dei aller fleste sivile sakene om materielle verdiar. Anken blir sendt til den tingretten som har tatt avgjerda. I visse høve kan anken fremmast direkte for Høyesterett.